DiscoverKarpodden
Karpodden
Claim Ownership

Karpodden

Author: Helse Bergen HF

Subscribed: 57Played: 258
Share

Description

Karpodden er podcasten for deg som har fått ein kar-relatert diagnose, for deg som er pårørande, og for deg som skal bli eller er helsearbeider. Vi tar for oss diagnoser, behandling, og korleis livet med ein karsjukdom kan vere.Podcasten er produsert av dei flinkaste fagfolka Helse Bergen HF innanfor karkirurgi og -sjukdom. Det meiner vi i alle fall sjølv.Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, fagansvarlig er avdelingssjef og overlege i karkirurgi Espen Tyse Gubberud.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

26 Episodes
Reverse
Enkelte pasientar med perifer arteriesjukdom - eller røykebein om du vil - opplever at dei blir nummen i beina, får ein følelse av å gå på puter, eller at dei ikkje heilt kjenner underlaget. Dette kan vere teikn på polynevropati og skade på nervane i beina. Professor i nevrologi og ekspert på polynevropati Christian Vedeler har tatt turen i studio for å opplyse oss! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Pasient Petrus fortel si historie og sin veg til å kunne gå igjen. Vi har óg med oss to ekspertar frå rehabiliteringsklinikken Nordås, og vi får høyre om korleis det tverrfaglige teamet jobbar rundt pasienten som har mista beinet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Lars Henrik Østevold er sjef i eit ortopedisk firma. Han fortel oss om kva slags ulike proteser som finnes, korleis dei jobber i saman med pasienten og teamet rundt om å få ein best mogeleg protese. Kva skal til for at den som har mista beinet sitt kan kome seg opp og gå igjen? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva kan føre til at ein pasient med karsjukdom mister eit bein? Kva for tanker gjer kirurgen seg før ei slik avgjerdsle blir tatt? Vi har snakka med karkirurgi Evind Osen om dette, og om korleis inngrepet går føre seg. Kva kan pasienten vente seg i dagane som kjem etter ein amputasjon av eit bein? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden får du høyre Karpoddens egen ekspert, karkirurgi Espen Gubberud skildre korleis dei behandlar blodpropp i beina. Kva er symptom og risikofaktorar og når kan det være skikkeleg alvorleg å få ein utbreidd blodpropp som må behandles raskt og med avanserte metodar. Kva er flegmasia cerulea dolens og kva er venøs claudicatio? Vi gir deg ny innsikt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
(Middelhavs-) Kosthold

(Middelhavs-) Kosthold

2024-07-2334:53

Om du har karsykdom eller ønsker å spise slik som er tilrådd for å forebygge hjerte-karsykdom så bør du høre på dette. Professor Lars Fadnes er vår gjest. Han har forska på effekt av ulike matvaregrupper på hjerte-karsykdom, og korleis ein ved å byte ut skadelege matvarer med andre kan forlenge livet. Om ein gjer endringar i kostholdet ved slike bytte kan ein påverke helsa si positivt både generelt og hjerte-kar-helsa spesielt. Veit du for eksempel kva slags effekt nøtter har på helsa di? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva kan du vente deg om du vert innlagd på ei karkirurgisk avdeling? Vi får kjennskap til livet på sengeposten gjennom sjukepleier Helena Økland sine levande forteljingar. Om kva som er utfordrande, kva som gjer arbeidet meiningsfylt og dei gode dagane. Om du er sjukepleier: Bli inspirert :) Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden har vi besøk av Eirik Dalheim, som har Raynaud. Han fortel om kva for symptom han opplever, og korleis han har tilpassa livet sitt så han lev godt med likfingrane sine. Karkirurg Einar Andrè Brevik forklarar sjukdomsmekanismen og kva for behandlingstilbud som fins. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Pasienten vi har besøk av i denne episoden fortel om dei dramatiske dagane då han fekk beskjed om at hovudpulsåra var i ferd med å sprekke. I all hast blei han operert - mens vi tilfeldigvis var til stades og observerte det heile frå utsida. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Endelig har Helse Bergen både fått nok podkaster, og klart å få samla gjengen til ein fellesepisode! I denne tverrfaglige bonusepisoden, utgitt den siste dagen i oktober like før sukkeret tar fullstendig overhand, oppsummerer karkirugane, ortopedane, infeksjonsmedisinarane og anestesi- og soveekspertane korleis vi har kome til det vi kjenner som moderne sjukehus og behandling. Som du gjerne gjetta - det har ikkje vore ei særleg hyggjeleg reise, men skal du lage god omelett så må du knuse nokre... egg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kar + Plastikk = Sant

Kar + Plastikk = Sant

2023-09-1237:37

Kva er lysken, kvifor er han så vanskelig og korleis kan plastikkirurgi plutselig henge saman med blodårer? Vi har fått med oss plastikkirurg Henrik Løvendahl Svendsen til å fortelle om flytting av hud, muskler og andre ting som du kanskje helst vil ha der det høyrer heime. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Veit du kva du skal gjere om du finner nokon på gata, omringa av blod? Eller veit du kva kirurgane gjer når blodårene ikkje held tett? I denne episoden fortel vår åreguru Espen Gubberud om kva som skjer når du har fått ein alvorleg skade på blodårene dine. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Lipødem er ein typisk kvinnesjukdom: Rammer berre kvinner, lite og dårleg forskning, få og dårlege behandlingstilbod. Eksperten vår, overlege i plastikkirurgi Hildur Skuladottir, har teke hand om desse damene og styrer eit nasjonalt forskningsprosjekt der pasientane får eit heilheitleg tilbod med oppfølging og operasjon. Ordforklaringar til denne episoden:Hypertensjon = høyt blodtrykkVaricer = åreknuterØdem = væskeansamlingInflammasjon = betennelseUnderekstremiteter = beinaLymfebaner = samler opp væske fra veveneLymfødem = væskeansamling på grunn av overbelastning av lymfesystemetProgredierende = tiltagendeToksiske doser = Mengde der giftige effekter viser segElektrolyttforstyrrelser = tilstand med ubalanse i salt-og mineralnivå i kroppenAnestesimidler = legemidler som brukes til bedøvelse under operasjoner Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Trening av røykebein

Trening av røykebein

2023-02-1030:48

Pasienter med perifer arteriesjukdom – eller røykebein om du vil – har god effekt av noko så enkelt som gangtrening! Strukturert, enkel trening av denne typen kan auke gangdistansen og minke smertene i beina. Høyr kva vår ekspert Elisabeth Bø har av råd om dette. Ho er tilsett i Nasjonal kompetansetjeneste trening som medisin. Lenke til nettsiden deira for meir informasjon:https://stolav.no/fag-og-forskning/kompetansetjenester-og-sentre/nasjonal-kompetansetjeneste-trening-som-medisin Du finn dei òg på Facebook. Gruppa heiter Trening som medisin. Meir om røykebein? Finn frem episode 4. Vi har òg snakka om trening og blodårer i episode 6.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vi har fått besøk av administrerande direktør Eivind Hansen, og han fortel oss korleis livet på sjukehuset er i jula, og kva han sjølv skal ha på middagsbordet på julaftan. Espen gjer sitt beste for å ikkje punktere gleda når han skildrar kva maten gjer med skrotten til Eivind. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva er risikoen med å ha perifer arteriesjukdom og nedsatt blodsirkulasjon i beina? Kan du dø av det? Kass medisiner bør du bruke og korleis virker dei?Gjest i denne episoden er Henrik Hoel, lege i spesialisering i karkirurgi ved Oslo Universitetssukehus.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Doktorgradsstipendiat og LIS i karkirurgi Henrik Hoel fortel om reisa til fullført PhD grad, og om trykkstøvelen han har forska på - som kanskje kan hjelpe pasienter med nedsatt sirkulasjon i beina. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Då karkirurgane vart samla for første gong på over to år var vi tilstades og tok tempen. Kva er stentane som skal halde blodårene åpne laga av? Kvifor sponsar legemiddelfirma desse møtene? Korleis vert karkirugiske operasjonar registrerte? Det, og meir til, fekk vi greie på når vi snakka med:Morten Vetrhus, overlege i karkirurgi Stavanger UniversitetssykehusBernt Harald Berntzen, salgsleder i BD NorwayMartin Altreuther, overlege i karkirurgi, St. Olavs hospitalCeline Harlinn Sørlie, (snart) overlege i karkirurgi, Haukeland UniversitetssjukehusThomas Jebsen, salgsleder i Bayer Norge Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Tette eller forsnevra halspulsårer er skuld i 20 prosent av alle hjerneslag. Karkirurgen kan operere vekk desse forsnevringene, men korleis gjer dei det? Kva er hensikta med eit slikt inngrep? Dette og meir om forsnevra halspulsårer – eller carotisstenose – lærer vi når vi snakker med karkirurg Egil Hafstad Gleditsch i denne episoden.Nyttige begrep:Carotisstenose – forsnevringer på halspulsåren Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kor mykje du beveger deg, og kva du putter i deg påvirkar blodårene dine så vel som resten av helsa, men kva skal egentlig til for å halde seg frisk i åresystemet? Jonny Hisdal er vår pragmatiske professor i fysiologi, som forklarer oss korleis trening virker på blodårene, og korleis vi som er friske enkelt kan trene for å halde blodårene våre i god stand.  "Trenar du tre gonger i veka, då peaker du." Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
loading
Comments