DiscoverAvdeling T
Avdeling T
Claim Ownership

Avdeling T

Author: Nynorsk kultursentrum

Subscribed: 0Played: 5
Share

Description

Velkomen til Avdeling T – ei hemmeleg avdeling i regjeringa, som berre statsministeren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder ikkje kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan historiene bli rastlause og vil ut på eige eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp.


Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum. 

8 Episodes
Reverse
Alien i klassen

Alien i klassen

2026-01-0613:05

Det er ingenting å gjere i Avdeling T. Alt er kjedeleg og Meister T synest det minner om eit anna tilfelle då alt var så bratt. Ho forklarar agentane kva det var – og brått skjer det noko! Avdeling T hamnar i eit klasserom der dei møter forfattar Vegard Markhus, og må hjelpe han med å rydde opp i UFO-kaoset og gjere bokverda stabil igjen. Klarar Avdeling T å løyse mysteriet før historia snurrar heilt ut av kontroll? Studio: Top of Mind AS.
Trollmoll på frifot

Trollmoll på frifot

2025-12-2311:00

Medan stormen rasar ute pyntar Avdeling T til jul – heilt til eit gløymt tåkeglas dukkar opp i ei av kassene. Meister T og agentane får det travelt og hamnar fort i ei historie full av spenning, mystikk og eit skummelt trollmoll! Saman med forfattar Åshild Moldskred prøvar dei å hindre at det gamle og grufulle trollmollet slepp fri. Klarar Avdeling T å redde både historia og jula? Merk: Boka "Trollmoll" av Åshild Moldskred kan opplevast som skummel for nokre aldersgrupper. ...
Avdeling T hamnar i bygda til Klodeklubben og oppdagar at reinsdyra har forsvunne rett før jolemarknaden. Saman med forfattar Ruth Lillegraven må agentane leite i snøen, fylgje spor og løyse eit ekte julemysterium. Kva lokkar Avdeling T ut i skogen – og kva har boss med saka å gjere? Studio: Top of Mind AS
Når vêrmaskina hostar opp teikneseriebobler, skjønar Avdeling T at noko er heilt feil. Snart står dei i skogen til Katten og Kråka – med ein fortvila forfattar, Arild Torvund Olsen, og ei historie som har rota seg til. Draken er på feil plass og nokon må få orden i kaoset. Men klarer agentane å fikse historia før draken finn dei? Studio: Top of Mind AS. Makkekor: Songria.
Eit mystisk uvêr førar agentane til Austlandet og rett inn i eit stort, grått og kaldt tåkefenomen. Midt i kaoset møter dei forfattar Ida Eva Neverdahl, som mistenkjer at Floke Skrufsson og andre skapningar frå bokverda kan ha kome gjennom tåka. Plutseleg er dei i ein båt, omgitt av Midgardsormen. Kva må dei gjere for å unngå at Ragnarok bryt laus?
Mysteriet i Kobbs hus

Mysteriet i Kobbs hus

2025-07-1413:17

Agentane reiser inn i boka Kobbs hus – der det luktar sjø, kaninar hoppar baklengs og eit heilt hus har klikka! Forfattar Thoralf Fagertun treng hjelp – klarer Meister T og agentane å redde historia med eit ord ingen har høyrt før, ei kjensle utan namn og ein lyd som ikkje finst?
Full bajas-smitte

Full bajas-smitte

2025-07-0711:23

På veg til jobb oppdagar Meister T noko merkeleg under eit kafébord: ei glitrande, kvit sky … som luktar trøbbel. Snart står Avdeling T midt i eit oppdrag der ei heilt spesiell bokverd held på å gå bananas! Kva skjer når alt blir for perfekt – og ein agent byrjar å oppføre seg litt for tullete? Bli med inn i boka Full bajas – og møt forfattar Ingunn Thon. Klarar dei å løyse problemet før heile avdelinga blir smitta?
Bli med inn i den hemmelege avdelinga og høyr korleis Meister T, agentane hennar og forfattarar kjempar mot ulike tåkefenomen.
Comments