Discover
mohnitor – UiS podkast
mohnitor – UiS podkast
Author: Universitetet i Stavanger
Subscribed: 0Played: 7Subscribe
Share
© University of Stavanger
Description
Nyheitsflaumen blir produsert og konsumert i eit tempo som ikkje gjev tid og rom for utdjuping og refleksjon. Saman med kompetente gjester byr mohnitor på djupare drøfting av dagsaktuelle tema rundt kunnskap, politikk og økonomi – i grensesnittet mellom universitet og samfunn.
20 Episodes
Reverse
Kva skjer når prestasjonskultur og sjølvforherligelse går viralt? Bli med på ein frisk prat om narsissisme, frå speglande selfies til sjølvhevdande sjefar. Med psykolog og forfattar Espen Skorstad, og organisasjonsforskar Gunhild Bjaalid. Ein podkast om ego, ambisjon – og trongen Les mer ...
Med Landet som ble for rikt traff Martin Bech Holte ein nerve i norsk sjølvforståing. Boka blir elska, hata – og diskutert overalt. Møt forfattaren til ein samtale om overflod, sløsing og den norske modellen – om ripene i det Les mer ...
Med krig, konflikt og polarisering kjem sjølv kulturarven vår under åtak. Historia blir eit spenningsfelt, for kultur, identitet og tilhøyrsle. Gjer klar for ein høgaktuell samtale om museum som maktfaktor. Me snakkar om åtak på kulturarven, kampen om sanninga – Les mer ...
Skjermar i småskulen? KI på eksamen? Er det framtida – eller galskap? I denne episoden møter du kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og høgskulelektor Paolo H. Scarbocci til ein ærleg og skarp samtale om ny teknologi i skulen. Vi snakkar kunstig Les mer ...
Kva får ein sjukepleiar til å dra på oppdrag i krigsherja Kabul nærmast på ståande fot? Og korleis bevarer ein håpet som naudhjelpsdiplomat når ein ser verda falle saman – gong etter gong? I denne episoden av Mohnitor møter du Les mer ...
Alle snakkar om forsking, men kven vil betale? Noreg slit med laber innsats frå næringslivet, og planane har ikkje funka. Kva er det som sviktar – og kven må skjerpe seg? Høyr podkast frå Arendalsuka med NHO-direktøren, UiS-forskaren og forskingsministeren! Les mer ...
Kva kan dyrevelferd fortelje oss om individ og samfunn? Kva skjer når etiske ideal møter praktiske realitetar i landbruk, politikk og forbruk? Bli med på ei utforsking av dilemma, interesser og omsyn i dyrehald og matproduksjon, med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten Les mer ...
Beskrivelse av episoden: Kva er det med villaksen, korleis lever han, og kva skal me med han? Høyr lakseepisoden i podkasten mohnitor, med Finn E. Krogh og Anders Lamberg, to store kapasitetar innan lakseforvaltning og naturovervåking. Den eine kjenner laksen Les mer ...
Beskrivelse av episoden: Hva skjer med folkeopplysinga når alt blir offentleg – heile tida? Kva hjelp kan det være i langsame samtaler og fysiske festivalar når me skal navigere i det moderne medielandskapet. Bli med på ei ein tankevekkande samtale Les mer ...
Med krig og uro fløymer Noreg over av oljeinntekter. Me set pengane på bok, og delar lite med andre enn oss sjølv. Burde me gitt bort Oljefondet? Har rikdommen gjort oss sjølvtilfredse, late og gjerrige? Eller står me klare til Les mer ...
Fuglane svirrar rundt oss alle, over alt og alltid. Kva betyr dei for oss? Fred, fridom, omsorg eller undergang? Kva kan dei lære oss – om naturen, om kulturen – og om oss sjølv? I samtalen ser me på fugl Les mer ...
Generasjon Z er er pressa av produktivitet, perfeksjonisme, kroppspress og konstant digital deltaking. Med førsteamanuensis og psykolog Liv Sand og student Kayla Vågen tek me samtalen om korleis generasjon Z tilpassar seg, kva som står på spel, og kva for Les mer ...
Ungdom blir stadig mindre aktive – og konsekvensane er alvorlege, ikkje berre på kort sikt, men for helse og velferd i vaksenlivet. Lege, professor og sykkeltrenar Stein Ørn og forskar og tidlegare turnar Eva Leibinger snakkar om verdien av fysisk Les mer ...
Alkohol grip inn i mange sider av livet vårt, og er nærmast ein del av kvardagen. Mange føretrekk å drikke framfor å la være. Men kva gjer eigentleg alkoholen med oss? I denne episoden fordjupar me oss i dei skjulte Les mer ...
45 år etter Kielland-ulykka, der 123 menneske mista livet på Ekofisk-feltet, står mange spørsmål utan svar. Kva var årsaka bak katastrofen, og kvifor har det vore så vanskeleg å få klarheit? I denne episoden dykkar me ned i den nyaste Les mer ...
Jeff Bezos og Elon Musk er nær sagt besatt av rakettar og romferder. Men og i vår del av verda er romfart på frammarsj. Er det filosofi og ideologi, teknologioptimisme og eventyrlyst, nyfikne og kunnskapshunger – eller er det utsikter Les mer ...
Livet har blitt meir farleg dei siste åra. Det er krig i Europa, Trump demonterer demokratiet i USA og ny teknologi aukar risikoen for digital og hybrid sabotasje. Kor redde skal me være, og korleis kan me preppe? Gjester i Les mer ...
Kunnskap er ei viktig kjelde til verdiskaping, vekst og velferd, men kjem ikkje av seg sjølv. Korleis kan politikken sikre kunnskap som står i stil med behova i samfunnet rundt oss? Gjestene er minister for høgare utdanning og forsking, Sigrun Les mer ...
Klimapolitikken har tapt terreng dei siste åra, både internasjonalt og i Noreg. Vil ei rein AP-regjering gjere nokon forskjell, eller er motvinden tyngre enn som så? Klaus Mohn samtaler med MDG-leiar Arild Hermstad og statsvitar Svein Tuastad ved UiS. Du Les mer ...
Alle kan einast om at lærarane gjer ein viktig og verdifull jobb. Kvifor står då ikkje ungdommen i kø for å bli lærar? Klaus Mohn samtaler med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, professor Elaine Munthe og skolesjef i Sandnes Hege Egaas Les mer ...



