Kri er ferdig med russetid, Kariann vart aldri Alexis og er Blake framleis oppegåande?. Ny episode av podcasten på lågt nivå utan klipp og redigering.
Dogmepodd utan filter og lydredigering.
Dette er dogmepod.... Det du ser (høyrer) er det du får.
Dette er den fyrste episoden av podcasten Hestar, gutar og andre dyr. Den består av råopptak, samt litt kluss med noko klipping midt inn i. Dette på grunn av våre manglande evner til redigering. I alle fall enn so lenge. Vi kan alltids håpe og tru at det er sjarmerande, men sanninga er jo at det er berre tull og tøys. På sikt håpar vi å snakke om Hestar, gutar og andre dyr, samt livet som ungdom, kvinne, sosiale medium, livet generelt, verdas beste fletteloff og kanskje ein aldri so liten pullert. Og havet baby. Havet. Vel møtt til ein episode utan struktur, mål eller meining. Vi jobbar med saken.