DiscoverSunnhordlandPodden
SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Author: Kjetil Fyllingen

Subscribed: 59Played: 1,499
Share

Description

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland.
Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv.
Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden?
Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no

Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
403 Episodes
Reverse
I denne episoden møter du Veronica Ivanov og Arna Vik Misje frå Internasjonal Kulturklubb (IKK) på Stord – ein organisasjon som heilt sidan 1989 har arbeidd for å skapa møteplassar der folk kan bli kjende, kjenna seg velkomne og høyra til.Du får høyra historia om korleis IKK starta, kvifor arbeidet betyr så mykje, og korleis klubben i dag byggjer bru mellom menneske gjennom språkkafé, internasjonal kafé, dansegruppe, matkurs, karneval og samarbeid med andre organisasjonar.Vi snakkar òg om:korleis det er å koma ny til Noregkvifor små initiativ kan bety så mykjekorleis vennskap og kjennskap gjer integrering lettareog kvifor dette arbeidet er viktigare enn nokon gong i ei uroleg verdDette er ein varm, klok og inspirerande prat om menneskemøte, inkludering og verdien av å sjå kvarandre.Sponsor: Subshore Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap.Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram.Og nettopp det treff ekstra godt i ein episode som denne.For det er jo nettopp dette Internasjonal Kulturklubb handlar om:å sjå kvarandreå skapa møteplassarå byggja fellesskap på tvers av kulturarSubshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje.Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg.Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina.Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.
Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo.Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet?Vi snakkar om samfunnsbygging, samvirke, solidaritet, kulturstøtte, fiberutbygging og framtidas kraftbehov – men òg om musikk, lokal stoltheit og kvifor gode opplevingar i fellesskap betyr så mykje. Ein varm og engasjerande jubileumsepisode om historie, identitet og framtidstru på Bømlo.Jubileumsfeiring i 2026I samband med 80-årsjubileet ønskjer Finnås Kraftlag å markera året saman med heile lokalsamfunnet. Søndag 7. juni inviterer dei til ein skikkeleg folkefest i bakgarden på kraftlaget – open for alle som ønsker å ta turen. Programmet er ikkje heilt ferdig spikra enno, men Finnås Kraftlag kan allereie no røpa at Heine Totland kjem med band, i tillegg til andre lokale artistar. Det blir òg besøk av både Bjørnis og VilVite-senteret, så alt ligg til rette for ein skikkeleg kjekk dag for heile familien. I tillegg blir det servert gratis pølser, is, kaffi og kaker. Set av datoen allereie no – dette vil du ikkje gå glipp av. Sponsor: Episoden er eit kommersielt samarbeid med Finnås Kraftlag.
I denne episoden fortel Andree Kyrkjeøy ope om livet med IBS – sterke magesmerter, sosial uro og dumme kommentarar frå folk som ikkje heilt forstår kva sjukdommen inneber. Årevis med mageplager og lite forståing frå omgivnadene gjorde kvardagen krevjande, og stundom førte det til både skam og angst. Samtidig vart trening ei viktig redning. Andree deler korleis han gradvis fann ein veg vidare, og om då han fekk vere med i eit forskingsprosjekt som gav nytt håp om ein betre kvardag.Dette er ei ærleg og sterk historie om å leve med smerter som få ser, om å stå i motgang – og om å ikkje gi opp. Ein episode om trening, tarmhelse, håp og om kor viktig det er å møte kvarandre med meir forståing.Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: ⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠
Kva betyr den maritime historia for Stord og Sunnhordland i dag? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Gunnar Bjørk og Magne Gravdal frå Stord maritime museum – to eldsjeler som brenn for å ta vare på og formidla ei viktig side av historia vår.Me snakkar om motorar, skipsbygging, hermetikk, HSD, krigshistorie og kvifor Lervik har vore ein så sentral stad i regionen. Du får høyra korleis museet vart til, kva du kan oppleva der i dag, og kvifor dette arbeidet handlar om langt meir enn gamle gjenstandar. Det handlar om identitet, kunnskap, stoltheit og om å gje historia vidare til nye generasjonar.Dette er ein episode for deg som er glad i lokalhistorie, kystkultur, frivillig arbeid – eller berre vil forstå litt meir av kva som har forma Sunnhordland. Lytt og bli inspirert av historia som framleis lever på kaien i Leirvik.Sponsor: Oma BaatbyggeriVisste du at Oma Baatbyggeri har bygd båtar på Stord sidan 1909?Hos Oma Baatbyggeri blir stolte handverkstradisjonar kombinerte med moderne teknologi, og i dag er verksemda eit av verfta i Noreg med lengst erfaring innan aluminiumsbygging.Frå konstruksjon og ingeniørarbeid til produksjon i verkstadshallane – det som skaper resultata, er dyktige fagfolk med lidenskap for faget sitt.Oma Baatbyggeri held til på Stord og byggjer hurtiggåande passasjerbåtar, bilferjer og spesialfartøy for heile kysten.Dei er stolte av historia si – og opptekne av framtida.Vil du vite meir om kven dei er og kva dei gjer? Les meir på oma.no
Rigmor Vikane og Sissel Bjelland frå Stord Bygdekvinnelag deler engasjerande historier om inkludering, beredskap og møteplassar på tvers av generasjonar. Me får høyra om samarbeidet med asylmottaket, språkkafé, skule og frivillig arbeid – og korleis enkle tiltak kan skapa ekte fellesskap i lokalsamfunnet.I over 100 år har Bygdekvinnelaget arbeidd for betre kår for kvinner og levande bygder. I dag er dei òg anerkjende som ein viktig del av den nasjonale beredskapen. Dei viser at små handlingar – eit måltid, ein kaffikopp, eit kurs eller ei utstrekt hand – kan bety langt meir enn me ofte tenkjer.Sjekk ut: https://www.bygdekvinnelaget.no/lokallag/stord-bygdekvinnelagSponsor: Miriams Gard og HavDenne episoden er sponsa av Miriams Gard og Hav – ein lokal utsalsbutikk på Bømlo med ekte smak frå gard, hav og skog.Hos Miriams får du nysteikt bakst, lokal honning og ferske gards­egg – i tillegg til kalkun, kylling og smakfull ost frå ysteri.Dei fyller disken med fersk fisk, røykjer aure, og tilbyr krabbe og sjøkreps frå dei reine vestlandsfarvatna rundt Bømlo. Er du glad i skikkeleg godt kjøt, finn du vestlandsk storfe, røykjebacon, saftige pølser og hamburgarar – og kraftbein som gir deg den beste heimelaga krafta. I tillegg har dei hjort, dåhjort og villsvin for deg som vil ha noko ekstra.Du finn òg nydelege handverksprodukt i tre – alt frå ostehøvel og skjerebrett til eggeglas, ostefat med magnet, ostekniv, salatbestikk, fiskespade, salatskåler og tallerkenar.Bak Miriams står ein matglad familie som brenn for kvalitet, natur, dyrevelferd og ekte råvarer.Gå inn på miriams.no, sjå utvalet og støtt lokal matglede frå gard, skog og fjord.
Han er eventyraren som trivst både over skyene og midt i vill natur – men som alltid vender heim att til fjord, fjell og kvardagsro i Kvinnherad. I denne episoden blir vi betre kjende med Andreas Fjellandsbø , gründer av Ekspedisjonsreiser og Safarispesialisten.Sidan 2016 har han sendt nordmenn ut på turar utanfor allfarveg – til Kilimanjaro, Himalaya, Inka-stien og andre ikoniske destinasjonar. I 2023 starta han Safarispesialisten, der draumereiser til Afrika blir skreddarsydde for familiar, bryllaupspar og eventyrlystne reisande. For Andreas handlar det ikkje berre om å nå ein topp, men om meistring, fellesskap og å realisere draumar! Vi får høyre om den første backpackerturen som opna verda, om dramatiske opplevingar på over 7000 meter i Nepal, om møte med fjellgorillaer i Uganda – og om kvifor sjølv dei tøffaste kan felle ei tåre på toppen av Kilimanjaro ved soloppgang.Samtidig er han ein heilt vanleg familiefar på Husnes, som balanserer gründerliv, risiko og reiselyst med småbarnsliv og heimlengsel. Korleis overlever ein pandemi når heile bransjen stoppar opp? Kva lærer du av milliontap, permittering og usikker verdssituasjon? Og kva skal eigentleg til for at du – ja, du – kan klare Kilimanjaro?Dette er ein samtale om mot og marginar, om å tore å starte før alt er perfekt, om å skape arbeidsplassar i Afrika – og om kvifor det kanskje er betre å angre på det du gjorde enn det du aldri våga.Sponsor: Stord Tannregulering Har du vurdert å gjøre noe med smilet ditt?De fleste voksne pasienter får i dag behandling med nesten usynlige plastskinner som skånsomt flytter tennene – helt uten tradisjonelle klosser limt på tennene. Diskré, komfortabelt og tilpasset en travel hverdag.Nå får de 5 første pasientene over 20 år som bestiller time, gratis konsultasjon.Oppgi rabattkoden «Sunnhordlandpodden» når du bestiller.Stord Tannregulering tilbyr moderne kjeveortopedisk behandling på Stord, og har også klinikk på Husnes én dag i uken.Les mer og bestill time på: stordtannregulering.com
Han er ung – men engasjementet for Fitjar, fotball og politikk er stort. I denne episoden møter vi Simen Skarpnes Røyrøy frå Fitjar: ungdomspolitikar, fotballentusiast og ein tydeleg stemme i samfunnsdebatten.Vi snakkar om kvifor han har valt å engasjere seg politisk, korleis det er å vere med i FpU, og kvifor ungdomsrådet faktisk spelar ei viktig rolle.I tillegg blir det prat om fotballglede, sterke comeback, Fitjar som heimstad – og kva som driv ein 15-åring til å ville påverke framtida.Ein engasjert og ærleg samtale om fellesskap, meiningar og motet til å stikke hovudet fram.Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: ⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠
Føter ber oss gjennom heile livet – likevel er fothelse noko mange tek på alvor altfor seint. I denne episoden møter du Ingvild Eikeland, autorisert fotterapeut og gründer bak Eikelands Fothelse, med klinikk i Stord Helsepark.Vi snakkar om kvifor så mange slit med fotplager, kva sko eigentleg har å seie for kroppen vår, og kvifor problem i føtene kan forplante seg heilt opp til kne, hofte og rygg. Ingvild deler praktiske råd om alt frå inngrodde negler og hard hud til barnesko, arvesko og kva du bør sjå etter når du kjøper nye sko.Du får òg høyre historia hennar – frå oppvekst på Huglo, via ei dramatisk utdanningsreise, til kvardagen som fotterapeut med full timebok og lang venteliste. Ei ærleg og lærerik samtale om fothelse, fagstoltheit og livet som sjølvstendig næringsdrivande.Ei episode for deg som vil ta betre vare på føtene dine – og kroppen elles. 👣Sponsor: BrillerietDagens episode er sponsa av Brilleriet – din lokale optikar på Leirvik og Heiane.Livet er for kort til kjedelege briller, og endå kortare til å gå rundt med plager i augo.Stadig fleire slit med tørre auge, ruskekjensle og sårheit – ofte på grunn av skjermbruk, inneklima og kvardagsstress. Mange ventar altfor lenge med å søkje hjelp. Hos Brilleriet får du ikkje berre råd og dråpar, men moderne behandling som går til rota av problemet, med lysbehandling og spesialutstyr som kan gi varig betring i augehelsa.Stor takk til Brilleriet for at dei er med på laget og støttar Sunnhordlandpodden  
Kva skjer når to som er litt over snittet glad i hund – og litt over snittet opptatt av gode råvarer – bestemmer seg for å satse skikkeleg?I denne episoden møter du Uttara Mari og Terje Andreassen. Dei driv Bømlo Hundepensjonat, med plass til både hund, katt og smådyr – og fortel om kvardagen i ein “hundebarnehage” der trivsel, tryggleik og hundespråk står i sentrum. Du får òg høyra om seriøst oppdrett av labrador, kva dei ser etter hos nye eigarar – og kvifor dei meiner det nesten burde vore “sertifikat” for å ha hund.Som om ikkje det var nok, har dei starta Miriams Gard og Hav, der målet er å gjera det lettare å få tak i rein mat og ekte råvarer – frå hjort og storfe til torsk og sjøkreps. Me snakkar dyrevelferd, lokalmat, fellesskap – og store draumar for Bømlo.Nettsider: bomlohundepensjonat.no og miriams.no (dei finn du òg i sosiale medium).Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
Energy Fitness opnar på Stord – og bak satsinga står Kristoffer Reimers og Malene Hauge.I denne episoden får du bli betre kjend med Kristoffer, ein av gründerane bak det nye treningssenteret som opnar på Leirvik i april, i gamle Sporttreff-lokala. Kva er det som gjer Energy Fitness annleis? Kva kan dei tilby – og kvifor satsar dei så stort?Vi snakkar om kvalitetsutstyr (ja, «Ferrarien» av treningsutstyr), gruppetrening, PT-rom for dei som ønskjer tryggare rammer, og planar for både unge, eldre – og kanskje vaffelfredag.Men dette er òg ei historie om livet. Kristoffer deler ope om oppveksten i Vikedal, vegen inn i rus, å bygge livet opp – og rive det ned igjen. Om behandling, ny kurs, og kvifor han i dag brenn for psykisk helse, meistring og for at fleire skal få det betre – både i kropp og sinn.Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: ⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠
Kva gjer vi med dei elevane som lærer raskt, spør mykje og ofte ligg fleire år føre fagleg – men som likevel kan bli understimulerte i ein vanleg skulekvardag? Eitt svar er Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland, der elevar frå heile regionen samlast på HVL fleire gongar i året for to intense dagar med problemløysing, programmering, kreativitet og samarbeid.I studio møter du Maria Støle Mjønes og Åsmund Natås – to engasjerte fagfolk som står midt i arbeidet.Vi snakkar om kven desse elevane er, kvifor det betyr mykje å møta «likesinna», korleis samlingane er bygde opp i praksis – og kvifor tilpassa opplæring ikkje berre handlar om dei som slit, men òg om dei som treng meir utfordring.Er du forelder, lærar – eller berre nysgjerrig på skule, realfag og framtida i regionen? Då er denne episoden for deg.For meir info: https://www.vilvite.no/skole-og-barnehage/talentsenter-i-realfag/talentsenter-i-realfag-satellitt-sunnhordland/ Sponsor: Høgskulen på VestlandetSjekk ut: https://www.hvl.no
I denne episoden møter du hudlege Judit Kiss – legeutdanna ved Semmelweis Universitetet i Budapest, med spesialistutdanning i hud- og veneriske sjukdommar og doktorgrad (PhD) med fokus på malignt melanom.Judit har jobba som hudlege i Noreg i mange år, mellom anna ved Revmatismesjukehuset i Haugesund. I dag jobbar ho privat, og ein gong i månaden kjem ho òg til Velværetunet på Stord.Me snakkar om:Føflekkar og hudkreft: kva du skal sjå etter – og kvifor endring betyr meir enn storleikSol, solkrem og D-vitamin: kva som faktisk er smartest Barn og solbeskyttelse: kva type solkrem som er best for dei minsteAkne, rosacea og pigmentflekkar: kva som hjelper – og når du bør oppsøka hudlegeOg ein viktig reality check: Korleis for mange produkt (og mykje “hudtrend”-innhald frå sosiale medium) kan bli ein belastning for hudbarrieren og hudfloraenDette er episoden for deg som vil ta betre vare på huda – med trygg fagkunnskap, utan overdriving og utan 15 steg i hudrutina.Sponsor: Velværetunet Treng du eit friminutt i kvardagen? Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar: – Hudpleie og spa – Massasje for total avkopling – Makeup, bryn- og vippebehandlingar – Sauna og massasjebadNo har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida⁠ velveretunet.no⁠ for full oversikt over tilbodet.Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.På Velværetunet møter du: Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn. Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause. Bestill time hos ⁠Velværetunet⁠ i dag. 🌿
Den 21.–22. januar 2026 blir den 34. utdanningsmessa på Stord arrangert på Vikahaugane – i regi av Stord Rotaryklubb. Men kvifor finst denne messa, og kvifor er ho blitt så viktig for ungdom i heile Sunnhordland?I denne episoden får du bli betre kjend med både utdanningsmessa og Rotary – og med to av dei som står midt i arbeidet: Kurt Grundvold (ansvarleg for utdanningsmessa) og Per Inge Sætrevik (President i Stord Rotaryklubb).Me snakkar om historia bak messa, dugnadsinnsatsen (ja, det er mange timar!), korleis Vikahaugane blir forvandla til ei maurtue av elevar og utstillarar – og kvifor det framleis betyr noko å møtast ansikt til ansikt, sjølv om “alt finst på nett”. Og kvifor må bedriftene ut og “fange” ungdommen? Du får òg høyra om frivillig engasjement, fellesskap og drivkrafta bak Rotary sitt motto: å gagne andre – og korleis utdanningsmessa både hjelper ungdom å finne retning, og gir overskot som kan gå vidare til gode formål lokalt og internasjonalt.🎓 Utdanningsmessa er open onsdag og torsdag kl. 09–14, og alle som vil er velkomne til å stikka innom.Sponsor: Byrået design og profilering AS Byrået Design og Profilering AS er eit kreativt og erfarent design- og profileringsbyrå og har sidan 1980-talet hjulpet verksemder med å bli tydelegare, meir synlege og meir profesjonelle. Me skapar identitet som gjer det enklare for deg å nå ut med bodskapen din – og som styrkjer merkevara di kvar dag. Hos oss får du alt du treng til ein heilskapleg og gjennomført profil: grafisk design og visuelle identitetar, profesjonelle skilt og dekor, bil-dekor, storformat print, profilartiklar og gåveprodukt, samt gravering og industrimerking. Ein annan av våre spesialitetar er innvendig og utvendig utsmykning på vegger og glassflater, samt fornying med interiørfolie. Alt blir utvikla og produsert i moderne lokaler på Stord, av eit team som brenn for kvalitet og godt handverk. Me legg stor vekt på å forstå kva du faktisk prøver å løyse – om det handlar om å tiltrekke nye kundar, skape eit meir profesjonelt førsteinntrykk, styrkje intern stoltheit eller sørgje for tydeleg merking i bygg og anlegg. Ikkje nøl med å ta kontakt om du vil veta meir om kva me kan hjelpa deg med. https://www.byraet.no/post@byraet.no
Høyr Ida Kleppe fortelja om historia til Lundemannsverk på Stord. Har du ein draum om eit småbruk? Då har Ida gode tips til korleis draumen kan gå i oppfylling. Høyr om TV produksjon, fordelen med svart belte i Taekwond-do og kvifor lokalmat er viktig og godt. Du blir og kjend med konseptet Markedshage. Ein Markedshage er ein stad der grønsaker, frukt, blomar og andre produkt blir dyrka for sal og lokal forbruk. Dette konseptet legg vekt på bærekraftig landbruk og kortreist matproduksjon. Markedshagar er ofte småskala, og dei sel gjerne produkt direkte til kundar gjennom bondens marknad eller liknande arrangement. Dette fremjar samhaldet mellom bønder og forbrukarar, og aukar medvit om kor maten kjem frå. Vil du støtte SunnhordlandPodden? Sjekk: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe
Kva skjer når ein blomsterdekoratør får pollenallergi? Linda Bøthun dreiv Skånevik Blomster og Interiør i mange år, men ein dag sa kroppen stopp. Det vart eit ufrivillig karriereskifte, men førte til ny giv og ein meiningsfull jobb. I dag hjelper Linda både leiarar og team til å oppnå meir, stresse mindre og skape seg fleire glade arbeidsdagar - og gode resultat.   Bli betre kjent med Linda og reisa ho har vore på dei siste åra, og oppstarten av Zenit Businesscoach.  Linda Bøthun har internasjonal sertifisering som Neurosemantic og NLP Trainer.     Sjekk ut:  ·   https://www.zenit-businesscoach.no  ·   https://www.facebook.com/zenitbusinesscoach 
Den 19. august kl. 12.00 inviterer Stord Tinde- og Klatreklubb til offisiell opning av den nye klatrehallen på Nysæter. Ole Martin Djupvik, leiar i Stord Tinde- og Klatreklubb, fortel om byggeprosessen og kva du finn i den nye hallen. Om klatremiljøet på Stord og kva som er draumen klubben i tida som kjem. Er du interessert i klatring? Då bør du sjekke ut klatrehallen på Nysæter! For meir info: https://www.facebook.com/stokk.org https://stokk.org Sponsor: Falk Sport - https://falksport.no/falk-sport-stord/ Falk Sport er en sportsbutikk på Heiane Storsenter som leverer alt du trenger for å gjøre deg klar til en aktiv hverdag -enten det er til uteleik, friluftsliv, trening eller om du skal løpe maraton. Når du handler hos Falk Sport kan du være trygg på at du møter ei betjening med spisskompetanse innenfor ulike områder, god lokalkunnskap og som gjør alt de kan for finne rett utstyr for deg og dine behov.   Falk Sport er stolt samarbeidspartner til Stord- Tinde og Klatreklubb og har i samarbeid med klubben fått inn et godt varesortiment til klatring. Medlemmer av klatresenteret får 25% rabatt på alt av klatreutstyr i butikken. Velkommen til en hyggelig faghandel hos Falk Sport på Heiane Storsenter!
Kristian Lunde er ein av dei sprekaste pensjonistane på Stord. Han er ei eldsjel og eit førebilete for mange. Kristian har stått på som instruktør for Stord Turn i mange år, ja i fleire mannsaldrar. Han driv gubbetrim og er ein entusiastisk fiskar. I denne episoden får du nokre glimt frå karriera som turnar, og du får høyra kvifor turn kanskje er noko alle burde halda på med. Kristian deler òg tankar om kva som skal til for å få ein sprek alderdom. Sponsor: Stord Anlegg - https://www.stordanlegg.no/ Stord Anlegg - ei entreprenørbedrift med moderne utstyr og kompetanse for små og store oppdrag!
Øyvind Kyvik er på besøk i studio og han fortel blant anna om: Bryllupet Korleis dødsfallet til faren prega livet Jobben som global leder for klima i Aker Solutions. Sætravikjo - Sunnhordland sitt svar på Bordeaux Relasjonen til Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon Politiske ambisjonar og draumen om å bli ordførar Sponsor: Biogy Solutions Vil du vite mer om dette spennende selskapet, følg med på deres hjemmesider, biogy.no
Speidaren i Fitjar har ventelister med born som vil bli speidarar. Høyr historia om korleis det var å starta opp att med Speidaren i Fitjar. Kva som motiverer leiarane som står på, og kvifor born og unge har det så kjekt på speidaren. Amalie Lepsøy Hansen og Lillianne Drønen Jæger er gjestar i studio og har eit stort engasjement for friluftsliv, speiding og verdien av speidaren. Sjekk ut: https://kmspeider.no/ https://haugaland.kmspeider.no/ Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Haugaland KFUK-KFUM-speidere. Om Haugaland KFUK-KFUM: Haugaland KFUK-KFUM-speidarar er speidarkrets frå Fitjar i nord til Bokn i sør, Bømlo og Karmøy i vest og Ullensvang i aust. Kretsen hadde ved siste årsskifte 1201 betalande medlemmar, og har plass til mange fleire.  Mange grupper driv svært godt, og på grunn av Fitjar sin oppstart i 2020 hadde kretsen auke i medlemstalet gjennom koronaen. Speidarkretsen har erfarne leiarar på alle område, som meir enn gjerne gir kurs til nye leiarar, ut i frå kva nye leiarar ønskjer seg eller ser behov for.  Speidarkretsen har leiarsamling tre gongar i året, og 5. november i haust har vi invitert Alexander Read, kjent som «meg» i TV-serien «Mina og meg». På det nye bedehuset i Vats, Arken,  vil han snakke om friluftsliv med barn.  Han er ein svært inspirerande foredragshaldar.  I februar har kretsen kretsting og i august Kickoff med besøk frå forbundskontoret, for å inspirere til eit nytt speidarår.  Kvart år i juni arrangerer kretsen Blikshavnleir på Karmøy, for speidarar til og med fjerde klasse. Mange barn og vaksne har hatt sitt første møte med speidartur her. Her er roverane, ungdom som er gått ut 10. klasse og opp til 25 år, med som stab.  I slutten av juli 2024, har vi kretsleir i Vats, med stort innslag av ungdom frå Europa. I 2025 er det landsleir på Gjøvik.  --- Speidararbeid er viktig for barn og unge og inspirerande for vaksne som er med.
Frå 2. til 12. august er det igjen klart for ei fantastisk førestilling i Moster Amfi. Då vert det nypremiere på Kristina frå Duvemåla. I denne episoden fortel Elisabeth Moberg og Espen Hana om korleis det er å jobbe med eit slikt prosjekt saman med gjengen i Bømlo Teater. Du får bli litt betre kjent med Elisabeth Moberg og Espen Hana og rollene de speler, Fina-Kajsa og Danjel. Får du lyst til å sjå Kristina frå Duvemåla? Sjekk: https://bomloteater.no/oppsetning/kristina-fra-duvemala/ Sponsor: Wärtsilä Norway - https://www.wartsila.com/nor Wärtsilä Norway utviklar ny framdriftsteknologi med fokus på elektrifisering og framtidas drivstoff, som gjer den maritime bransjen meir berekraftig. Verksemda har sitt utspring i motorprodusenten Wickmann med lange tradisjonar på Bømlo og i Sunnhordland, og feirar i 2023 sitt 120 års jubileum.
loading
Comments 
loading