Discover
Radio Stryn Podcast
Radio Stryn Podcast
Author: Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
Subscribed: 19Played: 968Subscribe
Share
© All rights reserved
Description
I denne podcasten finn du blant anna Radio Stryn-programma Sport und Spaß, Jabbing om jobb og Vekas utvalde. I tillegg dukkar det frå tid til annan opp ulike temasendingar. Sport und Spaß er ei herleg blanding av sport og fjasing med programleiarane Roy Aron B. Myklebust, Thomas Thaule og Frank Hool.
138 Episodes
Reverse
Vi har med oss: Marie Rekdal Johannsdottir, nyopprykka til Toppserien med Molde FK. Maren Hjelmeset Kirkeeide, snart klar for å starte OL-sesongen. Og Heidi Holmlund, direkterapport frå KM-sluttspelkamp i Syril.
Ingvill Flo og Emil Goberg Solheim jobbar ved strynekontoret til PwC. Om kort tid får dei nytt namn og nye eigarar, i selskapet Tell.
Jon Fredrik "Joffen" Hopland er for mange helst kjent som trommeslager. No er derimot notane skifta ut med koding, og saman med ein tidlegare studiekamerat har han starta Altek AI. Dei er i ferd med å etablere seg som ein betydeleg leverandør til hotellbransjen, av tenester som nyttar KI (kunstig intelligens).
Kåre Tonning har alltid vore fascinert av sjøfart, og i ein alder av 51 år fekk han seg jobb som kokk og lettmatros på ein brønnbåt.
Bli betre kjent med leiaren for barnevernstenesta i Stryn. 23 år i jobben og klar for nye!
Hovudgjest i sendinga er Jostein Flo. 61-åringen takkar for seg etter 29 år i Strømsgodset, der han har vore både spelar, marknadssjef, dagleg leiar og ikkje minst sportssjef. Vi har også besøk i studio av Marie Haugen og Oddny Grete Njøten som oppdaterer oss på ståda i seniorhandballen i Stryn T&IL.
Bli betre kjent med Odd Kåre Hjelmeland som har drive gravferdsbyrå sidan han var 21 år gammal.
Fotballspelaren bak uttrykket "Jump in it" er med oss frå Nederland! Sondre Holmlund Ørjasæter vart nyleg selt til Twente og vi sjekker ut status for det nye profftilværet. Vi har også besøk i studio av far og son Krossen, som mimrer tilbake til Norway Cup og Ekebergsletta, der G14 bidrog med masse flott fotball og spennande dagar.
Christer Lunde Solberg er første gjest i sesong to av serien Jabbing om jobb. Han fortel om korleis han i godt vaksen alder måtte tenkje nytt og omskulere seg, då knea ikkje lenger tillet han å halde fram i jobben som omreisande seljar for Ricco Vero.
Mannsterk sending der vi har besøk av Nils Petter Hauge, Terje Walaker, John Rasmus Sæbø og Hallvard Skrede. Ein kameratgjeng som møtes til turar kvar onsdag - og litt til. Vi får også innside-informasjon om "skjeggestuntet på Stryn stadion" av hovudpersonen sjølv, Frank Hool.
Kåre Rake (90) og Egil Solheim (81) gir eit lite innblikk i krigsåra i indre Nordfjord. Rake var sjølv 5 år då krigen braut ut, og far til Solheim, Magnus Solheim, var fenrik og deltok i krigshandlingar i Valdres. I samtalen fortel dei om historier han delte; bombingar i Valdres, fangenskap og rollebytet då freden kom.
Eivind Skjerven er i studio og demonstrerer Bemer-matte. Klemet Bø er med på telefon frå VM i skiskyting i Lenzerheide og Sigbjørn Kirkeeide har det travelt med å både førebu NC på Ullsheim og følge med på dottera Maren i VM.
NRK og TV2 kommentator Ole Kristian Stoltenberg er hovudgjest. Utanrikskorrespondent Inge Brynestad er med frå Anterselva og "Thor Gotaas" svingar innom.
Silje Åsnes Skarstein skulle aldri bli bonde. I dag er ho ikkje berre bonde på fulltid, ho har også blitt bønder sitt talerøyr med engasjerande innlegg i sosiale media og i aviser. Bli betre kjent med den frittalande kvinna frå Fjaler som no er busett i Olden.
Kveldens gjest er sjølvaste 71 grader Nord-vinnaren, Espen R. Nakstad! Norges tøffaste kjendis fortel om turen gjennom Stryn og Hornindal, forholdet til dei andre deltakarane og det å halde deltakinga skjult for kollegaer og vener. Han blir også utfordra på ei dialektoppgåve. I sendinga ringer vi også opp Månadens lyttar og det blir spalten "Ka i alje dage"?
Jan Fjellkårstad (45) frå Blakset er økonomidirektør i måløyverksemda Coast Seafood. Dei omset fisk og sjømat for milliardar og har store deler av verda som marknad.
I den 7. episoden kan du bli betre kjent med Marius Solbakken. Austlendingen som kunne tenkt seg å bli snikkar, men som enda opp som kommuneoverlege i Stryn.
Petter Arnt Løvdahl har alltid hatt mange jern i elden, og har sjeldan nøya seg med berre ein jobb om gongen. Vaktmeister, lærar, PPT-konsulent, bussjåfør og fjellførar er berre noko av det den allsidige 74-åringen har sysla med.
Stortingspolitikar og storspringar Alfred Bjørlo og skiskyttar Simon Hjelmeset Kirkeeide er gjester i dagens sending. Og vi ringer opp "Månadens abonnent", Andre Flo.
Oline Horten er ei ung oslokvinne som enda opp som prosjektleiar for Stryn kommune sin samfunnsplan. Høyr korleis året i Stryn har vore og kva tankar ho gjer seg om livet i ein liten vestlandskommune.























