DiscoverVågespel
Vågespel

Vågespel

Author: Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen og Inger-Kristine Riber

Subscribed: 4Played: 29
Share

Description

Vågespel - ein podkastserie om dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom 10 episodar fylgjer lyttaren reisa gjennom brev, dagbøker og forteljingar – møte med kvinner som reiv seg opp med rota for å finne noko betre - eller for å sleppe fri? Med dramatiserte opplesingar, historiske refleksjonar og levande lydlandskap vert historiane deira formidla i denne podkasten av Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson.

Støtta av Fritt Ord.
11 Episodes
Reverse
I denne siste episoden av Vågespel spør me: korleis kan historiane om dei norske utvandrarkvinnene utvida vår eiga forståing av migrasjon i vår tid?I dei tidlegare episodane har me høyrt om norske kvinner frå 1800-talet som våga å kryssa havet, borne av håp og vilje til å skapa seg eit nytt liv i eit framandt land. Også migrantane i det 21. hundreåret søkjer og håpar på eit betre liv i eit fjernt land, og møter mange av dei same utfordringane: språkbarrierar og kulturar med skikkar og normer som kan vera vanskelege å forstå og finna seg til rette i.Brev, dagbøker og livsforteljingar i Vågespel har stundom strekt seg over tiår, og gjev oss eit innblikk i korleis identiteten til ein migrant vert forma i spennet mellom røtene ho ber med seg, og alt det nye ho må tilpassa seg.Og me spør: Kan historia hjelpa oss til å møta dei som i dag legg ut på si eiga reise over grensene, med større forståing og medkjensle?Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine Jane HansonForteljarar: Reidun HorveiLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt Ord
E9: Eit lappeteppe

E9: Eit lappeteppe

2025-06-2840:35

I denne episoden vender me blikket mot det kvinnene bygde. Me møter igjen kvinenne frå tidlegare episodar -  Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Rakel Tonette Atlaksdatter og fleire som bar kvardagen i det norsk-amerikanske samfunnet – gjennom spinning, baking, saum og song.Gjennom levande skildringar, brev og minne får me eit nært møte med kvinnefellesskapa som voks fram i heimar, kyrkjesalar og kvinneforeiningar – fellesskap som bar både kvardagsliv og tru. Me får høyra korleis dei bar kultur, språk og tradisjon vidare – frå hand til hand, frå mor til dotter, frå ei stove på slettene til ei kyrkje i storbyen.Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine Jane HansonForteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild GudbrandsenLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt Ord
I denne episoden ser me korleis forventningar, kjærleik og fridomen til å ta eigne val vart avgjerande i liva til norske utvandrarkvinner. For nokre låg neste steg som ein invitasjon i eit brev—eit bilete, eit løfte, eit håp. Me får høyre om det enkle præriebryllaupet til Lina Svåi og ekteskapet til Inga Brekke med ein velståande skotsk handelsmann i Sioux Falls.Gjennom historia til desse kvinnene ser me korleis ekteskapet kunne vera både ein tilflukt og ei bør, og kor vanskeleg det var å finne veg mellom norsk pliktkjensle og amerikansk fridom. I sentrum står Oline Muus—ei kvinne som utfordra både ektemann og kyrkje i retten, og bana veg for norske kvinners rettar i Amerika.Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine Jane HansonForteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild GudbrandsenLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt Ord
I denne episoden fylgjer me unge kvinner som tek steget frå gard til by og finn ei ny byrjing i eit nytt land. Dei kjem med hender som kjenner til arbeid og ryggar vane med ansvar, og får ein kvardag fylt av vaskebøtter, gråtande born, symaskiner – og draumar. Gjennom breva og forteljingane til Ingeborg Marie Brekke og Anna Slinde får me høyra korleis overgangen til bylivet endra kvardagen deira og opplevinga av kva som var mogleg. Nokre lærte nye språk, gjekk på kveldsskule og fann nye vegar i yrkeslivet. Andre stod åleine i eit framandt land, men fann styrke i fellesskapet mellom kvinner og i å ta eigne val. Dette er historia om dei som ikkje berre leita etter arbeid, men etter ein stad dei kunne høyra til.Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine Jane HansonForteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild GudbrandsenLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt Ord
E6: Med sterke hender

E6: Med sterke hender

2025-05-2448:53

I denne episoden møter me kvinner som bygde det nye landet med kroppsarbeid, uthald og varme. Gjennom sterke forteljingar og brev etter Lina Svåi, Gjertrud Rumohr Haug, Anna Slinde, Margretha Nesheim og Rakel Tonette Rannestad får me høyra korleis kvinnene bar ein heil kvardag i hendene: matlaging, vasking, barnepass og fjøsstel. Dei var også jordmødrer, sjukepassarar og kulturbærarar. I mangel av legehjelp var det nabokona som kom når eit barn skulle til verda. Og når døden banka på, var det dei same hendene som tok avskil.Kvinnefellesskapet vart ein livbøye. Dei delte på arbeid og ansvar, støtta kvarandre gjennom fødslar og sorg, song salmar og fortalde historier som styrka deira felles identiteten. Dei bygde samfunn som ikkje var baserte på materiell rikdom, men som var rike på tillit og medkjensle.Dette er ei forteljing om arbeid og samhald. Om kvinner som heldt heimar, gardar og samfunn oppe med sterke hender og klåre hovud.Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine Jane HansonForteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild GudbrandsenLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt OrdKjelder her
E5: Møtet med Amerika

E5: Møtet med Amerika

2025-05-1047:21

Etter reisa over havet ventar det verkelege møtet med det nye landet – eit møte som for mange vart brutalt, einsamt og fullt av prøvingar. I denne episoden fylgjer me kvinner som landa i USA med håp og draumar, men som raskt vart møtt med kulde, kolera, arbeid utan løn og eit språk dei ikkje forstod.Gjennom sterke forteljingar frå Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Anna Slinde, Guri Rosseland og Margretha Nesheim får me høyra korleis det var å vera ny i eit samfunn. Dei kjempar seg gjennom sjukdom, avvising, borgarkrig og brutale indianaropprør – men finn òg varme, fellesskap og ei ny røyst i det amerikanske samfunnet.Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine Jane HansonForteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild GudbrandsenLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt Ord
E4: Vegen vidare vest

E4: Vegen vidare vest

2025-04-2648:52

I episode 4 reiser me vidare vestover. Etter møtet med New York ventar ei ny og krevjande ferd innover i landet. Her handlar det ikkje lenger om båtreise, hav og kyst, men om tog, kanalar og dei endelause præriane. Me fylgjer nykomne kvinner som må finna fotfeste i ei framand verd – mellom språkbarrierar, svindel, sjukdom og brutal natur.Gjennom sterke og gripande forteljingar i brev frå Amerika kjem me tett på Gudrun Fagerlie, Linka Preus, Marta Larsen, Magreta Nesheim og Rakel Tonette Atlaksdatter. Dei syner oss korleis det var å vera kvinne på reise mot det ukjende med von, uro og einsemd i bagasjen.Frå overfylte togvogner, småkryp i senger, lyn som slår ned på prærien og til urett i kvardagslivet, skildrar denne episoden korleis det var å starta på nytt, utan garantiar. Mellom kulde, og samhald og svik, overleving og mot.Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei‍Medredaktør: Katherine Jane Hanson‍Forteljar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen‍Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber‍Støtta av: Fritt OrdKjelder her
E3: Ei ny verd ventar

E3: Ei ny verd ventar

2025-04-0535:18

I episode 2 fylgde me dei modige kvinnene som tok det store steget – som forlet Noreg for eit nytt liv. I episode 3 legg dei ut på sjølve reisa over havet.Å krysse Atlanterhavet var meir enn ein transportetappe – det var eit vendepunkt i livet. Gjennom brev, dagbøker og sterke scener møter me Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Anna Slinde, Rakel Tonette Atlaksdatter og Linka Preus. Dei tek oss med frå Vestlandet, gjennom tronge lugarar og stormfulle netter, til hamna i New York, der ei ny verd ventar.Sjøsjuke, skit og salmesong, folkedans og varme blikk mellom medpassasjerer – denne episoden skildrar fellesskap og overleving til havs, og alt som måtte leggjast bak for å kome vidare.Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei Medredaktør: Katherine Jane Hanson Forteljar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber Støtta av: Fritt OrdKjeldeinformasjon her
E2: Oppbrot

E2: Oppbrot

2025-03-2235:31

I episode 1 såg me på den historiske bakgrunnen for utvandringa – kva som dreiv folk til å reisa, og korleis verda såg ut for dei som tok det store steget.No går me tettare på sjølve oppbrotet. Å forlata Noreg på 1800-talet var ikkje berre ein fysisk overgang, men også eit emosjonelt og sosialt brot. For dei fleste var heimplassen eit livsvarig anker, og å riva seg laus frå ætt, jord og tryggleik var dramatisk. Likevel valde mange kvinner å bryte opp – i håp om fridom, nye moglegheiter, og ein sjanse til å forma si eiga framtid.I denne episoden vert me kjend med nokre av dei som tok denne avgjerda. Me møter me mellom anna Martha Georgina Larsen, som reiste frå Ryfylke i 1825, og Linka Preus, som skreiv tankevekkjande refleksjonar om kvinna si rolle i samfunnet. Me høyrer også Lina Svåi  si gripande skildring av den siste dagen heima før ho reiste mot Amerika.Gjennom brev, dagbøker og historiske kjelder nærmar oss tankane og kjenslene til dei som stod på kaiane i Stavanger og Bergen, klare til å ta farvel med alt dei kjende. Kva ofra dei? Kva håpa dei å finna?Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine Jane HansonForteljar: Reidun Horvei og Ragnhild GudbrandsenLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt OrdKjeldeinformasjon her
E1: Vågespel

E1: Vågespel

2025-03-0820:12

Velkomen til lanseringa av Vågespel, ein podkast som lyfter fram historia om den norske kvinna som utvandra frå Noreg til Amerika mellom 1825 og 1925.Kor mykje veit du om kvinnene som la ut på denne ferda? Korleis opplevde dei reisa, kva var det som dreiv dei, og kva utfordringar møtte dei i det nye landet? Me startar reisa attende med historiske kjelder og samtidsrelaterte perspektiv for å kasta nytt lys over utvandringa og dei menneskelege historiane bak.Før me dykker inn i dei personlege breva og dagbøkene, må me forstå den historiske bakgrunnen: Kva dreiv utvandringa, og korleis såg verda ut for dei som la ut på denne ferda?Denne episoden gjev deg bakgrunnskunnskapen du treng, slik at du lettare kan forstå og setje dei personlege forteljingane inn i ein større samanheng når me snart får høyre dei sterke historiene frå kvinnene sjølve. Frå neste episode, som kjem sundag 23. mars, vil du få høyre utvandrarkvinnene direkte gjennom utdrag frå breva og dagbøkene deira. Me vonar du vert med oss vidare på denne reisa!Lytt til episoden her:Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine J. HansonForteljar: Reidun HorveiLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt OrdKjelder:Semmingsen, I. (1941). Veien mot vest. [1]: Utvandringen fra Norge til Amerika 1825-1865 (2. oppl.). Oslo.Semmingsen, I. (1950). Veien mot vest. [2]: Utvandringen fra Norge 1865-1915. Oslo: Aschehoug.Blom, I. (1992). Cappelens kvinnehistorie. 2: Renessanse, reformasjon, revolusjon: Fra ca. 1500 til i dag. Oslo: Cappelen.Bergland, B. A., & Lahlum, L. A. (Red.). (2011). Norwegian American Women: Migration, Communities, and Identities(Illustriert utg.). Taschenbuch.Polgreen, L. (2025, January 31). Something extraordinary is happening all over the world. The New York Times.
Den 8. mars 2025 lanserer me Vågespel – ein podkast om dei norske kvinnene som utvandra frå Noreg til Amerika mellom 1825 og 1925.10 episodar vert sleppte gjennom våren, med personlege forteljingar om motstandskraft, tilpassing og utfordringane norske kvinner møtte i eit framandt land.Bak initiativet står Reidun Horvei, Inger-Kristine Riber, Katherine J. Hanson og Ragnhild Gudbrandsen, eit team som kombinerer historiske kjelder, dramatisk forteljarkunst og levande lydformidling. Podkasten skildrar kvardagsliv, arbeid, kamp og tap gjennom historie, dagbøker og brev.2025 markerer 200-årsjubileet for den første organiserte utvandringa til Amerika, men historia om migrasjon er langt frå over. Vågespel inviterer til refleksjon over kven som får fortelje historia, og kva me kan lære av fortida.Me håpar du vil abonnere og bli med oss på denne reisa attende i tid.Støtta av Fritt Ord. Omslagsbilete med løyve frå NDSU Archives, Fargo, North Dakota.
Comments