DiscoverSolveig og Erling Thu
Solveig og Erling Thu
Claim Ownership

Solveig og Erling Thu

Author: solveigogerling

Subscribed: 1Played: 14
Share

Description

Vi deler frå livet og fellesskapet med Gud og menneske. Vi tek opp aktuelle emne og deler innsikt og visdom frå eit langt liv.
146 Episodes
Reverse
Vi takkar Gud for livet og for livet i fredelege Noreg med 17. mai feiring og stor glede. Pinse inneber at vi ikkje er åleine. Trøystaren, Talsmannen, Hjelparen er alltid hos oss, for han bur i oss som trur. Når tårene kjem er han trøystaren so hjelper oss til å sjå ting i rett perspektiv. 
Dette er den fjerde undervisninga om Guds evige plan og hensikt og i dag seg vi på endemålet og kva Gud gjer når han vil frelsa verden. 
Å lyda og tru

Å lyda og tru

2024-04-2520:23

Å lyda og tru gjev glede og fred. Bibeltruskap fører til frimod og og glede i kvardagslivet i nabolaget og i det kristne fellesskapet.
Guds evige plan og hensikt er sentrert om Jesus Kristus. I han er vi utvalt frå før verda vart skapt og i han har vi vår felles identitet. Guds kjærleik er utgangspunktet for Guds plan og alt han gjer og finn sitt uttrykk Guds familie, Jesus kropp og Andens tempel av levande steinar.
Påske - fest og glede

Påske - fest og glede

2024-04-0319:40

Påske er ei stor høgtid som vi har feira med fest og glede saman med gode folk. Jesus har vunne over døden og hans ord vender ikkje tomt tilbake. 
Misjonsrapport

Misjonsrapport

2024-03-1923:10

Solveig og eg har vore på misjonsreise til India og Nepal. Vi har opplevd Guds hjelp og nåde, pluss magetrøbbel og utfordringar, men Herren har vore med oss. Alle våre venner melder om framgang for evangeliet.
Sorger og gleder

Sorger og gleder

2024-02-2120:48

Vi har feira Solveig sin åttiårsdag med stor glede og flott fest saman med familie og venner. Etterpå fekk Erling ei nedslåande melding frå augelegen. Sorger og gleder vandrer til hope, slik syng vi i songen og slik er livet, men vi set vår lit til Herren og håper på hans inngrep til legedom.
Eg held fram med å undervisa om Guds evige plan og hensikt. I dag ser vi på korleis Gud arbeider i historia, om korleis han gjer pakt og oppfyller lovnader.
I opne heimar kjem det mange folk innom og vi får gode samtalar og gilde drøser. Morsdagen minnar oss på våre gode mødre som no er heime hos Herren, men som framleis fortener heider og ære!
Å sjå folk rundt oss og bry oss om andre er heilt grunnleggjande  for å vera eit godt medmenneske og ein god leiar. 
Solveig deler nokre gode opplevingar og ting ho har skrive. Kanskje dagen er grå, men likevel kan dagen bli lys og fargerik ved Guds nåde.
Det er viktig å forstå Guds evige plan og hensikt for opphavet vårt avgjer korleis enden blir. Når vi forstår kven Gud er og kva plan han har, vil vi bli frie og skapande i å avspegla Guds herlegdom i det kristne fellesskapet og i samfunnet vi lever i. Dette er første av fire undervisningar i serien om Guds evige plan.
Oppmuntringar og takk

Oppmuntringar og takk

2024-01-3021:08

No går no dagane på det jamne, men dei er fulle av oppmuntringar. Samlingar med huskjerkå vår i små grupper, i fellessamlingar og festsamlingar er alltid oppmuntrande. 
Takkseiing er heilt grunnleggjande i det kristne livet. Portane inn til Guds hus heiter lovprisning. Vi går inn gjennom portane hans med takkseiing og inn i føregardane med lovsong. Lat oss stige fram for Gud med takk og glede, for han har skapt oss og held oss i live kvar einaste dag!
Vi held fram å takka Gud for velsigningar i kvardagen og rapporter frå ei veldig god leiarhelg på Brandøy Misjonssenter.
Diamantåret

Diamantåret

2024-01-0420:42

Vi har gått inn i eit nytt år. Vi kallar det diamantåret og har store forventingar til kva Gud skal gjera!
Vi har vore på Gullbotn og hatt ei flott førjulstid med mange velsigningar. Så gjer vi oss klar til ei ny julehelg og ønskjer alle våre venne ei velsigna Julehelg!
Gud er nær

Gud er nær

2023-12-1115:21

Vi har hatt ein svær runde med covid19, men er på beina att. Midt i sjukdom og vanmakt har Gud vore nær. Vi har også fått nokre spennande nye kontaktar som vi får bli kjent med og dela evangeliet med. Gud er god!
Spennande tider

Spennande tider

2023-11-2324:14

Livet med Gud er spennande og utfordrande! Gud er tilstades i kvardagen vår og på store samlingar. Gud reiser opp ein ny generasjon av leiarar som tener hans plan i denne tida.
Vi har vore i England og Wales og besøkt både vår naturlege og åndelege familie. Det har vore ei stor velsigning å treffa vår to døtrer, svigersøner og barnebarn. I Wales fekk vi også vera med på World Watch - ein misjonskonferanse med svært oppmungtrande rapportar frå kva Gud gjer mange forskjellege plassar.  Då vi kom heim fekk vi vera med å døypa ein ny læresvein, broren til ein ny læresvein som eg døypte i april! 
loading
Comments 
Download from Google Play
Download from App Store