Discover
Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast

Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast
Author: NLR Vest
Subscribed: 18Played: 121Subscribe
Share
© NLR Vest
Description
Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.
Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest.
NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.
Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
32 Episodes
Reverse
I denne episoden har me tatt med oss mikrofonen ut på eitt av forsøksfelta til NLR Vest. Her har me tatt ein prat med Torleif Bakke Haavik og Leif Trygve Berge som har ansvar for forsøket. Me får høyre kvifor slike felt er så viktige og kva forsøksfeltet i Omvikdalen i Kvinnherad kan fortelja oss. Kjersti Hjelmeland som er forsøksverten, fortel oss om korleis det er å ha eit forsøksfelt. Me har også treft Bart Van Gool som tidlegare var rådgjevar i dette området og har hausta forsøksfelt sia 80-talet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden får me høyre korleis det går med karbonfangstprosjektet. Til å fortelje meir om dette har me teke oss ein prat med Gunnlaug Røthe. Ho har teke ut jordprøver frå 6 teigar på økologisk drive areal og frå 6 teigar på konvensjonelt drivne bruk, i podkasten får du blant anna informasjon om kva prøvene syner. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Alle er einige om at Inn på tunet er bra. Mange kan ha bruk for eit opphald på gard med meiningsfulle aktivitetar knytta til matproduksjon og dyrehald. Men kva er eigentleg Inn på tunet, og er det noko som alle bønder kan drive med? Kva krevst for å kome i gang, og korleis skal ein finne behov og kundar? I denne podkasten frå NLR Vest snakkar programleiar Kolbjørn Taklo med seniorrådgjevar Ragna Flotve hjå Statsforvaltaren i Vestland om Inn på tunet. Lytt og finn ut om det er noko for deg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Norsk frukt frå liene ved fjordane våre, må no vere noko av det beste vi har!I denne podkasten ser vi litt nærare på fruktdyrkinga, og korleis fruktnæringa taklar dette uføreseielege med skiftande vêr og føre. Og vi ser litt tilbake på to sesongar prega av covid, med særleg tanke på arbeidskrafttilgang. Kva utfordringar har det vore, og korleis har det gått?Til å fortelje om fruktdyrkinga, har vi fått med oss ein av dei mest erfarne rådgjevarane i NLR Vest, Rune Vereide. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden snakker me sau! Me får gode tips om sluttfôring frå vår kollega Ove Sørestrand og Fagsjef i småfe Nortura, Finn Avdem. Jakta på det perfekte livdyr og lammeslakt. Kva må til får å oppnå slakteklasse E, og korleis velge ut og fôre fram til fine påsettlam? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Å behalde arbeidshelsa og unngå skader og uhell, er kanskje det aller, aller viktigaste for ein bonde. Det meste på garden er avhengig av deg, og at du fungerer. Aktive HMS-tiltak er viktig og nødvendig for at det skal gå bra. Statistikken for landbruk syner at det dessverre går gale litt for mange gonger i løpet av eit år. I denne podkasten kan du høyre korleis du kan få hjelp til HMS-arbeidet frå NLR Vest og våre samarbeidande bedriftshelsetenester. Kanskje får du eit og anna konkret tips som kan vere nyttig for deg? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden tar me for oss biogass. Kva er biogass? Og vil det bidra til å nå landbrukets klimamål for 2030? Med oss har me Tord Araldsen som har vore prosjektleiar i forprosjektet Voss biogass og Mari Aker som har arbeidd mykje med biogjødsel i NLR Vest. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kretsløptolken er eit verktøy som syner utnyttingsgraden av fosfor, nitrogen og klimagassutsleppa på garden frå jord til mjølk. Programmet er henta frå Nederland, der det i dag blir nytta av mjølkebønder. I Noreg vart det fyrst teke i bruk av Bart van Gool i tidlegare NLR Hordaland.Programledar er Helena Elvatun. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Det er aukande interesse for jord og jordhelse med omsyn til klimapåverknad og karbonlagring. Ulike undersøkingar er sett i gang, for mellom anna å finna tiltak som er bra for jorda og jordhelse under norske tilhøve. Innhaldet av organisk materiale og karbon er ein viktig faktor for god jordhelse. I jorda på Vestlandet er dette jamt over høgt på grunn av mykje eng. Kompost er positivt for jordlivet, og kompostering av vrakfôr tilsett lauvtreflis, litt fast møk og gjerne litt friskt gras er både god utnytting av ressursane på garden og viktig for krinslaupet av næringsstoff. Kompost tilfører sopp og organisk materiale til jorda og dette er god mat for mikroorganismane. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Landbruket har som einaste næring til no, inngått ein frivilleg avtale med regjeringa om kutt i utslepp av klimagassar. Avtalt kutt er på 5 millionar CO2-ekvivalentar innan 2030. Bruken av maskiner som nyttar fossilt drivstoff er stor i landbruket, og maskinparken er dermed sentral i arbeidet for å nå kuttet i utslepp av klimagassar. Viktige spørsmål framover vert korleis bruk og utvikling av landbruksmaskiner kan bidra til kutt i utslepp av klimagassar frå landbruket. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Klimakalkulatoren skal lanserast 15.oktober. Dette er eit digitalt verktøy som er spesielt utvikla for landbruksnæringa og den norske bonden. Han gjev oversikt over utslepp, og viser korleis ein kan redusere utslepp og binde karbon på gardsnivå. Målet er at flest mogeleg bønder tar dette verktøyet i bruk. Kalkulatoren vert i fyrste omgang tilgjengeleg for mjølk, korn og gris. Me har besøk av Svein Skøien, prosjektleiar i Klimasmart Landbruk, og me snakkar med han om korleis klimakalkulatoren kan brukast av vestlandsbonden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dette er ein introduksjon til Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast. Først ute no i haust er ein serie med klima som hovudtema. Sidan kan det bli både enkeltpodkastar og andre fagseriar. Me håpar at du som lyttar vil setja pris på dette, kom gjerne med tilbakemeldingar og ynskje om tema. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Våren er godt i gang, og før me veit ordet av det, så er det plutselig slått att! Det har dei siste åra vore auka fokus på fôrkvalitet, og skilnad på god og dårleg fôrkvalitet. Kva er det som påverkar korleis kvaliteten av grovfôret vert , og kva verktøy har bonden for å ta dei rette avgjerdslene for å få den kvaliteten han eller ho treng til akkurat si gardsdrift? I denne podkasten snakkar me med Petter Klette som er rådgivar i Tine, og Håvard Steinshamn som er forskar i Nibio. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Nok grovfôr av rett kvalitet er avgjerande for å lukkast i mjølkeproduksjon. På Fureneset testar dei no ut om tidlegare gjødsling og tidlegare slått kan vera med å bidra til meir grovfôr med høg fôrkvalitet. I denne episoda snakkar vi med Håvard Steinshavn og Åsmund Mikalsen Kvifte, som begge er forskarar i Nibio. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vi brukar den til alt, og vi finn restar av den overalt. I sjøen, i fjæra, langs vegen, oppe i trea og langt til skogs. Plast! Materialet som nesten alt er pakka inn i, og som har ei bortimot uendeleg nedbrytingstid. Ei forbanning på avvegar og ei velsigning i bruk. Visste du at landbruket er knallgode på attvinning av plast? Heile 86% av innsamla landbruksplast vert nytta om att. Kanskje er den neste bereposen du tek på Rema tidlegare rundballeplast! Høyr meir om utfordringar og moglegheiter for landbruksplasten når vi snakkar med Kari Sigrun Lysne i podkasten Vestlandsbonden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden har me tatt ein prat med Bart Van Gool. Han var rådgjevar i NLR i mange år, stasjonert i Kvinnherad. Her får me eit tilbakeblikk om kva som har vore viktig å formidle som rådgjevar oppover tida, innan presisjon og anna god agronomi. Det blir også eit intervju med vår rådgjevar i maskinteknikk Gunstein Dyrdal om kva som er nytt og kva som kjem framover. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Mentorordninga i landbruket er eit tiltak for at unge, eller nystarta bønder skal få lære direkte av erfarne bønder. Gjennom møter og samtaler gjennom eit heilt år byr mentor på sine erfaringar, og er ein god sparring og diskusjonspart for den den oppstartande bonden. Ordninga kan nyttast i tradisjonell næring, men og i nyare næringar som «Inn på tunet», eller foredling og sal av varer frå garden. I denne episoda fortel rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest om det formelle rundt ordninga. I tillegg får vi høyre Torgeir Lavik og hans mentor Eivind Myrdal snakke om sine erfaringar og deler raust ut med gode råd. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne podkasten tar me ein prat med Frøydis Haugen, tidlegare mjølkebonde og klimakoordinator i Vestland. Her får me eit innblikk i kva jobben hennar har vore, og kva som er grunnen til at ho engasjerer seg i klimautfordringane i landbruket. Les meir om dette på nettsida: www.klimavest.no.Me har også tatt ein prat om klimarådgjeving med vår kollega Åsmund Seljeset. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dei fleste av oss møter bier i løpet av sommaren. Nokon vil helst unngå dei, medan fruktbønder kan betala for å få titalls tusen av dei inn i hagane sine.Kva nyttar me biene til? Kva gjer ein birøktar og korleis får ho biene til å spele på lag? Veit du kva biene gjer om vinteren? Dette og meir får de svar på i denne episoden av Vestlandsbonden som er tileigna dei fabelaktige honningbiene.Me pratar med Heidi Eiken som har 12 års erfaring som birøktar, og me høyrer frå Jan Ove Nes som er fruktbonde og siderprodusent i Hardanger. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden har me tatt ein prat med vore gode kollegar Dag Arne Eide og Åsmund Seljeset. Her får me gode råd om korleis ein kan nytta husdyrgjødsla godt og me prata litt om gjødslingsplan. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.