DiscoverKraftlaget
Kraftlaget
Claim Ownership

Kraftlaget

Author: Suldal kommune

Subscribed: 0Played: 0
Share

Description

Historiar frå tilsette i Suldal kommune.
11 Episodes
Reverse
Korleis er det å flytta heim igjen? Kva skal til for at fleire flyttar til Suldal? Og kva er det eigentleg å finna på uti grendene?  Me har snakka med Anna og Magnhild om korleis deira oppleving har vore etter å flytta heim att til Suldal. Dei har begge studert og jobba vekke, og fortel om kva som er godt med å flytte heim att, og kva som kunne vore betre.   I påsken, under messa RyRekrutt, var Magnhild utegåande reporter og kom i prat med fleire Ryfylkeungdommar. Her var dei mange ulike meiningar om det å flytte til distriktet.  
Kraftlaget er tilbake med ny episode! Denne gongen møter me Tone Mari Sand og Åshild Vetrhus frå prosjektgruppa for Syngande kommune i Suldal. Dei neste åra skal dei arbeida for å ta allsongen tilbake i kommunen, med eit mål om at fleire skal våga å bruka stemmen dei har. For det skjer noko med oss når me syng saman. Song har til alle tider samla oss – i glede, sorg og kamp. Men har me vorte for vane med å bli underhaldne, i staden for å delta sjølve? Har me mista litt av songen som bur i kvar enkelt av oss?  
I denne episoden møter me Eir Seljen Høydal, reisande musikklærar i Suldal. Eir brenn for kultur på ein jordnær, men samtidig energisk måte. Kultur opnar opp for sider i oss som ikkje nødvendigvis andre ting gjer på same måte, seier ho. Dette er ein samtale om fellesskap, kva kulturelle opplevingar gjer med oss, og det å skapa rom for nye uttrykk, saman og åleine.  
Er du nysgjerrig på kva det eigentleg vil seia å vere einingsleiar ved ein heilt ny og moderne sjukeheim? I denne korte podkastepisoden får du eit innblikk i både rolla, kvardagen og moglegheitene som ventar hos oss i Suldal kommune. Me skal rekruttera ein ny einingsleiar til Suldal sjukeheim. I studio møter du: Svein Carlos Gjil, kommunalsjef for helse og oppvekst – om leiarskap og vidare utvikling. Elin Mikkelsen Bakka, rådgjevar og del av byggeprosjektet – som tek deg med inn i historia bak det nye sjukeheimsbygget som stod klart i mai 2025. Lisebeth Gjøse, konsulent og fagperson på velferdsteknologi – som forklarer korleis sjukeheimen er rigga med smarte, trygge og framtidsretta teknologiløysingar som støttar omsorga og gjer arbeidskvardagen enklare. Episoden er perfekt for deg som vurderer å søkje, eller som berre vil få eit innblikk inn i tankane rundt Suldal sjukeheim.  
Kva skal til for at dei tilsette i Suldal kommune kjenner seg sett, høyrt og verdsett – i kvardagen, i endringar og når ting er krevjande? I denne episoden møter me tre som kjenner arbeidskvardagen frå innsida, og som står tett på både tilsette og leiarar: Anne Tove Lillehammer, hovudtillitsvald for Fagforbundet Lise Renate Tistel, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet Kirsti Skogen, hovudverneombod  
loading
Comments 
loading