DiscoverTursommer
Tursommer
Claim Ownership

Tursommer

Author: Den norske turistforening

Subscribed: 327Played: 3,048
Share

Description

TURSOMMER er DNTs podkast med ferietips for «annerledes-sommeren» 2020. Hver uke fram til starten av juli inviterer TURSOMMER gjester og eksperter med på tur for å snakke om Norge som ferieland. Podkasten er full av inspirerende tips – for deg som vil gå i fjellet, oppdage nye stier, sykle, padle kajakk eller overnatte på unike steder.

Programleder: Mari Stephansen



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

10 Episodes
Reverse
Fjellet er ope

Fjellet er ope

2020-07-0227:00

Bli med til fjells, 1000 meter over havet til ei av DNTs 44 betjente hytter, Stranddalshytta i Ryfylket. John Nilsen, hyttevertskapet, visste ikkje kva fjellsko var då han byrja i jobben for eitt år sidan. No lengtar han etter hytta så fort han har stengt den for vinteren. Korleis vart han fjellfrelst, og kva gjer han for å sikra smittevern gjennom anleis-sommaren?  Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Sporlaust på tur

Sporlaust på tur

2020-06-2522:55

I anleisåret 2020 har naturen i endå større grad enn tidlegare blitt ein fristad for fleire av oss både til dagsturar og overnatting. I sommar skal dei aller fleste feriera i Norge - og mange vil ut i naturen. Kva bør du som turgåar gjera for å sikra at naturen ikkje tek skade av deg? Kva unntak gjeld ved bålfyring, kvifor er slynger tingen når du heng opp hengekøya og kva triks gjer at du finn att doplassen din om natta? Torkil Reinertsen er turleiar i DNT ung og gjest i denne episoden. Han gjev deg eit kræsjkurs i kva du bør vita. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Turar med barn

Turar med barn

2020-06-1930:47

Kva vert barn motivert av, kva utstyr er viktigast og kva stader er bra for sommerturar? Mangeårig turleiar i Barnas Turlag i DNT, Trude Havik, gjev du tips til turar for små born til meir krevande turar til turvante og motiverte større born og tweens. Dette er ein episode for deg som har vore litt på tur før og som vil prøva eit nytt område i år.  Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Lofoten

Lofoten

2020-06-1130:06

Utanlandske turistar valfartar nordover kvar sommar for å oppleva midnattsola, dei kvasse fjella, det turkise havet og dei kvite strendene. I år er det vår tur. Undersøkingar viser at Lofoten topper lista over kor nordmenn ynskjer å feriera i sommar. Øygruppa i Nordland er eit eldorado for turgåing, fiske, surfing og dykking. Fjell og Vidde-journalist og turbok-forfattar Kristin Folsland Olsen, som sjølv har budd i Henningsvær i 20 år, veit kva du bør sjekka ut.   Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Skjulte perler

Skjulte perler

2020-06-0425:45

Årets sommar er ei gåvepakke for me som bur i Norge. Utan tilreisande er landet reservert for oss og me kan velga turmål, overnatting og aktivitetar frå øverste hylle. Men utanfor dei mest besøkte stadene, ventar dei mindre trafikkerte områda. Julie Maske, mangeårig journalist i Fjell og Vidde, har gått klassikarane, men også dei stiane få andre går. I denne episoden av DNT sin podkast Tursommer utfordrer ho deg til å ta steget inn i eit ukjend turområde.  Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kajakkturar i Norge

Kajakkturar i Norge

2020-05-2832:17

Kystlinja i Norge er den nest lengste i verda etter Canada. Me har skjærgard og fjordlandskap - og elver og innsjøar i fleng. Med null konkurranse frå utanlandske turistar har me alt dette for oss sjølve i sommar. Kor er dei flotteste turane? Kva må ein tenka på før ein legg ut på kajakktur i sommar? Kajakkinstruktør Svein Sætre har padla frå Finnmark i nord til Mandal i sør og er vekas gjest i DNT sin podkast Tursommer.   Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Sykkelturar i Norge

Sykkelturar i Norge

2020-05-2134:58

Kva er dei klassiske pakkefellene og kor mykje bør du sykla før du legg ut på tur i sommar? Kva er bra sykkelmat og korleis engasjerer du borna? Heilårssyklist Øyvind Wold har skrive ei rekkje turguidar for syklistar og gjev deg tipsa til sykkelturarne du bør ta i heimlandet i sommar, både med og utan born. Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ferietips landet rundt

Ferietips landet rundt

2020-05-1433:38

Kvar er det best å reisa på base-ferie i Norge? Kor er dei finaste strendene og dei flottaste fjellturane? Kor kan ein sova i ei vintønne og på kva nordlandsøy lagar dei sin eigen whiskey? Kor kan du sykla gjennom Norges vakraste seterdal og frå kva topp i Jotunheimen er det fint å aka ned? Alt dette- og mykje meir - får du svar på i denne episoden av Tursommer. Gjestar er Visit Norway-redaktør Christine Beglo og Fjell og Vidde-redaktør Trygve Sunde Kolderup. Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
TURSOMMER er DNT sin podkast med ferietips for «anleis-sommaren» 2020. Gjest i fyrste episode er Arne Hjeltnes. Han kjenner Norge betre enn dei fleste, og med sitt humør og avslappa måte å vera på er han sjølve definisjonen på ein det er fint å ha med i turfølget. I fjor gav han ut boka 101 norske turar og i denne episoden av TURSOMMER tipsar Arne deg om dei små, sjarmerande kommunane utan særleg besøk, til kor i landet du bør hoppa på Hurtigruta for å få mest mogeleg ut av turen og i kva fjellbygd han fekk eit av sine livs beste måltid. Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
DNTs Tursommer - promo

DNTs Tursommer - promo

2020-04-3000:33

TURSOMMER er DNT sin podkast med ferietips for «anleis-sommaren» 2020.  Kvar veke fram til starten av juli inviterer TURSOMMER gjester og ekspertar med på tur for å snakka om Norge som ferieland. Podcasten er full av inspirerande tips – for deg som vil gå i fjellet, oppdaga nye stiar, sykla, padla kajakk eller overnatta på unike stader. Fyrste episode av Tursommer høyrer du på din podcastplattform frå 7. mai.   Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Comments 
Download from Google Play
Download from App Store