DiscoverPå ekta - Ryfylkepuls
På ekta - Ryfylkepuls
Claim Ownership

På ekta - Ryfylkepuls

Author: Tor Øyvind Skeiseid

Subscribed: 2Played: 22
Share

Description

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

17 Episodes
Reverse
Trygg frå scenen

Trygg frå scenen

2025-10-1528:02

Beethoven, Brendeland, ungdomspolitikk og ammoniakkfabrikk. 18 år gamle Ingrid Fatnes Sauda er verken redd for å spela, syngja, leia eller meina. Enten det er frå scenen, i eit ungdomsråd eller gjennom eit lesarinnlegg. Og engasjementet er godt over middels. - Eldrebølgja er farlegare for Sauda enn ammoniakkfabrikken, seier ho. Oisann. Kva er det eigentleg ho meiner?
Fryktlaus fargeklatt

Fryktlaus fargeklatt

2025-07-0731:45

Ho er ikkje redd for å gripa sjansar, gjera feil eller for å gå for plan B eller C. – Om ei dør blir lukka, kan ei anna bli opna. Eg meiner, så lenge det er gøy, why not? Bonolo Ramphomane-Aandahl frå Sør-Afrika og Sand ler høgt, satsar stort og har eit brennande ønske om å skapa meir liv i Ryfylke. Høyr hennar nesten uverkelege reise frå raseskilje i Soweto til stille, men trygge Suldal, der ho har tatt grep.
- Ikkje på billigsal!

- Ikkje på billigsal!

2025-04-1030:41

Ho driv med tydeleg, men venleg vaksenkjeft. Anne Langeland Bratthammer kan gjerne bu i Ryfylke resten av livet, men ikkje for ein kvar pris. - Bedriftene og kommunane i Ryfylke må gjera seg lekre for oss ungdomar! For me er ikkje på billigsal. Dei må investera i oss, er den klare meldinga frå leiaren i ungdomsstyret i Ryfylke.
- Ja, du blir på grensa til gal når du føler du har tenkt på alt som det går an å tenkja på, innrømmer Karen Kyllesø frå Årdal i Ryfylke. 13. januar 2025 kom ho fram til Sørpolen etter 54 dagar åleine på ski over Antarktis. Då ho nådde polpunktet sette ho verdsrekord i å vera den yngste som har gått åleine til Sørpolen. 21 år gamle Karen hadde planlagt turen i seks år, heilt sidan ho kryssa Grønland i niande klasse. I podcasten På Ekta møter me den uredde, rasjonelle ryfylkingen, som alltid h...
Vil vera der det skjer

Vil vera der det skjer

2024-12-1832:48

Det er gjerne ikkje rart at Håvard Handeland blei ordførar i Sauda som 19-åring. For alt som seksåring blei han vald inn i elevrådet på barneskulen. Og det skjedde sju år på rad, ved hjelp av ein sleip valkampstrategi og dobbeltstemme til seg sjølv. Historia er nesten for god til å vera sann. Soga om Håvard Handeland er også ei historie om han som pur ungdom brukte kommunestyremøte på internett som laurdagsunderhaldning, om ein som elskar å lesa 512-siders rapportar om framtidig skulestruktur...
Han har tatt eliteserien med storm og fått legendestatus i Fredrikstad på rekordtid. Morten Bjørlo (29) var som barn meir interessert i å byggja sandslott enn å spela fotball på grusbanen på Jørpeland. Nå dominerer han på høgaste nasjonale nivå, har fått sin eigen supportersong og er sjefshumorist i garderoben. Kva var det som gjorde at alt «orna sæ i Fredrikstad?». I På ekta drar me til nettopp Fredrikstad og møter Ryfylke sin store fotballson, Morten Bjørlo. Og godorda og sidesparka haglar ...
Ho har tatt over familiebedrifta, som mor og far har drive i årevis. Maren Fossaa Viga (32) er nå sjef for Mikals Laks i Hjelmeland, bedrifta som er norsk meister i røykelaks. Nå skal Maren styra over ein storkjefta far og ei strukturert mor, som har bygd opp merket King Mikal Salmon til ein landskjendis. Men, det blir ikkje noko Queen Maren Salmon. Kongstanken får den høgrøysta faren ta seg av. Høglydt er det forresten ofte i familiebedrifta. For når Maren og faren går i diskusjon går desibe...
Ungdomen i Ryfylke leverer. Både med kunnskap, entusiasme, sjarme og spenning. Bli med bak kulissane i Ryfylkequizen for åttande klasse i mai. Møt ungdom frå heile Ryfylke før, under og etter den store TV-sende finalen. Nervar i høgspenn, opp- og nedturar og eit vinnarlag frå Finnøy som klinka til med rekord. Iskander, Alexandra og Daniel klarte faktisk alt rett, noko som gjorde læraren både stolt og rørt. Og dagen etter var det fest for alle i åttande trinn på Finnøy skule, med storfint besø...
Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

2024-04-1133:18

Han er tidleg oppe for å vekka både kalvar, kyr og familien. Og han nyttar dagen til det fulle, også til heftige diskusjonar. Ikkje minst gjeld det kommunesamanslåing for hans kjære Forsand, som han har jobba mot. Men, korleis er det eigentleg å stå i stormen i ei så heftig sak? Og er det ikkje på tide å gje seg? I denne episoden av “På ekta” blir me kjent med gardbrukaren Rolf Magne Haukalid frå Forsand. Det blir store stutar, tidleg familiefrukost, klartenkte ungar og galopperande naboskap....
Spring for livet

Spring for livet

2024-02-1632:25

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre. Gjer deg klar for joggetur. Ja visst er «På Ekta» med joggesko på denne gongen. Me har prøvd å halda følgje med Therese Neverdahl Nordbø (35) frå Tau. Ho har første joggetur klokka fem kvar morgon. Og neste økt er på ettermiddagen. Kvar dag! Snakk om ...
Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det unge ekteparet på ein plass dei knapt nok visste eksisterte. Dei tok sjansen, flytta til øyriket i Ryfylkebassenget i 2015, og kan ikkje tenkja seg noko anna enn å bu på Rennesøy. Her sjonglerer dei livet som to-barnsforeldre, arbeidskollegaer og idéfellesskap, og er ikkje redde for å ta i eit ek...
Merka for livet

Merka for livet

2023-11-0930:55

Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule var ikkje Jelsa ein aktuell stad å flytta tilbake til. Aldri i livet. Men, nå har ho budd på Jelsa dei siste ti åra, har mann, to barn og ikkje minst ein svær, gammal prestegard å ta seg av. Kva skjedde? Kvifor flytta Maren og familien him igjen? I den nyaste utgåva av podcasten På ekta møter Tor...
For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya Finnøy, som han flykta frå som 16-åring, og aldri skulle tilbake til. Men, Oddvar Vignes er den dag i dag sikker på at utan Finnøy og bygdesamfunnet hadde han aldri levd i dag. Høyr den ærlege historia om å erfara livet og bli grens...
Oddbjørn Mihle Strand frå Tau har på mange måtar kome heim. For han har gått gradene i idrettslaget Midtbygdens Idrettslag (MIL), frå barn til a-lagsspelar. Men, etter at den halvstuderte «røvaren» har jobba i bank, skule og møbelbutikk, er han blitt dagleg leiar for moderklubben. Ein altoppslukande draumejobb, som han seier. Dessutan kommenterer han lokalfotball for Aftenblad-TV og får kick av å lesa ein femtedivisjons-tabell. Møt Ryfylke sitt svar på Arne Scheie, småbarnsfar og energibunt O...
Ho elskar å reisa, og har heile verda som leikegrind. Rastlaus, uredd og litt naiv. Men trur du ikkje globetrotteren Helene Helgøy har slått seg ned på den vesle barndomsøya med 44 innbyggjarar. Og den første faste jobben hennar er i … nettopp … familiebedrifta Helgøy Skyssbåt, som fartar på kryss og tvers i Ryfylke. Men, om ho blir verande? Vel, ingen veit kor Helene Harefrøken hoppar. Bli med om bord og møt den sjarmerande og engasjerande matros Helene Helgøy.
Ho har satsa alt og det har gått på helsa laus. Men, ikkje tale om ho vil gje seg. For visst går det an å bli verdas sterkaste kvinne om ein bur i Sauda, lengst inn i Ryfylke. Møt Hildeborg Juvet Hugdal, styrkeløftar i verdsklasse, åleinemor og engasjert lærar. Ho erobra verda, etablerte seg i byen, men fann freden heime i Sauda igjen. Me møter også elevar i tredje klasse som skal bli verdsmeistrar dei også, akkurat som lærar Hildeborg.
Alltid på (lege)vakt

Alltid på (lege)vakt

2023-05-3128:49

Han lovprisar små samfunn, og meiner verdien av at «alle kjenner alle» er mykje større enn ulempene. Det har Bjarte Sørensen erfart som kommunelege gjennom 16 år i si eiga heimbygd. Likevel kastar han loss, og reiser langt, langt vekk frå sitt kjære Ryfylke. Ja, kanskje for godt. Høyr den mildt sagt interessante historia om Bjarte Sørensen i første utgåve av podcasten «På ekta».
Comments