Discover
SunnhordlandPodden
SunnhordlandPodden
Author: Kjetil Fyllingen
Subscribed: 61Played: 1,591Subscribe
Share
© Kjetil Fyllingen
Description
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland.
Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv.
Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden?
Då er det berre å ta kontakt - [email protected]
Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv.
Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden?
Då er det berre å ta kontakt - [email protected]
Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
437 Episodes
Reverse
Martha Kristensen på Bømlo er ikkje redd for å prøve noko nytt. Ho har vore sveiser, jobba i butikk og med menneske – men først og fremst er ho ein kreativ sjel som kan forvandle det meste til kunst. Ein gammal hestesko, ein bit metall eller noko andre ville kasta, kan bli til ein skulptur eller eit heilt nytt kunstprosjekt.I denne episoden fortel Martha om oppveksten på Meling, kunstgleda, arbeidet med Bømlo Teater og engasjementet i Bømlo kunstlag. Vi får òg høyre om den dramatiske ulukka som snudde kvardagen på hovudet, og korleis ho har funne nye vegar vidare.No har ho opna Galleri Finnegården – ein stad for kreativ utfalding, kurs og gode møteplassar.Martha har eit motto: Det meste går an å få til!--- Vil du vere med og halde Sunnhordlandpodden gåande?Det ligg mykje arbeid bak kvar episode av Sunnhordlandpodden. I gjennomsnitt brukar eg rundt éin arbeidsdag på førebuing, innspeling, redigering og publisering.Fleire har spurt om det er mogleg å støtte podkasten økonomisk via Vipps. No er det endeleg på plass!Har du glede av å lytte til Sunnhordlandpodden, og har lyst til å bidra til at eg kan halde fram med å lage nye episodar? Då kan du Vipps til 68986.Tusen takk for at du lyttar! Del gjerne episodane vidare, og har du høve til å støtte podkasten økonomisk, set eg stor pris på det.Saman løftar vi fram dei gode folka som brenn for noko i Sunnhordland!
Kva skjer med oss når vi legg vekk mobilen og begynner å lage noko med hendene? Kathrine Gregersen frå Stord meiner vi treng meir skaparglede, mindre scrolling og fleire små pusterom i kvardagen.Ho har alltid hatt eit stort engasjement for handverk, tekstil og kreativitet. No har ho fått med seg Det Norske Samlaget på eit nytt prosjekt: Laga. Her kan folk lære nye teknikkar gjennom digitale kurs, få tilsendt materialpakkar og bli inspirerte til å skape sjølve.I praten får vi høyre om gründerdraumen, oppveksten med skapande foreldre, ein handsauma bunad og kvifor kreativitet ikkje berre er for dei som meiner dei er flinke til å lage ting.Kanskje får du lyst til å bytte ut litt skjermtid med nål og tråd?Katrine står også bak det som kanskje er Noregs mest kreative adventskalender!Gjennom Laga sin adventskalender får du alt du treng i éi materialpakke for å brodere seks juleornament og lære nye sting gjennom adventstida.Sjekk ut: https://www.lagastudio.no/omSponsor: Nål & Tråd Er du glad i å sy, strikke eller skapa noko med hendene? Då bør du ta turen innom Nål & Tråd på Stord!Her finn du eit stort utval av stoff, garn og alt du treng av utstyr til saum og handarbeid. Dei har mellom anna garn frå Rauma, flotte metervarer, symaskiner og mykje spennande tilbehøyr.Nål & Tråd held til på Sæ på Stord. Du finn dei også på nett på nalogtrad.no.Støtt den lokale faghandelen – og la kreativiteten få blomstra hos Nål & Tråd!Sjekk ut: https://www.nalogtrad.no
Bømlo Teater set opp «Verdas mest forelska par» i Bømlo kulturhus 13.–15. november. Teaterstykket tek oss med til den vesle bygda Bløygen, der Bidger og Esmiluni er stormande forelska. Men Bjørn Diesel har andre planar og ønskjer å vinna Esmiluni for seg sjølv. Då bygda melder paret på eit verdsmeisterskap i pludring og romantikk, blir det både kjærleik, sjalusi og forviklingar. Stykket er basert på boka til Rune Belsvik og byr på eit sjarmerande møte med folk som er glade i kvarandre og bygda si.I denne episoden møter du fire engasjerte folk frå Bømlo Teater: Heine Larsen spelar Bidger, Siri Elisabeth Sortland spelar Esmiluni, Frode Larsen spelar Bjørn Diesel, og Maria Grindheim er regissør.Me snakkar òg om teaterglede, samhald og kva Bømlo Teater har betydd for folk og lokalsamfunnet gjennom fleire tiår.Sponsor: Bremnes SeashoreBremnes Seashore har hjarte for laks. Og dei har hjarte for lokalsamfunna våre. For eldsjelene som skapar liv, fellesskap og gode opplevingar.Difor har Bremnes Seashore òg hjarte for Bømlo Teater å ønskjer lukke til med «Verdas mest forelska par».Stor takk til Bremnes Seashore - for at dei ville sponsa denne episoden!
Kva skal til for å bli jeger, og korleis kjem ein seg eigentleg i gang med hjortejakt? I denne episoden møter du Geir Innvær frå Bømlo – mannen bak YouTube- og Instagram-profilen «Jakt med Geir».Geir har vakse opp i ein jaktfamilie og har jakt som ein stor del av livet. Han fortel om hjortejakt på Vestlandet, reinsdyrjakt i Suldalsheiane og elgjakt i Nord-Noreg. Me får høyra om adrenalinet når hjorten kjem på skothald, jakthunden Ravn, gode jaktkameratar og gleda over å hauste sin eigen mat frå naturen.Geir brenn også for å rekruttere nye jegerar. Gjennom prosjektet «Lærlingen» har han teke med Emil frå Stord på vegen frå jaktinteressert nybyrjar til hjortejeger. Kva må du gjere for å ta jegerprøven? Korleis finn du ein stad å jakte? Og kva utstyr treng du eigentleg?Ein episode for deg som elskar jakt, vurderer å bli jeger eller berre er nysgjerrig på livet som jeger på Vestlandet.Sponsor: Jarle Steinsland ASRørlegger og flislegger med hovedvekt på rehabilitering av bad/våtrom. Jarle har over 20 års erfaring, og han er den rørleggeren jeg ringer til når noe skal fikses hjemme hos oss. Han har blant annet pusset opp et par bad og montert en flott dusj her, så eg kan trykt anbefale deg å ta kontakt med Jarle Steinsland om du trenger en dyktig rørlegger.https://www.jarlesteinsland.no
Etter nesten 40 år i Stavanger har Elin Rydningen flytta heim til Bømlo. Ho brenn for hagar, landskapsdesign og berekraftige løysingar, og gjennom Blomen Hage og Landskap får ho brukt både kreativiteten og interessa for naturen.I denne episoden snakkar me om alt frå permakultur og drivhusprosjekt til draumen om eit lite gjenbrukshus på Bømlo. Men me kjem òg inn på helse, livsval og kvifor Elin reiser til Zanzibar for å leva annleis.Kva skjer når ein vågar å tenkja nytt og gå eigne vegar? Og korleis kan me skapa eit liv som gir rom for både natur, skaparglede og nye perspektiv? Og ikkje minst - Kan ein kopp te verke betre enn silikonimplantat? Elin deler eit overraskande kjerringråd om marikåpe. Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: https://members.spotify.com/to/sunnhordlandpodden Du kan og Vippse støtte til: #68986




