DiscoverBok & bibliotek
Bok & bibliotek
Claim Ownership

Bok & bibliotek

Author: Bok & bibliotek

Subscribed: 2Played: 10
Share

Description

Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – drift, teknologi, politikk, ideologi, forsking, logistikk, arkitektur og mykje meir – og ein god del av det som rører seg på litteraturfeltet, både i Noreg og resten av verda.
34 Episodes
Reverse
Bli betre kjent med skulebibliotekarutdanninga ved Universitetet i Agder og Ingeborg Eidsvåg Fredwall som er førstelektor der.  Intervjuet blei gjort under Bibliotekmøtet i april, der utdanninga i skulebibliotekkunnskap fekk Norsk Bibliotekforenings pris 2024 for arbeidet sitt. Delar av dette sigersintervjuet står også på trykk i Bok & bibliotek 2-2024. 
Endeleg tilbake! Det blir mykje godt stoff i podden framover. Etter ein litt stille periode har vi no heile tre episodar liggande som kjem til å bli lagt ut i tida framover.  Først i denne episoden er det eit intervju med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Deretter blir det panelsamtale frå Bibliotekmøtet 2024 som blei halde i Haugesund 17. til 19. april i år i regi av Norsk Bibliotekforening.  I intervjuet med statsråden gjentek ho det ho sa frå scenen på Bibliotekmøtet og har sagt fleire andre stadar i det siste: Leselyststrategien kjem før sommaren! Dette er noko av grunnen til at eg syns intervjuet med henne og scenesamtalen passa så godt saman, for i samtalen kjem det mange kloke innspel og tips om dette med å skapa leselyst – og ein god diskusjon om lyst-omgrepet kopla til lesing.  Siri Lindstad leier samtalen med overskrifta «Vi må snakke om litteraturformidling». Det blei rett og slett gøyal, tankevekkande og til tider rørande  samtale og diskusjon med eit panel beståande av biblioteksjef på Sølvberget i Stavanger Anne Torill Stensberg, Monica Gundersen Mitchell frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, forfattar Tore Renberg og allereie nemnte Jaffery.   Vi beklagar at det blei litt dårleg lyd på opptaket av panelsamtalen, men intervjuet med Jaffery blei bra.  God lytting! Og som alltid: Ikkje nøl med å ta kontakt på ao@bokogbibliotek.no for å koma med ris eller ros, tekstar eller tankar. 
Bli med på utdelinga av prisen Årets bibliotek 2023 som gjekk til skolebiblioteket ved Årstad videregående skole. Episoden inneheld mellom annan eit intervju med bibliotekarane ved vinnarbiblioteket, David Kvamme Høvik og Torhild Jordal, og ein forrykande appell for skulebiblioteka frå fjorårets vinnar Elisabeth Jensen Lombnæs.  Prisen Årets bibliotek blir delt ut av Norsk Bibliotekforening, og har vore delt ut sidan 1988.  Prisen går til bibliotek som har teke i bruk nye idear, og som har jobba utradisjonelt og offensivt og gjerne i samarbeid med andre. Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for norske bibliotek; både folkebibliotek, fagbibliotek og skulebibliotek. Leiar: Helene Voldner Tidlegare vinnarar: Biblioteket ved Gamlebyen skule, Oslo (2022); Østsiden bibliotek, Fredrikstad (2021); Deichman Bjørvika, Oslo (2020); Trøndelag fylkesbibliotek (2019); Stormen bibliotek, Bodø (2018); Biblo Tøyen, Oslo (2017).
I denne episoden får du møta morgondagens bibliotekarar. Trine Sivertsen, Andrea M. Skogseth, Ingrid Blancheflor Dorfman Dyrli og Inga Kjellesvig Hanssen frå studiet i biblitoek- og informasjonsvitskap ved OsloMet tek over podkasten.  Kven er dei? Kva drøymer dei om? Kva lærer dei på studiet? Kva tenkjer dei om det utvida bibliotektilbodet – med shufleboard, kinoforestillingar og 3D-skrivarar? Og korleis ser dei si eiga framtidige rolle i dette? Trine er frå Svolvær i Lofoten, Andrea frå Inderøya i Nord-Trøndelag, Inga er frå Flekkefjord og Ingrid frå Florø i Sogn og Fjordane. Kva tenkjer dei om eigne lokalkommunar si satsing på bibliotek? Og ikkje minst om folk flest si forståing av kva eit bibliotek er og kva ein bibliotekar gjer? Innspelinga blei gjort på Deichman Bjørvika den 19. mars 2024. God fornøyelse!
Den 19. januar heldt Mari Serine Kannelønning prøveforelesinga med tittelen "Potensiale og begrensninger for bruk av kunstig intelligens (KI) i biblioteksektoren" på OsloMet i samband med doktorgradsdisputasen sin. Der gjorde ho det god forskingsformidling alltid gjer: rydda i omgrepsjungelen, kutta vekk det som stenger for utsikt og innsikt og heldt fram eit kart,  denne gongen over det norske biblioteklandskapet. Ho streka opp rammene for bruk av KI-baserte verktøy i norske universitets- og høgskulebibliotek, viste fram dei viktigaste måtane vi nærmar oss verktøya i dag, og kva vi kan venta oss og bør satsa på framover.  Og vi har fått lov til å publisera Kannelønning si prøveforelesing her i podkasten. Ei prøveforelesing er på ein måte sjarmøretappen på doktorgradsløpet. Og ofte er tematikken litt annleis enn i sjølve avhandlinga. Hovudtemaet i Kannelønning si avhandling er tilhøvet mellom forventingar til KI-teknologi og mobilisering i helsefeltet, altså korleis måten vi tenker og snakkar om teknologien påverkar kven som styrer utviklinga og korleis verktøya kjem i bruk. Om du vil læra meir om dette kan du lesa saka vår om doktorgradsdisputasen, eller sjølve avhandlinga.
De som har følgt podkasten ei stund kjenner nok at stilen i denn episoden. Essayisten Ove Sundby har velsigna oss med ein ny tekst. I kjent stil svingar han innom både den gamle bibliotekarskulen i Dælenggata i Oslo, ei heilt nødvendig klassereise inn i bibliotekverda, myta eller sanninga om at ein bestemt mennesketype kjenner seg tiltrekt av bibliotekaryrket, og ein nesten gløymt parentes i den norske informasjonskunnskapens historie.   Send gjerne innspel og tips og kritikk og det du måtte ha på hjarta til post@bokogbibliotek.no, eller finn telefunnummeret på nettsida bokogbibliotek.no. Som alltid er det gull med liking og deling av episodar, men det aller beste er visst nok om lyttarane tek seg tid til å skriva ei setning eller to om kva dei likar med denne podkasten. God lytting!
– Sinne er ei potensiell sterk drivkraft når du sit som biblioteksjef og ser så tydeleg potensialet til kva som kunne vore. Du ser så tydeleg kva ideen om folkebiblioteket kan levera, og så sit du der med knappar og glansbilete og kan ikkje gjera nokon ting og ser sjansane gå deg forbi. Då er sinne ei sterk drivkraft for å få den merksemda som trengs.  Sitatet er av biblioteksjef i Haugesund Siri Vikse frå 19. oktober, sagt i bibliotekleiarsamtalen under Biblioteklederkonferansen 2023. Og det er den samtalen du får høyra i denne episoden. Temaet var «For mye av det gode, eller for mange drivkrefter?». I ein samtale om kor vidt dagens bibliotek gapar over for mykje kjem altså Vikse med eit hjartesukk om alt ho ser biblioteket kunne vore men som det ikkje er ressursar til. Det høyrer med til forteljinga at Haugesund bibliotek nyleg blei tildelt pris som «Årets utvidar» av Norsk publikumsutvikling. Temaet for Biblioteklederkonferansen i år var «Drivkraft», og bibliotekleiarsamtalen problematiserte den store porteføljen av oppgåver dagens bibliotek potensielt kan ta på seg. Kan det bli for mange drivkrefter inn, for mykje som skal koordinerast og administrerast? Kan eit breitt og inkluderande tilbod koma i vegen for kjerneoppgåvene? Står vi i fare for å mista bøkene? I tillegg til Siri Vikse frå Haugesund, besto panelet av biblioteksjef Sølvi Tellefsen frå biblioteket på Lillestrøm og årets kulturkommune 2023, og Henriette Stoltz frå Skien, ein av to andre kommunar som var nominerte til Årets kulturkommune saman med Lillestrøm. Stoltz sit også i NB sitt strategiske råd og er biblioteksjef i byen som nærmar seg innspurten på eit digert løft med å få på plass nytt bibliotek og masse anna fram mot feiring av den ikkje ubetydelege Skiensguten Henrik Ibsen sitt 200-årsjubileum i 2028. Saman med samtaleleiar og tidlegare biblioteksjef ved Stormen bibliotek i Bodø, Trud Berg, deler dei tre både smarte økonomitriks og råd om korleis ein kan navigerer klokt i kommunale system.  Trud Berg jobbar i dag i lakseoppdrettsbransjen, i eit firma som heiter NovaSea, og det er litt viktig å få med for at det skal skjøna eit par av kommentarane som kjem undervegs i samtalen.  Om du likar episoden set vi pris på all god omtale og deling (så skamlaus må ein dessverre vera i merksemdsøkonomiens tidsalder)! 
For ei tid tilbake fekk redaksjonen ein e-post frå dåverande biblioteksjef i Enebakk Oddmund Kårevik. Med begeistring fortalte han om eit arrangement dei hadde på tapetet der i bygda.  Temaet var forfattarskapen til Elisabeth Strout. Deltakarane var omsettarane Tove Bakke og Hilde Rød-Larsen, og Oddmund sjølv. Den første er entusiastisk lesar av bøkene til Strout. Den andre er den som har kledd den amerikanske forfattaren sine åtte romanar i norsk språkdrakt. Saman ville dei tre prøva å finna ut kva det er med bøkene til Strout. Kva er det som gjer dei så spesielt gode? Kvifor blir vi likesom ikkje ferdig med dei? Og korleis er det å omsetta bøkene Kunne dette vera noko for Podkasten Bok & bibliotek, spurte Oddmund? Takk vera initiativet frå Enebakk får de no tilgang til ein livleg og ivrig litteratursamtale frå eit norsk bibliotek om gleda ved å ha ein favorittforfattar, verdas verste svigermor, HBO-serien Olive Kiteridge og lysta til å stryka unødvendige setningar i bøkene til ein Pulitzer-vinnande og Booker-nominert forfattar. Du får høyra språkkunnige personar i samtala om nyansane i eit språk og mellom språk, om det knausgårdske Åh! som er lov på nynorsk, og kanskje også snart på bokmål, og om alle tinga vi gjer for å halda det gapande mørket i tilværet på avstand. Som om ikkje det er nok, kjem det også ein sensursituasjon tidleg i episoden som viser i praksis at det har større verdi å møtast på biblioteket enn å høyra på podkast. Det er noko med elefantane som ikkje kjem heilt ut. Men som så ofte i livet finst det finst glede og kunnskap også i det nest beste. Og det får du altså her, i Podkasten Bok & bibliotek.  Arrangementet, som gjekk føre seg torsdag den 12. oktober i år, blei støtta av Norsk oversetterforening og var ein del av Nedre Romerikes litteraturfestival «Litt av en fest» som er støtta av Viken Fylkesbibliotek. Elizabeth Strout (f.1956) er ein amerikansk skribent og romanforfattar, busett i New York og Maine. Ho debuterte i 1998 med romanen Amy and Isabelle og har til saman gitt ut åtte romanar. Det store internasjonale gjennombrotet hennar kom med Olive Kitteridge (2015), som vann Pulitzer-prisen for beste roman i 2009. Romanen toppa The New York Times si bestseljarliste og vart seinare tilpassa som ein kritikarrosta miniserie, som vann fleire Emmy-prisar. Den første boka om Lucy Barton, Eg heiter Lucy Barton (2016), vart nominert til Booker-prisen i 2016, toppa The New York Times si bestseljarliste og høsta strålande kritikkar internasjonalt. Lucy Barton vart seinare hovudkarakteren også i romanane Kva som helst er mogleg (2017), Åh, William (2022) og Lucy ved havet (2023). Foto: Tone Gautefald Tveit, Ragnar Hovland og Tine Poppe
Har du makt? Makt er eit av desse orda der vi aldri kjem til å einast om ein endeleg definisjon, men nynorskordboka seier det sånn: "Makt er det å kunne bestemme over andre eller kunne styre ei utvikling." Om vi legg denne definisjonen til grunn er det mykje makt i norske bibliotek, arkiv og museum. Under Kulturytring i Drammen i juni arrangerte Bok & bibliotek ein scenesamtale saman med søstertidsskrifta våre Aksess og Museum som vi kalla: «Hva skal vi huske, og hva skal vi glemme? En samtale om hverdagsmakt i arkiv, bibliotek og museum». ABM-sektoren – altså arkiv, bibliotek og museum – er hugs og samvit for fellesskapen, skreiv vi i programteksten. Kvar dag tek tilsette små og store val som påverkar kva framtida vil veta, det som blir ståande som forteljinga om oss. Dei vel ut, løftar fram og tek vare på dokument og litteratur, ting og tankar.  Mangeårig NRK-journalist og kulturkommentator Agnes Moxnes leia samtalen, og panelet besto av førstekonservator ANDERS BETTUM ved Interkulturelt Museum i Oslo, ANETTE KURE, biblioteksjef i Sarpsborg. ANN TOVE MANSHAUS, rådgjevar i Vestfoldarkivet og koordinator for privatarkiv i Buskerud. MICHELLE A. TISDEL, forskar og spesialbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket og styreleiar for foreininga INN – Etniske minoriteter i norsk kulturliv, og SILJE DRAGSUND AASE, leiar for Misjons- og diakoniarkivet ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger.  Ein stor gjeng fant veg til Drammensbiblioteket for å høyra på desse tidleg på dagen 21. juni i år. Fleire interessante perspektiv blei løfta fram, og vi som arrangerte fekk tilbakemelding etterpå om at folk opplevde omgrepet kvardagsmakt og refleksjonen rundt utøving av denne som ny og fruktbar. Ein scenesamtale er berre litt skraping i overflata. Eg håpar difor at du etter å ha høyrt episoden får fleire kollegar til å gjera det same, så kan de reflektera vidare i felleskap etterpå. For å parafrasera onkelen til Spider Man: "With great everyday power comes great everyday responsibility". Arrangementet vart støtta av Fritt ord og Norsk Tidsskriftforening. 
Velkomne til ein episode full av inkurier og spontane møter, der du først og fremst blir betre kjent med Ted Granlund, som ikkje er redd for å tulla med poesien. Denne sjangeren kan avskrekka nokon kvar. Det er liksom så lett å tråkka feil. Det blir fort så mykje spleen og seriøsitet. Litt sånn må det kanskje vera, for skal poesien funka må lesaren eller lyttaren gjera seg open og sårbar og skapa med. Dei gongane den verkeleg når inn kan den gi livsendrande erfaringar. Men denne episoden viser konkret og vakkert korleis poesien også kan vera ein kvardagsleg ting som står og dirrar i spennet mellom rasisme, frosenfisk, historiske anekdotar, respatex, kjærleik, død og fjas – ein heilt vanleg dag i ei gamal campingvogn på torget i ein norsk småby.  Det begynte med at eg (Arne Olav Hageberg) gjekk nedover Kirkegata på Lillehammer under Norsk litteraturfestival og såg ein bil. Hæ? tenkte eg. Ein gamaldags kvit politibil, og med campingvogn? Så slo kognisjonen inn og eg såg at det sto POESI med store bokstavar på sida av bilen, ikkje POLITI. Dette måtte eg bare sjekka ut. Inni vogna møtte eg Theodor Martinius Granlund. Trivelegare kar skal du leita lenge etter. Han får alle rundt seg til å slappa av stilla seg opne for livet og poesien. Granlund er sjølv poet med ti utgitte bøker, og han og Poesibilen har formidla på heiltid for tusenvis av ungdommar i snart 20 år. I tilleg til Ted, deltek ein namnlaus og kunnskapsrik pensjonert rektor frå gymnaset på Otta, biblioteksjefen på Løten Åsta Brenna, og  filmprodusent og tidlegare sauebonde Gudrun Austli, som på sparket resiterer eit dikt av den svenske poeten Bodil Malmsten (1944–2016). Tittelen på diktet er «Nebraska Vällingby – alla törs inte bli amerikanska massmördare.» Undervegs les også Ted Granlund to av sine eigne tekstar.  Opptaket blei gjort i ei campingvogn frå 1978, midt på Stortorget i Lillehammer ein solfylt føremiddag under Norsk Litteraturfestival 2023.  Dette er siste episode i i sesong to av Podkasten Bok & bibliotek. Hugs at det finst ein drøss fine forfattarsamtalar du kan høyra på om du søker opp Forfatteren & Favoritten i Podkastappen din, og så tar vi som alltid med glede imot innspel og idear, ris og ros på post@bokogbibliotek.no. 
Informasjon om endringar i samarbeidet mellom Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek om podkasten Forfatteren & Favoritten.  Her finn du Forfatteren & Favoritten på Apple Podcasts Her finn du Forfatteren & Favoritten på Spotify
Politisk debatt! Opptaket til denne episoden blei gjort onsdag 7. juni. Då inviterte Norsk Bibliotekforening til politisk debatt om bibliotek på Deichman Grünerløkka i Oslo med Omar Samy Gamal (SV, kulturbyråd i Oslo), Mari Rise Knutsen (R), Eili Vigestad Berge (V), Mehmet Kaan Inan (H), Maria Qureshi (AP), Robert Wright (KrF) og Morten Edvardsen (SP). Debattleiar var Arne Olav Hageberg (meg, hei!). Oslo kommune har akkurat lagt fram ein justert bibliotekplan med lovnad om åtte nye bibliotek. SV-byråd Omar Samy Gamal har kalla biblioteka det viktigaste kulturtilbodet i byen. Dette gjentok han under debatten, og Mehmet Kaan Inan frå høgre hevda seg einig og lova like god satsing og større innkjøpsbudsjett til skulebiblioteka. Altså klare lovnadar om utvikling og vilje til å sjå på dei økonomiske rammene. Så det er bare å henta fram fysisk, mental eller digital blokk og papir og notera. Innhaldet er relevant også utanfor Oslo. Kanskje kan du tipsa din lokale kulturpolitikar om å ta ein lytt, for forståelsen av kva biblioteka gjer og betyr er nok ulikt fordelt i landet.  Til sist kom det fleire interessante innspel frå salen, mellom anna om den prekære bemannings- og arbeidstidssituasjonen som tilsette opplever å stå i. Først av alt framfører Selma Benmalek sin eigen tekst «Jeg jobber på bibliotek», som var med å ramma inn og realitetsorientera debatten. Selma jobbar som programkonsulent ved Deichman og er leiar i Norsk Bibliotekforening Oslo.
Er det noko bibliotektilsette veit, så er det at ikkje alle har latt seg forføra fullstendig av TV-seriane og sosiale medium, anten dei er vaksne damer, ungar eller BookTock-arar. Kva treng desse lesarane av oss som jobbar med formidling av litteratur? Kva betyr det å vera ein lesar, og korleis blir ein det, eller korleis får ein andre til å bli det? Spørsmåla blei stilte av Fylkesbiblioteket i Innlandet og Norsk Bibliotekforening under ein scenesamtale på Norsk Litteaturfestival på Lillehammer torsdag den 25. mai, og som du får høyra i denne episoden. Helene Voldner, nestleiar i Norsk Bibliotekforening og bibliotekarbeidar ved Deichman i Oslo, leier samtalen. Med seg på scenen har ho BookTockar Rikke Neverdal, lærar, skribent og samfunnsdebattant Mohamed Abdi og leseforskar Kari Spjeldnæs. Ta gjerne kontakt på post@bokogbiblitoek.no med ris og ros, med idear og innspel, eller om det bare er noko du vil lufta eller diskutera.     
Stortingsrepresentanten og forfatteren av Mamma er trygda er månedens gjest i Forfatteren & Favoritten. Hvor lang tid tok det fra Mímir avsluttet videregående i Stavanger til han flyttet til Oslo? Når fikk han hår på brystet og hvorfor er det viktig? Hvordan ble det kulehull i skoleveggen der han gikk? Hvorfor gikk han med shorts til jul? Hvorfor var mandagene mer minneverdige enn fredagene på vgs? Hva angrer han mest på at han ikke gjorde etter skoletida? Fikk Mímir venner av å si at han var "frankofil"? Er det å være stortingsrepresentant som alle andre jobber? Hvem er egentlig white trash i Norge? Hvorfor måtte Mímir bli voksen veldig fort? Hvilken "kjempeløyen", hyperlokal bok ble en nasjonal suksess? Hvordan ble en støvsuger verdens verste masseødeleggelsesvåpen? Hvilken bok var det som ga Mímir intellektuell orgasme, og hadde han blitt stortingsrepresentant uten den boka? Pallen: Karl Marx og Friedrich Engels – Det kommunistiske manifest (1848)  Graham Greene – Our Man in Havana / Vår mann i Havana (1958, overs. Peter Magnus, 1959)   Tore Renberg – Mannen som elsket Yngve (2003) Episoden ble spilt inn på Porsgrunn bibliotek 23.03.2023. Programleder: Stian Omland Teknikk og redigering: Marcus Patai Musikk: Halvor Nordal Strand  Redaktør: Arne Olav Hageberg Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik  Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek Mímir Kristjánsson (f. 1986) Utvalgte utgivelser: De superrike (sakprosa, voksen, 2011)  Vestkanttroll: En røverroman (Roman, satire, voksen, 2016)  Hva ville Gerhardsen gjort? (sakprosa, voksen, 2018)  Mamma er trygda (sakprosa, voksen, 2019) Tranmæls metode (sakprosa, voksen, 2020) Jon Michelet: En folkets helt (Biografi, voksen, 2021) Forfatteren & Favoritten er en månedlig bokpodkast der en forfatter forteller litt om sine egne bøker og, aller mest, om de tre bøkene som gjorde størst inntrykk på dem da de var mellom 15 og 20 år. Vi vil høre om bøkene, om hvorfor de er så bra, hva de har betydd og hvorfor mange flere bør lese dem i dag. F&F er et samarbeid mellom Porsgrunn bibliotek og tidsskriftet Bok & bibliotek.
Øivind Frisvold sin tekst om Noregs første kvinne med bibliotekarutdanning Martha Larsen Jahn svingar innom viktige amerikanske bibliotekimpulsar rundt forrige århundreskifte, eit tidleg mønsterbibliotek for born og unge i Trondheim, opptakten til både FN og UNESCO, arkitekturstrid knytt til Universitetsbiblioteket i Oslo, der Nasjonalbiblioteket held hus i dag, Norske kvinners sanitetsforening, beredskap, verdskrig og opposisjon mot Gestapo. Ein bør bli litt audmjuk av å høyra om sånne som Martha Larsen Jahn. Teksten blir lesen av Lena Barth Aarstad. Besøk bokogbibliotek.no for å bli abonnent på papir, lesa nettsaker eller tidlegare utgåver digitalt. Ta kontakt på post@bokogbibliotek.no med ris og ros, om det er noko du vil lufta eller diskutera, eller for å senda inn stoff. Om du ikkje vil gå glipp av nye episodar, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Vi høyrest!        
Da Michael Stilson gav ut sin første bok i 2018 kåret 1000 ungdommer den til årets beste. Bare spille ball mottok både Uprisen og Trollkrittet, og nå er den filmatisert i den blodferske serien Beist på NRK.  I bøkene sine utforsker tidligere fotballproff Michael Stilson hva som skjer når fotballen går fra å handle om drømmer, frihet, lek og moro, til også å bli noe annet. Han skriver om overgangen som skjer når du som 16–17 åring blir veid, og kanskje funnet for lett. Men selv for de som blir med videre, som hovedperson i Bare spille ball-serien Fredrik Markussen, sniker det seg inn et nytt alvor.  Michal Stilson spilte selv blant annet i OBOS-ligaen (norsk førstedivisjon) for Ranheim og Mjøndalen, og var også innom eliteserien med sistnevnte. Som ung fotballspiller var han med å vinne junior-NM for Rosenborg.  "Fotball, fotball, fotball." Slik karakteriserer han ungdomstida. Likevel fikk Michael lest noen bøker. De tre han har plassert på pallen for oss er fulle av følelser, handling og fremdrift.   Pallen: 1. Dan Brown - The DaVinci Kode (2003) / DaVinci-koden (2004) 2. Khaled Hosseini – The Kite Runner (2003) / Drageløperen (2006) 3. J.K. Rowling – Harry Potter-serien (1997–2007) Episoden ble spilt inn i Skien og Grong 17.04.2023. Programleder og redaktør: Arne Olav Hageberg Teknikk og redigering: Marcus Patai og Arne Olav Hageberg Musikk: Halvor Nordal Strand  Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek. Michael Stilson (f. 1986) Produksjon: Bare spille ball, Cappelen Damm (2018) Alene gjennom, Cappelen Damm (2020) Kampfikseren, Cappelen Damm (2021) Elastico (tegneserieroman), Ena forlag – sammen med illustratør Luis Guaragna (2021)
Frå hysjing til demokratihus og mangfaldig møteplass, frå stillheit til lyd. Biblioteka er pålagde å setta problem under debatt. Men korleis gjer ein det i praksis?  Bibliotekdagene i Viken 8.-9. mars 2023 samla deltakarar frå alle krikar og krokar i megafylket til to dagar fulle av godt program. Tema var Demokrati, og ei av dei som gjorde ein veldig god figur på scenen var biblioteksjef Oda Cornelia Knudsen frå Kongsberg.  Poengtert og reflektert fortalde ho om korleis folkebiblioteket der i ti år har jobba med å forankra og utvikla debattarrangement gjennom konseptet Kongsbergdebatten. I denne episoden får du høyra foredraget innlese av ho sjølv, med mange konkrete tips og triks for debattbiblioteket. I skrivande stund er det bare rundt eit halvt år til alle landets fylkesbibliotek, skulebibliotek og folkebibliotek får nye eigarar, med andre ord nye kommunestyrer og fylkesting. Alle sider av lokalpolitikken er sjølvsagt relevante for ein bibliotekdebatt. Og i denne episoden av Podkasten Bok & bibliotek får du både veta korleis du kan gjera det i praksis, og høyra gode argument for at biblioteka må ta denne rollen framover. Om du vil veta meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt ⁠nettside⁠. Der kan du abonnera, lesa tidlegare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på ⁠post@bokogbibliotek.no⁠ med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera – for eksempel idear til nye podkastepisodar.    
Møt skaperen av Mia Myhr og de forsvunne barna i en morsom og frisk samtale med Stian Omland. 24 år gammel har Sara Hjardar allerede realisert drømmen om å leve av å være illustratør og forfatter. Hun forteller om fine og harde år på videregående, om å være ungdom og heller ville male enn å trekke frisk luft. Hva er det flaueste hun har gjort? På pallen hennes finnes det både manga, sjangeroverskridende dansk horror og velskrevet og utleverende oppvekstbiografi fra en ung amerikansk skuespiller.  Pallen: Inio Asano – Goodnight Punpun (2007-2013)  Janne Teller – Ingenting (2000) Jenette McCurdy – I’m Glad My Mom Died (2022) Episoden ble spilt inn på Porsgrunn bibliotek 11.02.2023. Programleder: Stian Omland Teknikk og redigering: Marcus Patai Musikk: Halvor Nordal Strand Redaktør: Arne Olav Lunde Hageberg Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek. Sara Hjardar (f. 1997) Produksjon: Mia Myhr og barna som forsvant (grafisk roman, barn/ungdom, 2022)
Future Library

Future Library

2023-03-1057:44

I denne episoden får du bli med inn i Future Library  sitt underlege univers. Mykje er skrive og sagt om kunstnaren Katie Paterson sitt svimlande kunstprosjekt. Men likevel kan det vera vanskeleg å gripa. For kva er greia med manuskript av store forfattarar som ikkje skal publiserast på 100 år? Og kva har eit plantefelt i Nordmarka med litteratur å gjera? Alt det og meire til får du grundig forklart her. Ann-Mari Bugge sin tekst er lang og vandrande. Den gir innblikk i alle dei ti framtidsbibliotekforfattarane som til no er offentleggjorte, og eit par som kunne vore det. Og like mykje som ei slags innføring i Future Library er den eit innspel i den store samtalen om kunsten og litteraturen sin plass i livet til kvar og ein av oss. Det er bare å gi seg over. Forfattaren Ann-Mari Bugge kallar seg sjølv ein slags litteraturvitar. Ho jobbar som frilansjournalist og timelærer i pedagogikk på Universitetet i Sørøst-Norge, og saman med Trine Solstad er ho aktuell med fagboka Seriøst? Om sakprosa for barn på Universitetsforlaget. Ho har litteraturvitskap, pedagogikk og engelsk i fagkretsen og er master i faglitterær skriving. Future Library-forfattaren David Mitchel blei forresten intervjua i samarbeidspodkasten vår Forfatteren & Favoritten for litt sidan. Den episoden er også vel verdt å få med seg.
Forfatteren av Kvit, norsk mann og Smadra er den 22. gjesten i Forfatteren & Favoritten. Brynjulf Jung Tjønn ble født 1980 i Seoul i Sør-Korea. I 1983 ble han adoptert til Feios i Sogn og Fjordane, der han vokste opp som odelsgutt. Han debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002. Senere har han gitt ut flere romaner for voksne og den kritikerroste barnebokdebuten I morgen skal vi sitte i solen (2009). I 2021 vant han P2-lytternes romanpris for Kvar dag skal vi dere så modige. Som om det ikke var nok: For ungdomsromanen Så vakker du er fikk han Brageprisen 2013. I disse dager topper han boklistene med en lyrikksamling om identitet, rasisme og det å høre til, eller ikke gjøre det.  I denne samtalen med Stian Omland forteller han blant annet om diktet som ga ham frysninger som ung gutt, og om å like moderne lyrikk uten å forstå noen ting av den. Han forteller om fotball, år på kristen internatskole og andre nøkkelhendelser i ungdomstida. Hvorfor begynte han å skrive dikt om aper? Hvilken bok kom nesten på pallen, og hvilken bok ga ham troen på at han også kunne få gitt ut det han skrev? Pallen: Johan Harstad – Herfra blir du bare eldre (2001)  Lars Saabye Christensen – Beatles (1984)   Gro Dahle – Karneval – Dikt i utvalg 1987-1997 (1998) Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) Produksjon i utvalg: Kinamann (roman, voksen, 2011)  Så vakker du er (roman, ung 2013) Smadra (roman, ung, 2018)  Kvar dag skal vi vere så modige (roman, voksen, 2021) Kvit, norsk mann (dikt, voksen, 2022) Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek. Episoden ble spilt inn på Porsgrunn bibliotek 26.01.2023. Programleder: Stian Omland Teknikk og redigering: Marcus Patai Musikk: Halvor Nordal Strand  Redaktør: Arne Olav Lunde Hageberg Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik 
loading
Comments