Discover
Brassers
68 Episodes
Reverse
Det var visst tilfeldig. Me har fått rekkefølgja til Siddis Brass og skal analysere noko som eigentleg berre er ei trekning, som om det var ein vitskap. I tillegg ser me på den nasjonale korpskappleiken i Storbritannia – og trekninga der. For når ein først har begynt å trekke, er det vanskeleg å stoppe.Innspel rettast til [email protected]
Brassers har fordøyd fraser om NM. Me snakker om elendig streaming, britiske meisterskap, notemateriell og kva akkurat du burde bruke korpskronene dine på.Innspel rettast til [email protected]
Pliktnummeret for NM Brass er lansert! Me har invitert oss sjølv inn til musikksjef i Noregs Musikkorps Forbund, Rune Hannisdal. Me snakker om Mnemosyne Phrases av Torstein Aagaard-Nilsen. Ein god andel av tida er og via til korleis NMF jobber med dirigentutvikling på alle nivå.
Fredrik og Sondre er samla i bestastova. Me drodler rundt arv og kultur i korps og korleis det kan forme ein vidare. Repertoar og det å tørre å sleppe ny og yngre stemmer til. Innspel rettast til [email protected] eller i sosiale media.
Det nærmer seg lansering av pliktnumemret til NM Brass 2027. I den anledning har Brassers gjennomført ei særs høgtideleg undersøking. Med oss i studio har me Kim Systad og Kristian Berg for kvalifisert synsing.Noko ubalansert lyd her og der. Ein ber audmjukt om tilgjeving.Innspel rettast til [email protected] eller i sosiale media.




