Discover
Radio Sunnmøre
3116 Episodes
Reverse
Brukt & Nyttig på Valderøya skal i sommar flytte til nye lokaler. Dei skal ta over lokala til den gamle fargehandlaren på Valderøya. Då får ein samla alt av møbler og resten av butikken på eit areal. Alt overskotet til butikken går til barne -og ungdomsarbeidet i Imf-Ung Sunnmøre.
Høyr Jan Ivar Stokset fortelje meir om Brukt & Nyttig på Valderøya.
Søndagens tekst er henta frå Johannes 10, 11-18 og handlar om den gode gjetaren. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kva denne teksta eigentleg handlar om.
Onsdag 15. april inviterer Sykkylven kykrkje til ein temakveld om å inkludere alle og med tittelen Små grep - store utslag. Dei har invitert Øystein "Pølsa" Pettersen, frå tv-programmet Team Pølsa på NRK, til denne kvelden.
Høyr heile intervjuet med diakon Kristin Kjemphol Lohne, som fortel meir om kvelden.
I Kvardagspraten tek vi ein prat med Marit Stokken Berland som er på veg til Askøy til ei møtehelg. Ho og Jarle Berland har sidan påske vore på Fitjar, der dei haldt påskemøter, og i kvardagspraten får vi høyre ein liten rapport frå påska. Vi tek også ein prat om det å vere ein medvandrar for dei som jobbar med trua si og kva det betyr å gå med nokon på den vegen. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Det er gode søkartal til Sjøholt folkehøgskule for skuleåret 2026/2027. Rektor Lars Johan Klokk fortel at ein har over 50 % auke på antal søkarar, og i tillegg auke på ungdom som allereie har takka ja til plassen. Håpet er å lande på i overkant av 70 elevar totalt for komande skuleår, då vil rektor Klokk vere svært nøgd.
Høyr heile intervjuet med rektor, Lars Johan Klokk, ved Sjøholt folkehøgskule.
Det var fullt hus på Fiskerstrand bedehus fredag 10. april. Det var Valderøykvartetten som song og Radio Sunnmøre ved Ragnhild Kristine Vartdal Espelund delte eit ord for kvelden. God mat og god stemning, og praten gjekk. Gla sang arrangerast ein gong i månaden på bedehuset og Hans Petter Kalvø var stornøgd med oppmøte.
Vi tok ein prat med Frank Olav Hauge og Hans Petter Kalvø om fredagens arrangement.
I påska arrangerte ImF Sunnmøre påskemøter rundt om på Sunnmøre. Nytt av året var at det var enkeltmøter rundt om på ulike stadar og bedehus istaden for å arrangere påskeserie på ein stad. Administrasjonsleiar i ImF Sunnmøre, Arild Ove Halås, fortel til Radio Sunnmøre at det var over 600 menneske som besøkte møta totalt.
Høyr heile intervjuet med Arild Ove Halås.
Denne veka er det Geir Henning Tunheim som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han delar fem ulike andakter om sitt liv med Jesus. Vi tek også ein prat om livet som pastor i Misjonssalen Ålesund.
Ord til ettertanke av Geir Henning Tunheim
Ord til ettertanke av Geir Henning Tunheim
Ord til ettertanke av Geir Henning Tunheim
Ord til ettertanke av Geir Henning Tunheim
Ord til ettertanke av Geir Henning Tunheim
Søndagens tekst er henta frå Johannes 21,1–14, og handlar om då Jesus viste seg for disipplane ved Tiberiassjøen. Jesus ber disipplane kaste garnet på andre sida av båten, og igjen delar Jesus brød med disipplane etter oppstandelsen. Høyr heile praten med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund. Teksta er lest av Randi Fagerhol Lauvås.
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes om påska. Kvar dag og kvar veke får vi feire at Jesus har stått opp, og i påska var det mykje folk på påskemøter rundt omkring på Sunnmøre. På Alnes inviterte dei til påskefrukost 1. påskedag og å bedehusveggen henger det bilete av den oppstandne Jesus.
Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
Unge Hender er ei bedrift starta av David Fjørtoft Dalheim (17), som hjelper eldre og gir ungdom arbeidserfaring. David Fjørtoft Dalheim starta bedrifta som ei ungdomsbedrift for å gje ungdom ei arbeidserfaring for å kunne kome seg ut på arbeidsmarknaden. Unge Hender kan vere å hjelpe eldre med rydding, snøvmåking, gå tur og vere i lag sosialt.
Høyr intervjuet med David Fjørtoft Dalheim om Unge Hender.
Søndagens tekst 6. april er teksta frå Lukas 24,13–35. Den handlar om då Jesus viser seg for Emmausvandrerane. Det er her Jesus syner seg for disipplane etter oppstandelsen og vi samtalar om kva det er som skjer i denne teksta og kva vi kan lære av den. Høyr samtale med Karl Johan Bjørge og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.
I Søndagens tekst på 1. påskedag les vi frå Lukas 24,1–9. I ein samtale mellom Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, snakkar vi om kva som skjer i teksta. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.
Søndagens tekst for 3. april er langfredagens tekst. I samtalen har vi teke utgongspunkt i å lese Johannes 18, 17-24 og 28-30. I samtalen snakkar vi om det som skjer langfredag. Det er Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og redaktør i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, som samtalar om teksta. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.
Skjærtorsdagens tekst er henta frå Matteus 26,17–30 og handlar om då Jesus og disipplane delte påskemåltidet. Det er denne dagen at nattverdenen blir delt og lærer disipplane om måltidet som skal minnast han i lang tid. Høyr samtalen med prost Karl Johan Bjørge og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund. Teksta blir lest av Randi Fagerhol Lauvås.























