DAG OG TID podkast

Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.

Anders Nordstad om norsk landbruk

Denne veka er Anders Nordstad gjest. Han er engasjert i landbrukspolitikk og vart i høve jordbruksoppgjeret intervjua i Dag og Tid 13. mai. I denne podkasten fortel han om kva han meiner er gale med norsk landbrukspolitikk. Artikkelen kan du lese her.  

05-20
29:11

Dyrisk: Døyr fe, døyr frendar

Dette er del to i podkastserien «Dyrisk». Saman med veterinærane Brit Tørud og Edgar Brun snakkar Arve Nilsen om fiskehelse og oppdrett. Ifølgje rapporten om fiskehelse i Noreg skriv Veterinærinstituttet at det døydde over 100 millionar oppdrettsfisk i 2021. Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i DAG OG TID. Denne veka skriv han om klauvròte. Les artikkelen her (for abonnentar). 

05-13
59:21

Å døy om våren. Ein samtale om sjølvmord med Erlend Skjetne

Forfattar og skribent Erlend Skjetne er gjest i podkasten denne veka. Han skriv no ein serie essay i DAG OG TID der han reflekterer kring temaet sjølvmord. Her kan du lese første del «Å døy om våren».    

05-06
24:12

Det franske demokratiet er ikkje som før

Etter presidentvalet i Frankrike er det tydeleg at folket er splitta. Korleis har det blitt slik? Og kor mykje makt har presidenten? Gjest er Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid. Les kommentarane hans om same tema: "Politiske oppløysingstendensar" og "Det franske demokratiet er ikkje som før". 

04-29
34:00

Dyrisk: Kva er eit dyr?

Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen.

04-22
01:01:59

Marit Bjerkeng om russisk språk og kultur

Burde me boikotte russisk kultur no? Og har Putin øydelagt den russiske litteraturen? Gjest er Marit Bjerkeng, ho er omsetjar og har undervist i russisk ved høgskular og universitet. I denne episoden fortel ho også om to av "sine" russiske forfattarar, Mikhail Sjisjkin og Ljudmila Ulitskaja. 

04-16
30:48

Kjem snart: ein podkastserie om dyr og dyrevelferd

Fredag 22. april kjem første episode av podkastserien «Dyrisk». Veterinær Arve Nilsen snakkar om dyr og dyrevelferd saman med gjester som har mykje kunnskap og spennande meiningar. Følg med i podkastkanalen til DAG OG TID!

04-15
00:25

Fasade og fadese i Hollywood

May Linn Clement, teiknaren i Dag og Tid, fekk innpass på Oscar-utdelinga i Hollywood. I denne episoden fortel ho om opplevinga si. Les reportasjen hennar her (abo).

04-08
25:31

Intervju med Andrej Kurkov

Denne veka var den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov i Oslo, han var invitert av Samtiden og PEN. I DAG OG TID-podkasten fortel han om korleis han opplever situasjonen i Ukraina og kva han meiner om Russland. Kurkov har skrive mange artiklar for Dag og Tid, du kan lese dei her. I DAG OG TID kan du også lese Intervjuet med Mikhail Sjisjkin, som Kurkov hadde ein samtale med på litteraturhuset 28. mars.

04-01
22:15

Nevrokirurg Haldor Slettebø om hjernen

Haldor Slettebø, spesialist i nevrokirurgi, skriv om medisin ein gong i månaden i Dag og Tid. I denne episoden snakkar han om den første artikkelen, «Hjernen er oppskrytt», som stod på trykk 18. mars. Les artikkelen her (abo).

03-25
27:08

Per Anders Todal om den nye fedrelandskrigen

Journalist og forfattar Per Anders Todal er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka. Han seier at leiarane i både Ukraina og Russland nyttar den sovjetiske krigssoga som ammunisjon. Du kan lese artikkel hans her. Er du ikkje abonnent? Prøv DAG OG TID gratis i tre veker med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

03-18
27:16

Uavhengig journalistikk i Russland

Dag og Tid trykker no artiklar av den russiske journalisten Sergej Markelov. I 2020 vart han som fyrste journalist i Russland erklært som utanlandsk agent av russiske styresmakter. Kva går denne lova om utanlandske agentar ut på og kvifor vart ho sett i verk? Journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, fortel om situasjonen for uavhengig journalistikk i Russland. Les artikkelen «Ein utanlandsk agent tilstår» her (for abonnentar). Er du ikkje abonnent, men ønskje å lese artiklane? Bestill eit gratis prøveabonnent på dagogtid.no/prov.  

03-18
28:54

Finanskrigen: Jon Hustad om sanksjonane mot Russland

26. februar vart valutareservane til Russland kverrsette av europeiske land og Japan. Kva konsekvensar får dette for Russland, og er det lov å fryse andre land sine valutareservar? Jon Hustad er gjest denne veka. Artikkelen om same tema, «Finanskrigen», kan du lese her (abo). 

03-11
32:35

Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?

24. februar gjekk Russland til åtak på Ukraina. Kva var motivasjonane bak dette angrepet? Og kva betydning har Ukraina for Russland? Russlandskjennar, førstelektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og forfattar av boka Russiske imperium, Kåre Johan Mjør, er gjest denne veka. I Dag og Tid 25. februar vart han intervjua av Per Anders Todal. Les artikkelen her (for abonnentar).

03-04
29:08

Salamandertesten: Simon Malkenes om norsk skulepolitikk

Innføringa av dagens skule byrja i 2001, då kom dei første Pisa-resultata. Dei viste at Noreg ikkje var best, men skåra middels blant OECD-land. Løysinga vart ein ny skulepolitikk, ein skulle disiplinere ungane til å lære meir. I denne episoden av DAG OG TID-podkasten er Simon Malkenes gjest. I fjor kom han ut med boka «Salamandertesten» der han skriv om norsk skulepolitikk i lys av Bjørneboes Jonas frå 1955. Boka tar utgangspunkt i eit føredrag på Nasjonalbiblioteket i høve 100-årsjubileet for Jens Bjørneboes fødsel. Nøkkelord er «læringstrykk», «humankapital», «tidleg innsats» og «disiplindugnad». Malkenes har også blitt intervjua av Jan H. Landro i Dag og Tid 4. februar. Intervjuet kan du lese her.

02-18
30:20

Cecilie Løveid om livet og skrivinga

I boka «Kamerat livet» samtalar Kaja Schjerven Mollerin med forfattar Cecilie Løveid. I boka fortel Løveid om alt frå barndomen, familien, det pågåande prosjektet med boka «Piggeple» og hennar forhold til poesi og dramatikk. Denne veka er ho gjest i Dag og Tid-podkasten og fortel om livet og skrivinga. Mollerin vart intervjua i papirutgåva 4. februar, les intervjuet her (for abonnentar). 

02-11
29:38

Siri Helle om vegetarisk middag

Det å ete grønt skal vere sunnare for både helsa og miljøet. Men er det eigentleg sunnare å skifte ut kjøtkakene med eit vegetarisk alternativ som skal etterlikne kjøtprodukt? Fast skribent i Dag og Tid, Siri Helle, er gjest. Les spalta «Frå matfatet» om vegetarisk middag her (for abonnentar).

02-04
18:02

Helene Uri om pronomena «hen» og «dei»

Det er ikkje alle som føler at «ho» og «han» passar med deira kjønnsidentitet. For eit par veker sidan skreiv NRK om Ravn Stiklestad Opli som identifiserer seg sjølv som ikkje-binær. Ravn føretrekker å bli omtala med pronomenet «dei». Kva er samanhengen mellom språk og identitet og blir det ikkje forvirrande å bruke «dei» om éin person? Helene Uri, forfattar og språkvitar, fortel om dei kjønnsnøytrale pronomena «hen» og «dei». 

01-28
22:52

DAG OG TID lydavis: «Med éin fot i fortida og éin i framtida»

I DAG OG TID les me kvar veke inn eit utval av artiklane våre til lydavisa. Her kjem ein smakebit der Håvard Rem les første del i serien om Qatar, «Med éin fot i fortida og éin i framtida», som stod på trykk 21. januar. Har du alt digitalt eller komplett abonnement, kan du laste ned DAG OG TID-appen og lytte til lydartiklar der. Er du ikkje abonnent, kan du gå inn på dagogtid.no/prov og bestille eit gratis prøveabonnement.

01-26
17:06

Tiåret då det ekstreme blei normalt

«Ytre høyres kulturkrigere vil normalisere det ekstreme». Det skriv Carline Tromp, redaksjonssekretær i debattredaksjonen i Klassekampen, i den nye boka si: «Kulturkrig». DAG OG TID publiserte eit forfattarintervju med Tromp 14. januar. I dag er ho gjest i podkasten. I episoden nemner vi teksten til Karianne Solbrække, Nyhetsredaktør i TV 2.

01-21
28:22

Recommend Channels