DiscoverRadio Sunnmøre
Radio Sunnmøre
Claim Ownership

Radio Sunnmøre

Author: radiosunnmore

Subscribed: 10Played: 172
Share

Description

Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
3066 Episodes
Reverse
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. På grunn av sjukdom må Marit og Jarle Berland avlyse dei neste møtevekene, men det er ikkje til hinder for å samlast til møteveke på dei stadane dei skulle ha møtt. Stokken Berland er imponert over alle eldsjelene som er rundt om i landet vårt og i kvardagspraten denne veka tek vi ein prat om alle dei.
I starten av mars var nokre elevar frå Vestborg vidaregåande på Stranda, saman med lærar Lars Johan Stokken, på rekogniseringstur til prøve-VM i Falun. Heile skulen skal vere med under VM i 2027 som frivillege, og denne veka har dei fått opplæring og innsikt i arbeidet dei skal gjere. Vi tok ein prat med lærar Lars Johan Stokken og dei to elevane Leander Nygaard og David Lundanes om det det har fått og skal få oppleve.
Ein gong i månaden møtast ein god gjeng i kjellaren på Valderøy bedehus. Fyrste tysdag i mars var Radio Sunnmøre invitert til å dele om arbeidet og dele ei andakt. Anbjørn Walderhaug var med og song for dei frammøtte, og i etterkant av samlinga fekk vi ein prat med han om samlinga i bedehuskjellaren.
I Ord til ettertanke denne veka er det Peder Almedal som delar sine tankar rundt tekstane i Lukas 5. Følg meg er overskrifta for andaktene og det handlar om Peter sitt kall å bli ein menneskefiskar. Vi får i eit intervju med Almedal høyre litt frå då han fyrste gong vart spurt om å reise som forkynnar, og korleis live la seg vidare for han gjennom arbeidslivet som ingeniør og no som forkynnar. Høyr heile samtalen med Peder Almedal.
Ord til ettertanke av Peder Almedal
Ord til ettertanke av Peder Almedal
Ord til ettertanke av Peder Almedal
Ord til ettertanke av Peder Almedal.
Ord til ettertanke av Peder Almedal
I påska kjem Norwegian Gospel Voices på sunnmørsturne. Ein konsert koret ynskjer å dele sterke forteljingar og songar om håp, forsoning og nytt liv. Vi har tatt ein prat med styreleiar Mathilde Sofie Gidske om koret og om konsertane. Dei skal halde konsert helga 10. -12. april på Valderøy bedehus, i Ulstein kyrkje og i Emblem bedehus. I dei to sistnevnte skal dei ha med seg Ulstein TenSing i Ulstein kyrkje og Aalesund gospelkor på Emblem bedehus.  Høyr heile intervjuet med Mathilde Sofie Gidske.
I Søndagens tekst for 8. mars handlar teksta om Jesu makt over onde ånder. Teksta er henta frå Lukas 11, 14-28 og i ein samtale med prost Karl Johan Bjørge samtalar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund om kva søndagens tekst handlar om. Det er Randi Fagerhol Lauvås som les teksta.
I 25 år har Jon Einar Sunde budd på Klepp i Rogaland. Han er opprinneleg frå Solevåg, og som han fortel i intervjuet Utflytta Sunnmøring, så har oppveksten på Sunnmøre gått i speider, bedehus og i fjellet. Vi har tatt ein lengre prat med Jon Einar Sunde i serien Utflytta Sunnmøring på Radio Sunnmøre.
Hausten 2025 kom Barne -, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) med ein veileder med forslag til nye råd til alle offentlege tilsette, inkludert lærarar, om korleis dei bør opptre i møte med kjønnsmangfald. KrF er kritiske til innhaldet i Bufdirs nye veileder om kjønnsmangfald. Før jul leverte KrF eit representantforslag om å skrote denne veilederen slik den er i dag, og dette kom det i forrige veke fram at Høgre ikkje ynskjer å støtte. Kjerstin Lianes Kjøndal er 1. vara til 2. nestleiar i KrF, og innstillt som fylkesleiar i Agder. Ho har fleire gongar tatt til orde for å skrote denne nye veilederen. -Du oppfordrast til eit språk der biologisk kjønn ikkje blir tatt hensyn til i det heile tatt, seier Lianes Kjøndal til Radio Sunnmøre. -Det anbefalast å heilt vekk i frå å nytte ord som gut og jente, seier ho. Dette meiner Lianes Kjøndal vil skape større usikkerheit blant barn og unge. Dersom Høgre hadde stemt for forslaget til KrF, hadde dei truleg fått fleirtal. Men Høgre vil ikkje stoppe den nye veilederen. Radio Sunnmøre har tatt ein lengre prat med Kjerstin Lianes Kjøndal om kva den nye veilederen handlar om, og om kvifor KrF ynskjer å stanse forslaget til ny veileder.
Kvardagspraten

Kvardagspraten

2026-03-0307:34

Denne veka er det Irene Krokeide Alnes som er gjest i Kvardagspraten. I eit ord for veka delar ho om at Jesus er verdas lys og håp. Det er krig i Midtausten medan vi på Sunnmøre har rolege dagar med gode møteveker og flotte turdagar. Kontrastar i verda, men med håp i trua. Vi tek også ein prat med Irene om dei nye planane til Bedehuskanalen om eit studio i Ålesund ein skal sende direkte i frå. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
Nyleg var Robert Tjomlid tilbake på gamle tomter i Kenya, saman med mamma. I eit intervju med Tjomlid får vi høyre då han frå han direkte frå Kenya, der han delar nokre glimt om korleis det er å vere tilbake der han vaks opp som misjonærbarn. Han og familien budde i fleire afrikanske land, men det siste landet dei budde i var i Kenya.
Tvillingbrørne Åge Grimstad og Magne Grimstad er i full gong med ny forestilling og innsamling til Kreftforeninga. Gjennom forestillinga Verda treng oss skal dei reise rundt og inspirere folk til at verda treng deg og det er ei meining for deg. Det var gjennom kreftsjukdom at ideen til forestillinga kom til. Torsdag 5. mars blir det forestilling i Fosnavåg konserthus, og innsamlinga går til Kreftforeninga. Tvillingbrødrene har planar om å reise rundt med denne forestillinga i år og har eit mål om å nå over ein million kroner. Høyr heile intervjuet med tvillingbrørne Åge og Magne Grimstad.
Torsdag var Radio Sunnmøre på besøk i Ørsta frikyrkje, der det var tverrkyrkjeleg formiddagstreff. Det er Den Norske Kyrkje, Ørsta Frikyrkje og Ørsta bedehus, som i samarbeid arrangerer formiddagstreffet ein gong i månaden. Denne veka var det Radio Sunnmøre som fekk kome på besøk og møte gjengen. Halldis Sæthre er trufast lyttar av Radio Sunnmøre, og då ho møtte opp fekk vi ein prat med henne. I tillegg fekk vi ein lengre prat med Roar Velle på formiddagstreffet, som kunne dele litt om kvifor han går på dette arrangementet og at han set pris på at ein kan samarbeide om kristent arbeid på ein stad som Ørsta. Høyr intervjuet med Roar Velle og Halldis Sæthre.
I 40 år har Elisabeth Levy budd i Jerusalem og arbeidd blandt messianske jødar. Til helga kjem ho til Sunnmøre og skal ha nokre temasamlingar på Blindheim bedehus og Emblem bedehus. Høyr intervjuet med Elisabeth Levy på Radio Sunnmøre.
Ord til ettertanke av Steffen Stensland
Ord til ettertanke av Steffen Stensland
loading
Comments