DiscoverEdder & Galle
Edder & Galle
Claim Ownership

Edder & Galle

Author: Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte

Subscribed: 5Played: 131
Share

Description

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.

64 Episodes
Reverse
I denne episoden av Edder & Galle er det merkbart dårleg stemning i studio. Bryne har tapt heime mot Sarpsborg 08, og prestasjonen gav lite å glede seg over. No må laget ut i kvalik for å redde plassen i Eliteserien, men først ventar bortekamp mot FKH i Haugesund. Der handlar det mest om å få tilbake litt sjølvtillit og å bygge opp trua før kvaliken, sjølv om ingen enno veit kven motstandaren blir. Panelet går gjennom det meste av det som skjer rundt klubben, både sportsleg og utanfor ban...
I denne vekas episode av Edder & Galle blir det litt prat om landslaget. Panelet er godt nøgde med at Erling Braut Håland skal dra resten av Noreg med seg til VM i 2026. Det blir sjølvsagt også satsa i tippehjørnet, og denne gongen går gutane skikkeleg høgt ut. Lyttarane har sendt inn fleire kjekke spørsmål som blir tatt opp i studio. Til slutt snakkar dei om helgas kamp heime mot Sarpsborg 08. Bryne kan framleis unngå kvalik, men mykje kjem an på kampen i Oslo dagen før når Vålerenga får...
I vekas episode av Edder & Galle byr det som vanleg på børs etter eit 5-0 tap nordpå mot Bodø/Glimt. Dei fleste hadde vel lite tru på poeng på Aspmyra, og fasiten vart som venta tung. Hobberstad og Salte kikkar også på det vesle håpet som framleis finst for å unngå kvalik. Ja, vi må kanskje omtale det som eit lite håp, men det er der. Samtidig vurderer dei kven dei helst vil møte dersom Bryne likevel hamnar i kvalik, noko som gjer at gutane verkar innstilte på ein utvida sesong. Til slutt...
Bryne slo Brann, og stemninga i studio er på topp! Gutane går gjennom kampen med spelar­børs, og til og med den mest pessimistiske røysta i podkasten er blitt overtydd: Dette laget skal i det minste ta kvalikplassen til Eliteserien. Kanskje kan det til og med bli trygg plass? Lyttarane har sendt inn mange spørsmål. Nokre er urolege for kvar ein eventuell kvalikkamp må spelast, andre lurer på kven som bør få vere med vidare og kven som har gjort sitt. Alt dette og mykje meir får du svar på i d...
I dagens episode må Hobberst og Salte dessverre ta lytarane med gjennom det bitre tapet mot Viking. Stemninga er alt anna enn lystig, og det kjem tydeleg fram i både praten og på børsen, for duoen er slett ikkje nøgde med det dei såg på Lyse Arena. Under tribunene og inne i garderoben etter kampen var det mykje som ikkje heldt mål, og det får så hatten passar. Her blir det slakt, og med rette. Lyttarane har sendt inn mange gode spørsmål som styrer delar av praten, og i etter tippekonkurransen...
I dagens episode av Edder & Galle tek me for oss Rosenborg-kampen og gir spelarane karakterar på børsen. Som vanleg er me og innom dei faste spaltene, og denne gongen har me fått inn ein heil haug med gode lyttarspørsmål. Men det alle eigentleg går og tenkjer på, er det som ventar: Bryne skal til Stavanger for å møte Viking. Det store lokaloppgjeret nærmar seg, og stemninga i studio er prega av både nervar, forventning og eit solid innslag av forakt for dette møkkalaget frå byen.
I denne veka sin episode er det ingen kamp å analysere, og dermed heller ingen børs å dele ut. Men fortvil ikkje, vi finn sjølvsagt noko å snakke om likevel. Vi er innom landslagsfotballen ein liten tur, men går raskt vidare til spørsmål frå lyttarane. Mykje handlar om sesongen vi står midt i, og korleis avslutninga kan sjå ut. Det kjem ogspørsmål om vi i panelet angrar på nokre av utsegnene våre frå førre episode, eit tema som skaper litt diskusjon. Til slutt rettar vi blikket mot helgas kam...
I denne episoden av Edder & Galle tek vi for oss Brynes tap borte mot Sandefjord. Både Hobberst og Salte sat på tribunen, og det dei såg var lite å juble for. Det blir som vanleg tid til faste spalter, nokre korte og andre litt lengre. Denne gongen har gutane også fått inn fleire gode lyttarspørsmål, blant anna om korleis Bryne-supportarane oppfører seg på bortetur. Her blir det ikkje haldne igjen: Edder & Galle slaktar oppførselen til enkelte på tur. Vi er ikkje på reise for å ha VM ...
I denne veka si episode av Edder & Galle ligg det eit lite slør av optimisme over studio. Etter ein lang og tung periode fekk Bryne-folket endeleg noko å smile av då laget slo Kristiansund 2–0 i bunnoppgjeret på Bryne stadion. Det gir nytt håp i nedrykksstriden og både Hobberst og Salte ser eit lite lys der framme i den elles mørke tunnelen. Som vanleg er duoen innom alle dei faste spaltene frå analyse av kampen og spelarprestasjonar til humoristisk frustrasjon over livet som Bryne-suppor...
I denne vekas episode av Eder & Galle pustar gutane i studio endeleg litt lettare ut. Bryne har tent eit lite håpom overleving etter å ha henta eitt sterkt poeng i plankebyen mot FFK. I tillegg er laget vidare til runde fem i cupen med eit naudskrik etter ein dramatisk 2–1-seier borte mot Brattvåg, der sigersmålet kom heilt på overtid. Det nye cupsystemet får forresten gjennomgå skikkeleg i podkasten. Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med, og til slutt vender Ole Morten og Per Tore bli...
Ingen forsoning å spore

Ingen forsoning å spore

2025-09-1801:13:42

I denne episoden av Eder & Galle tek panelet for seg kampen mot Tromsø – ein kamp som dessverre ikkje vitna om noko forsoning mellom trenar og spelarar. Det Bryne-supportarane fekk sjå, har skapt uro og fleire spørsmål om vegen vidare, og i studio er det lite tvil om at leiinga kan ha gjort eit feilgrep ved å halde på trenaren. Som vanleg får du dei faste spaltene, med høgdepunktet frå Snapchat-spørsmåla, før vi rundar av med spådommar om både laguttak og resultat til helgas bortekamp mot...
I denne vekas episode av Eder & Galle er dei faste jinglane tilbake, og me får som vanleg ein tur innom både fantasy og tippe-tipsa, der gevinsten går til Barnekreftforeininga. Det har blitt endringar i den interne konkurransen – no er det faktisk ein av Hobberst eller Salte som har teke leiinga! Lyttarane får òg høyre svar på anonyme Snapchat-spørsmål, som denne gongen tek oss med på ein skikkeleg farsetur på Jæren. I tillegg blir det gjennomgang av dei innsendte spørsmåla frå sosiale me...
I denne episoden av Eder & Galle blir det høg temperatur når bombenyheten frå Bryne Stadion sprekk: Tre spelarar har terminert kontraktane sine, og blant dei – sjølvaste klubblegenda Robert Undheim. Kven visste kva, og kvifor vert det halde tett om avgjerda? Podkast-gutane prøver å setje ord på det som ingen andre vil seie høgt. Sportsjef Roger Eskeland stikk innom for å svare på signeringane, men held korta tett til brystet når det gjeld dei som har gått ut. Hobberst er i tvil – har klub...
I denne vekas episode av Eder & Galle tek gutane for seg 2–2-kampen mot Strømsgodset. Det starta svakt for Bryne, og på stillinga 0–2 sat mange med hovudet i hendene og lurte på kva i alle dagar som gjekk føre seg. Men etter ein solid opphenting fekk Bryne med seg eitt poeng. Spørsmålet er berre: er det nok til å imponere dei krasse røystene i podkasten og gje spelarane ei grei børs? Som vanleg blir det faste spalter, og blikket blir retta framover mot helgas kamp mot Vålerenga. Etter nyt...
Bekymra, men ikkje knekt

Bekymra, men ikkje knekt

2025-08-2001:04:36

I denne episoden av Eder & Galle er stemninga merkbart meir døyvd enn vanleg. Bryne har nett tapt 1–0 borte mot HamKam. Er det Bryne som har blitt svakare, eller er det berre slik at motstandarane har fått fart på sakene? I byrjinga av sesongen flaut det meste, no sit ein att med fem kampar utan siger – og eit poengsnitt som ser skremmande lågt ut. Hobberst og Salte diskuterer både form, taktiske justeringar og spelarlogistikk – og peikar på at dette kanskje er ein reality check, men også...
I denne vekas episode tek vi eit blikk på kampen mot KFUM – sjølv om vi må åtvara mot at det heile vart ein heller søvndyssande affære. 0–0 og lite underhaldning å spore, men vi oppsummerer likevel det viktigaste frå kampen. Deretter går vi vidare til dei faste spaltene, og i Snapchat-spalta til Per Tore byr vi på ferske rykter og ønskelister inn mot overgangsmarknaden – her kan det kome spanande nytt! Vi har òg fått inn spørsmål frå lyttarane som vi sende vidare til dagleg leiar Hans-Øyvind ...
I vekas episode tek Hobberst og Salte for seg spelar­børsen etter det sviande tapet mot Molde. Dei går gjennom innsatsen til spelarane i kampen, og ser samstundes på korleis børsen har utvikla seg no som halvspela sesong er eit faktum. Robert Undheim stikk innom for ein ærleg prat om skademarerittet som var nær ved å knekkja både motivasjonen og karrieren. I tillegg får me høyre frå Kristian Skurve Håland, som svarar på rykta om interesse frå utanlandske klubbar. Det blir sjølvsagt også dei f...
I kveldens episode av Eder & Galle tek podkastduoen for seg det smertelege tapet mot erkefienden Viking. Det var flotte rammer rundt kampen, og mange hadde gleda seg til eit ekte hatoppgjer i norsk fotball. Men gleda vart kortvarig – for kampen enda som eit sviande nederlag. Duoen legg kampen bak seg, men ser alt fram til moglegheita for hemn mot «driten» i oktober. Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med. I Tippe-tipset vart det endeleg klingande mynt igjen, og inntektene går som alltid...
I denne episoden av Eder & Galle har me mykje å ta tak i – men alt peikar mot det eine: hatoppgjeret mellom Bryne og Viking på ein fullsatt Bryne Stadion søndag kl. 14:30. Det blir krig på graset, og stemninga ligg allereie tjukt i lufta. Me startar med ein kjapp tur innom Nordens Paris, der Bryne gjekk på eit surt 3–1-tap. Me deler ut børs til samtlige spelarar. Deretter rullar me inn i dei faste, folkekjære spaltene våre: Fantasy , tippetips og snapchat spørsmål frå dykk lyttarar. Men s...
Denne veka gjenopplever Hobberst og Salte den sterke sigeren mot Vålerenga. Fleire spelarar får seg eit løft på børsen – nokre klatrar både eitt og to hakk etter innsatsen mot VIF. Salten har også med seg ei heilt ny spalte, podkasten har no teke steget inn på Snapchat. Kva som eigentleg skjer der, får du berre vita om du lyttar til episoden! Mot slutten av sendinga rettar begge blikket mot neste kamp i Tromsø. Salten Kjenner lukta av poeng, medan Hobberst kanskje lovar litt i overkant dersom...
loading
Comments