DiscoverTru og meining i gammal tid
Tru og meining i gammal tid

Tru og meining i gammal tid

Author: Eldar Heide

Subscribed: 68Played: 2,807
Share

Description

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining
101 Episodes
Reverse
Er det mote i døden? Ja, det ser sånn ut når vi følgjer gravskikken gjennom siste 10 000 år. Ein gravhaug er vel eingravhaug, og ei gravrøys er vel ei gravrøys? Nei, så enkelt er det nok ikkje. Kva ville du valt? -Med eller utan fotgrøft? Med bautastein? Kanskje stjerneforma steinlegging? På eit nes der alle som fór i båt kunne sjå deg? Eller på høgda ved tunet, der du kunne følgje med på tabbane svigersonen din gjorde?Kva gjorde dei som ikkje var bufaste, eller dei fattigaste? Var kristninga eit framsteg for den som skulle liggja i grav? Og kva gjorde sosialdemokratiet etter krigen med gravskikken?
Kva er eit vikingskip, eller ei stavkyrkje? Det er kanskje ein kopi av eit skip frå vikingtida, eller ei kyrkje frå … stavtida. Nja. Når vi ser nærare på det, så er det komplisert på mange måtar. Det skal vi grava oss ned i her. Kor sanne er skipa som står oppstilte på Bygdøy? Kor lite kan du ha bevart for å kunne rekonstruere noko? Er det nok at skipet kan spela rolla som vikingskip? Velkomen til det nye bunadspolitiet.  Andre stikkord:Gokstadskipet, Osebergskipet, Bygdøy, Tuneskipet, Klåstadskipet, Skuldelev, Roskilde, Saga Oseberg, Draken Harald Hårfagre, Myklebustskipet, roskip, etymologi viking,Lothepus, Odda, bygningsvern, Gadamer.
Mesopotamisk religion er den eldste vi har fyldige kjelder til – det er i dagens Irak og tilgrensande strøk i vest. Kva slags religion hadde folk for så lenge sidan? Var det som kristendomen, eller meir som vår førkristne religion her i Norden? – eller til og med som i folketrua vår? Var det sterke gudinner eller dominerande mannsgudar? Var det gudar for naturfenomen, eller var det gudar for gatefeiing? Var gudane berre i templa, eller var dei heime hos folk? Eg kan avsløre at det var tusenvis av gudar og at varseltaking med sauelever stod sentralt. Det var her astrologien oppstod.  Andre stikkord: Irak, Tyrkia, Syria, Anatolia, Babylon, Assyria, persarane, Bibelen, jødane, sumerisk, akkadisk, sola og månen, Eufrat, Tigris, kileskrift, Ishtar, Gilgamesh, astronomi, Den gylne halvmånen, tidleg høgkultur, polyteisme, smågudar, gardvorden, tuftekallen, nissen, haugbuen, attergangarar / gjenferd.  
Orknøyane og Shetland var heilt norskspråklege i mellomalderen, som andre norske landsdelar. Språket måtte vike for engelsk på 1700-talet, men mange norrøne ord har overlevd i engelsken til moderne tid, og mykje norrøn folketru har overlevd – ofte knytt til norrøne nemningar. I denne episoden skal vi sjå på korleis tradisjonen om haugbuen og innbrot i gravhaugar har klart seg på Orknøyane. Dette var populære motiv i dei norrøne sogene, som har overlevd i mange segner på Orknøyane, omtrent som her på fastlandet.  Andre stikkord: Maeshowe, Orkhaug, Orkahaug, runeinnskrifter, Orknøyinga saga, norn, språkskifte, draug, troll,brownie, hogboon, hugboy, tuftekall, haugebonde, tunkall, gardvord, nissen på lasset, haugaeldr, vettelys, nålys, krosstog / korstog, Jorsal / Jerusalem.
Kor gamle er gardsnamna våre? Klarer vi å kople gamle gardsnamn saman med arkeologiske data om dyrking på staden? Tja. Ideen om urgarden som ein vedkubbe som vart kløyvd opp i mindre og mindre bruk, som vi kan sjå i namnematerialet – den har fått hard kritikk frå arkeologar, og er problematisk. Men kanskje kan vi berge ideen likevel, i ein kombinert modell. Urgarden er eit sentralt spørsmål både i namnegransking og arkeologi.
Kva rører seg i hovudet på han som står bak denne podkasten? Det dreiar seg om mykje rart, frå salsadansing til nordlandsbåt, via Odin, plantenamn og sans for praktisk arbeid. Og ein del tankar om forskingsmetode og korleis livet kan brukast. Gry klarte å lokke Eldar til å bli med på denne episoden, der han er gjest.
Korleis har folk tenkt om orientering og landskap når dei har fare med båt langs kysten vår gjennom tusenvis av år? Alle gamlingane er døde, men mange stadnamn har overlevd sidan urgammal tid, og når vi ser dei i samanheng med landskapet, som framleis er det same, så kan vi seia ein heil del – om guddomleg nyttige landemerke, guddomleg gode hamner – og om hamner som folk har gøymt seg i. I Ytre Oslofjord har vi eit nyoppdaga, spennande tilfelle. Stikkord: Blå Jungfrun, Helgenæs, Jomfruland, Hvaler, Herføl / Herfellbukta, Lindesnes, Bokn / Boknafjorden, Siggjo, Lukksundet, Horgo, Lyderhorn, Ulriken, Alden, Kinn, Batalden, Hornelen, Stadlandet, Flåvær, Peder Clausson Friis, Godøya, Goðeyjar, Helgøya, Varalden, Varaldsøy, Fosna, Heilhornet, Løkta, Sjona, Lovund, Gjømma på Gjerdøya, Landegode, Rolla, Vardø, navigasjon, himmelretningar.
Ifølgje vanleg oppfatning er fallossteinar ein funntype frå eldre jarnalder, som symboliserer potens, fordi dei er forma som erigerte ….. øh, … ja. I Sverige blir den same gjenstandstypen rekna som kuleforma og tolka som symbolske … brødkorger. Tolkingstradisjonen legg tydelegvis sterke føringar for kva ein ser i materialet. Går det an å koma lenger i forståinga av desse steinane, kanskje i lys av norsk folketradisjon og samisk tradisjon nedskriven i tidleg moderne tid? Kan problemet minne oss om korleis etnisk religion fungerer?  Andre stikkord: Heilage kvite steinar, stenklot / gravklot, falloskult, fruktbarheitskult, dei underjordiske, Hans Jacob Wille, husgudar, Tussesteinane, Brødsteinen, høgsete, Gleinsteinen, Rosslandsguden, Skjeng, faksar i Setesdal, samiske sieidi-steinar, Guðrúnarkviða in þriðja / Den tredje Gudrunkvida / Det tredje Gudrunkvadet, Rikard Berge, Theodor Petersen, Bjørn Myhre, Bergljot Solberg.
Kva slag prinsipp la dei vekta på, dei som utforma dei eldste lovene våre? Kva såg dei som det verste ein kunne gjera? Kva var ikkje så farleg? Kva stilling gav lovene kvinner? Kor tidleg juss har vi vitnemål om? Korleis oppstod lovene? Vart jussen mykje endra av kristninga? Dette, og meir til, får du høyre om i denne episoden.
Vi veit vel mykje om norrøn mytologi? Tja, kanskje er det heller slik at vi veit litt, om dei viktigaste figurane. I dag skal vi snakke om nokre vi berre ser avtrykk av i kjeldene, eit fotspor eller to. Vi ser holet, der det ein gong har stått eit mytekompleks. Dette frustrerer, men kanskje får det oss til å sjå klårare kva tolkingsarbeidet går ut på. Og det er faktisk spennande å grava fram dei få detaljane vi har, prøve ulike tolkingsmulegheiter, og rive seg i håret. Stikkord: Gjevjon / Gefjon, Uppsala-kongane, Mälaren, Sjælland, Lejre, vane-gudane, kvinnemakt, jotun, Gnå / Gná, valkyrjer, Meile / Meili, Fårbaute / Fárbauti, Aurvandel / Aurvandill, Aurvandelstå / Aurvandilstá, stjernehimmelen, Høne / Hǿnir, Mime / Mímir, Ull / Ullr, Frigg.
I gammal tid var lyden i landskapet viktig. Folk utnytta lyden som berre var der, og dei utnytta landskapet til å skapa og forsterke lyd – for å kommunisere, og med rituelt føremål. Det kan dreie seg om plassering av hellemaleri og den slags, og om skikkar knytte til klangsteinar og dei underjordiske – heilt fram til vår tid. Kva inneber det at folk kalla ekko for dvergmål?
I vårt samfunn er det eit skarpt skil mellom religion og rettssystem. Men vi skal ikkje langt tilbake før vitne skulle sverja ved Bibelen. I førkristen tid var rettsstellet nært kopla til religionen. Lovene var gjevne av nornene, gudane søkte til tings når vanskar oppstod, og fredsavtalar kunne sverjast ved religiøse gjenstandar eller gudane, og dei juridiske leiarane var òg kultleiarar. Dette heng saman med eit evig spørsmål: Korleis kan du binde folk til å snakke sant eller oppføre seg slik dei seier?
Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?
Kva skapningar måtte folk tilpasse livet etter i det førmodernejordbrukssamfunnet? Her ser vi på dette i naturmytiske segner frå ein region på Vestlandet. Det blir tunkallar og huldrefolk, magisk felespel og feite huldrekyr, stålkasting, flatbrødbrenning, pining av spedbarn, sensur, huldreelsk, schizofreni og utruskap, jordmor hos dei underjordiske og tjørekrossar over døra. Men kva funksjon hadde desse førestillingane?
Korleis går du fram for å tolke stadnamn? Finst det ein metode? Ja. Er den handverk eller vitskap? Ja. Kanskje pseudovitskap? Nei. Men vanskeleg. Bli med på ein tur gjennom eit landskap fullt av snubletrådar.
Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrfenomen på himmelen, stjernebiletet Ulvekjeften, og fimbulvinteren på 500-talet. Ikkje minst blir det ei heilt ny forklaring av guden Vidar. Andre stikkord: Bisol / parhelion, krigsguden Mars, tidsrekning, vekedagsnamna, tysdag / tysdag, ringborger / trelleborger,Trundholmvogna / Trundholmvognen, Tysnes, Fenrisulven, Hyades, Auriga, stjernehimmelen, gandreið, solkross / solkors, klimakrise, astrologi, Mesopotamia, Týr.
Korleis oppstår ord? Kva slag tankegang og tankeprosessar ligg bak? Her skal vi gå gjennom ein haug med døme frå dei siste 5000 åra, opp til dagen i dag. Eller, dagen i fjor. Mekanismane er ganske like dei vi såg i stadnamn i episode 40.Innspela på Ås 7.3.2024.
Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn og gardsnamn kringom i landet, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva det var for noko, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Eg gjev mi forklaring i ei vitskapleg bok som kjem ut no, og her får du høyre kva som står i den. Eg har undersøkt landskapet rundt alle stader som heiter noko medhorgi Norden for å finne det eg meiner er svaret.Figurane vi kommenterer i episoden, kan du sjå i pdf-en av boka, som ligg gratis på: https://www.idunn.no/doi/book/10.18261/9788215067810-25
Kvifor brende folk dei døde gjennom lange periodar av førhistoria? Kan vi forstå meir av det gjennom å studere likbrenning og tankegang rundt det i andre delar av verda i dag? Kva er mest respektfullt – å brenne liket, grava det ned, søkke det ned i vatn, eller leggja det ut til åtselfuglar? Opnar den eine eller andre måten for fleire rituelle og symbolske mulegheiter enn andre? Terje Østigård har granska kremasjon i Asia i dag, og tolkar kremasjon i førhistoria vår i lys av det.
I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange i dag som kjenner ganding som ei form for trolldom, som særleg blir tilskriven samane. Å gande skal vera heilt abstrakt å kaste vondt over nokon. Då har det endra seg veldig frå gand i mellomalderen, som er dagens tema. Då var ein gand fyrst og fremst ein trolldomsutsending, gjerne i dyreham, som skaffa opplysningar eller slost med andre gandar. Men faktisk var gand eit kryssingspunkt for mange kompleks av førestillingar.
loading
Comments 
loading