Discover
Garderobeskapar
Garderobeskapar
Author: Studentradioen i Bergen
Subscribed: 1Played: 84Subscribe
Share
Description
Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon, tekstilkunnskap, resteprosjekt, vedlikehald, bruktmarkedet, redesign, andre handarbeidsteknikkar, og kva som inspirerar oss for augeblikket. Vi hjelpar deg med å bygge ein garderobe som kan vere varig både stil- og kvalitetsmessig.
50 Episodes
Reverse
Vi har fingrane i mange prosjekt for tida; både søm, strikk og opprekk. Dei minste garnrestane får fokus i vekas del av Resterazzia, og vi tek ein innsjekk i kor godt vi faktisk klarte å spå trendane for hausten og vinteren.
Facebookgruppe for meir info om strikking til premature: Strikk til NFI Førde
I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Grasdal Skarpenes
Ansvarleg redaktør: Vilde Havn
Både Frida og Erina har ferdige prosjekt sidan sist: eit vottepar og ein genser. Det eine har ført til mindre restegarn, det andre til meir. Vi gjev deg våre beste tips til kva du kan gjere med dei små stoffrestane, og reflekterer over kvifor vi ikkje lagar meir gøyale plagg - sjølv om vi kan?
I studio:
Erina Grasdal Skarpenes
Frida Bjørnereim Dalsbø
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
Vi strikkar i veg på både nye og gamle prosjekt, nokre er kanskje for lange, andre kanskje for korte. Vi gjev deg nokre overordna råd til bruk av restar og framsnakkar to designerar som vi synest fortener litt meir merksemd. Vekas obligatoriske observasjon kjem frå ein lyttar, og her må vi diskutere om vi er einige eller ikkje.
I studio:
Erina Grasdal Skarpenes
Frida Bjørnereim Dalsbø
Ansvarleg redaktør: Vilde Havn
I dag har vi mykje å oppdatere om! Frida har sydd skjorte og Erina har begynt å strikke hue. Vi introduserer den nye serien vi skal ha dette semesteret: resterazzia, og tenker høgt om dei plagga som ikkje vart heilt som dei skulle.
I studio:
Erina Grasdal Skarpenes
Frida Bjørnereim Dalsbø
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
Ny sesong! Erina er tilbake frå Frankrike, så det er god steming i studio. Begge har fullført gamle prosjekt, og har fått nye ting på pinnane. Vi går gjennom kva vi har på våre Make Nine-brett for året, og tipsar deg om kjekke arrangement for tida framover.
I studio: Erina Grasdal Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø
Produsent: Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør: Vilde Havn
Vi brukar årets siste episode til å ta ei oppsummering av korleis Make Nine-prosjektet har gått og snakke om kva prosjekt vi skal ta med oss heim til juleferie. Både Frida og Erina strevar litt med vestane dei strikkar på for tida, og den obligatoriske observasjonen er ei klar oppfordring: Du kan faktisk gjere nesten ingenting når du får ferie.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
Erina har begynt å strikke vesten sin på nytt, og Frida er straks ferdig med å sy ein deilig silkebluse. Vi gjev deg våde beste tips til vedlikehald av klede, og snakkar om korleis ein på best mogleg måte kan både dekke skaparbehovet og samtidig ikkje drukne i altfor mykje kle.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
I dag kan vi rapportere om framsteg både i Frankrike og i Noreg! Erina er ferdig med Sophie-hood, og Frida har både fått sylyst, og har nådd ein milepæl på vesten. Vi gjev deg ei innføring i mulesing, og diskuterer den potensielt revolusjonerande digitale skreddaren Tæilor, som Fæbrik skal lansere veldig snart.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg produsent:
Vilde Havn
I dag skravlar vi i veg om det som ligg på hjartet; Erina har fått skapar-motivasjonen tilbake, og Frida har gjennomgått ein liten karakterbrist og kjøpt masse nytt garn. Vi reflekterer rundt garn- og stofflager og oppleggssjuke, og kva både det eine og det andre gjer med oss, og kvifor vi gjer som vi gjer. Og så nærmar det seg jo jul, så vi kan ikkje unngå å snakke litt om heimelaga julegåver.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
Både Frida og Erina er ferdige med mellomprosjekta sine, medan hovudprosjekta kanskje er ein smule neglisjerte. Vi set heller stort fokus på å diskutere det lyttarane trur blir dei store tendensane i garderobeskapinga denne hausten og vinteren, og snakkar også om kva vi synest om at influencaren Helene Moo straks lanserar sitt eige klesmerke, produsert rett utanfor Bergen.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
Frida har gjort framsteg på lesesalprosjektet, og Erina grublar på korleis ho skal kunne bruke den nesten ferdigstrikka singletten sin når det ikkje lenger er sommar. Vi får rapport på salet og opplevinga av å bruke Det Gule Hus, og tenker høgt rundt val av utradisjonelle namn på storleikar i strikkeoppskrifter.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg produsent:
Vilde Havn
Erina er full av inspirasjon og proklamerer ein ny æra i strikkinga, medan Frida har mista oversikta over kvar strikkeprosjektet er i flyttelasset. Vi diskuterer forje vekest store nyheit - at Tise har blitt kjøpt opp av Ebay -, og serverer både tips og fine oppskrifter til deg som vil begynne å strikke.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
Stemninga er optimistisk sidan både Frida og Erina har gjort framsteg på strikkeprosjekta sine! Frida fortel om prosessen med å selge klede på Det Gule Hus, og Erina strevar med å finne ut korleis ho skal gjere internatrommet i Frankrike heimekoseleg og personleg. Og så er vi begge veldig klar for haustmoten!
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg produsent:
Vilde Havn
Etter ei veke sjukdom er vi tilbake! Frida skal flytte, og merkar at det kjem til å påverke garderoben, medan Erina fortel kva strikkeprosjekt ho har tatt med seg til Frankrike. Vi gir deg ein guide til garderobeskapar-arrangement i Bergen i tida framover, og får eit lite innblikk i korleis eit Sophie scarf kan knytte vennskap.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
Vi er i gang med ny sesong! Frida er i Bergen, Erina er i Frankrike, og podcasten står ved lag. Denne veka snakkar vi om at vi er litt skuffa over garderobeskapinga denne sommaren, og at Frida har kjøpt sitt første plagg i fast fashion-butikk på grunn av bagasjetrøbbel. Men det er også mykje nytt og kjekt å ta for seg, for eksempel nye sybøker på marknaden og eit heilt nytt konsept som vi gler oss til å følge lanseringa av!
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Vilde Havn
Vi hoppar inn i studio for å gje deg, og kvarandre, ei oppdatering på både prosjekta vi jobbar med og hausten som kjem. Det er noko nytt og gammalt på pinnane, symaskina til Frida står ubrukt og Erina lurer på korleis ho skal pakke strikketøy til eit semester som utvekslingsstudent.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Sofie Larsen Nesdal
Episode 30! Vi tek ein fot i bakken og oppsummerar halvåret som har gått, før vi tek oss ein velfortent sommarferie. Vi sjekkar inn på Make Nine og Frida fortel om fargeanalysa ho nettopp har tatt. Strikkeprosjekta står stille, men vi lovar progresjon når vi er tilbake igjen til hausten. God sommar!
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent:
Marius Øvrebøe
Ansvarleg redaktør:
Sofie Larsen Nesdal
I dag er både Fride og Erina tilbake i studio, hurra! Vi snakkar sjølvsagt om kva vi jobbar med for tida, men hovudfokuset er på temaet brudeskjole. Frida fortel om design, mønster, syprosess og utfordringar ho møtte på då ho sydde sin eigen brudekjole før ho gifta seg i fjor sommar.
Her er det mykje snacks å hente for alle kommande brudar, eller berre dei som er nysgjerrige!
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Erina Grasdal Skarpenes
Produsent: Marius Øvrebøe
Ansvarlig redaktør:
Sofie Larsen Nesdal
Denne veka steppar produsent Marius inn som vikar for Erina! Vi snakkar om korleis podkasten påverkar perspektiva til ein som ikkje lagar kleda sine sjølv, og Frida køyrer quiz for å finne ut kor mykje Marius faktisk har fått med seg.
I studio:
Frida Bjørnereim Dalsbø
Marius Øvrebøe
Produsent:
Benedikte Hertzenberg
Ansvarleg redaktør:
Sofie Larsen Nesdal
I denne episoden styrer Erina showet åleine med Anna som gjest! Det er strikketungt i studio denne episdoen. Anna deler sine tankar om kvifor WIP's blir til UFO'er. Erina gler seg til å sjå uttrykket til strikkeprosjektet hennar. Vi spaner trender for den kommande tida og sommaren, og spelar Strikkealias!
I studio:
Erina Grasdal Skarpenes
Anna Rudeng
Ansvarleg redaktør:
Sofie Larsen Nesdal



