DiscoverTeater Vestland
Teater Vestland
Claim Ownership

Teater Vestland

Author: Teater Vestland

Subscribed: 0Played: 2
Share

Description

Ein podkast frå Teater Vestland.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

3 Episodes
Reverse
Gebrokkent

Gebrokkent

2025-06-1332:59

Ei teateroppleving på øyret – når du vil, kor du vilVelkommen til ein gåtur i landskap som både leikar og leitar i det eksistensielle.Kva vil det seie å føle seg heime?«Gebrokkent: Eg vil heim» er ei ny lytteoppleving frå Teater Vestland, skrive av Arturo Tovar Lopez. Verket er inspirert av tekstar av Jakob Sande og samtalar med menneske som har kome til Førde frå heile verda.Du får høyre stemmer frå menneske som har kome hit frå heile verda – sett til musikk og lydlandskap som forsvinn inn i naturen og gjer turen til noko meir enn ein tur.Medan teater vanlegvis krev billett og eit fast klokkeslett, er denne opplevinga heilt annleis.«Gebrokkent: Eg vil heim» er gratis, og du vel sjølv kor og når du vil lytte. Du kan gå åleine – eller saman med nokon, og snakke om opplevinga etterpå.Lydfila varer ca. 30 minutt og er laga for vaksne. Du høyrer den med mobilen og øyretelefonar, enten ved å laste ned eller strøyme direkte.Du finn opplevinga der du vanlegvis høyrer podkast – som på Spotify og Apple Podcasts – eller på teatervestland.no. Opplevinga er også tilgjengeleg via QR-kode på dagsturhyttene i Vestland.—Om serien GEBROKKENT«Gebrokkent: Eg vil heim» er den tredje lydvandringa i serien Gebrokkent, som starta i 2020. Tidlegare verk er:– Vi høyrer saman, vist på Munchmuseet i Oslo under Only Connect Festival våren 2022– Endemisk Norsk, vist under Ultimafestivalen hausten 2023 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Skogsopplevingar

Skogsopplevingar

2023-06-0520:33

EI TEATEROPPLEVING PÅ ØYRET Du er hermed invitert til ei annleis teateroppleving – ein komposisjon med naturen som scenografi. «Eg går ut i skogane fordi eg ønsker å leve eit bevisst liv, for å bli konfrontert med dei essensielle kjensgjerningane i livet og sjå om eg ikkje kan lære kva det har å lære meg, så eg ikkje ved slutten av livet skal oppdage at eg eigentleg ikkje har levd.»                                                                                                     Henry David Thoreau Grøne tilfluktsstader er kanskje viktigare i dag enn nokon gong, ein pause frå dei stressande, innsesittande liva våre. Skogen kallar på oss, han ventar på at vi skal oppdage han på ny, han minner oss om den tiltrekkande, mystiske og altoppslukande krafta i naturen. Men har naturen blitt noko framand for oss? Presser vi heile jordas historie inn i eitt år, har det moderne mennesket eksistert i 37 minutt og brukt opp ein tredel av jordas naturressursar på berre 0,2 sekund. Korleis finn vi tilbake til kontakten med naturen? Og kva for svar om oss sjølve og liva våre kan vi finne her?Skog er lyd. Ein akkord av liv og død, ein tone som har sunge gjennom verdas skogar gjennom 300 millionar år. Regissør Elisabet Topp og komponist Eirik Havnes har saman skapt ein komposisjon du kan laste ned og ta med deg ut på tur. Du kan høyre på den på favorittplassen din i skogen, men du treng ikkje å gå lenger enn ut i hagen. Du startar gåande, og så får du beskjed om kva du skal gjere. Teateropplevingar krev som regel at du må kjøpe billett og møte opp på ein bestemt stad til eit gitt klokkeslett. Med Skogsopplevingar tilbyr Teater Vestland ei gratis oppleving du kan laste ned og ta med ut på tur når det passer for deg, og som du kan lytte til igjen og igjen. Det er ei oppleving du har åleine her og no, men det er sjølvsagt ingenting i vegen for å gå saman med vener eller familie - og så kan de snakke om opplevinga etterpå. Opplevinga er skapt for vaksne.  Teater Vestland har også inngått eit samarbeid med dagsturhyttene. Nesten alle kommunane i Vestland har dagsturhytter, og der vil det henge ein QR-kode som du kan skanne, og så kjem du rett til lytteopplevinga på nettsida deira dagsturhyttene.no.  Gjennom denne lydopplevinga inviterer vi til å sjå verda kring deg med nye auge.  God tur! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
EI TEATEROPPLEVING PÅ ØYRET Du er hermed invitert til ei annleis teateroppleving – ein komposisjon med naturen som scenografi. PREMIERE 9. JUNI Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Comments