DiscoverLeselaget
Leselaget
Claim Ownership

Leselaget

Author: Det Norske Teatret

Subscribed: 2Played: 21
Share

Description

I podkasten Leselaget inviterer vi nokre av våre fremste forfattarar til å lese ein klassikar og snakke om den. Velkommen til Leselaget les Leskov!

 

Forfattaranes forfattar?

Forfattarane Linn Ullmann, Kathrine Nedrejord og Edvard Hoem er alle aktuelle med tekstar på Det Norske Teatret våren 2025. No har vi fått dei til å lese kortromanen Lady Macbeth fra Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov.

Det blir sagt at Leskov er den mest russiske av alle russiske forfattarar. Ein språkets meister og blant de finaste forteljarane i russisk 1800-tallslitteratur. Men Leskov hamnar ofte i skuggen av dei store realistane som Dostojevskij og Tolstoj.

Dramaturg Ingrid Weme Nilsen er programleiar for Leselaget, og i løpet av podkastserien skal ho undersøke om det stemmer at Leskov er «forfattaranes forfattar». Bør vi alle lese Leskov?

Lady Macbeth frå Mtsensk er ei kort forteljing på ca. 60 sider. Men på desse få sidene får du ei uhyggeleg historie, full av stormande kjærleik, store svik og drap på rekke og rad. Og i sentrum av det hele står den unge, vakre kjøpmannskona Katerina Lvovna Ismajlova.


Bli med i laget!

Vi vil gjerne ha med deg i Leselaget også! Lady Macbeth frå Mtsensk er dessverre ikkje lengre mogleg å kjøpe på norsk i bokhandelen. Men du kan låne ho på biblioteket eller kjøpe boka på eit antikvariat. Ho ligg også gratis tilgjengeleg i digital versjon på Nasjonalbiblioteket sine nettsider: www.nb.no.

Våren 2025 speler Det Norske Teatret framsyninga Lady Macbeth, basert på teksten til Nikolaj Leskov. 



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

13 Episodes
Reverse
Olav Duun-entusiast og språkkonsulent ved Det Norske Teatret, Inger Johanne Sæterbakk er gjest i siste episode av Leselaget. Ho har lese tredje band i Medmenneske-trilogien, Siste leveår frå 1933. No får vi vite korleis det går med Håkon og Ragnhild. Samtalen blir leia av Ingrid Weme Nilsen.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Skodespelar Ameli Isungset Agbota speler rolla som Ragnhild i framsyninga Medmenneske, som går på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I denne samtalen snakkar ho med Ingrid Weme Nilsen om korleis det går med Ragnhild, når ho kjem tilbake til vonlausheimen, etter å ha sona straffa si. Leselaget les bok to i Medmenneske-trilogien. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Johannes Holmen Dahl er ein av Noregs mest meritterte regissørar. I 2026 har han dramatisert og hatt regi på Medmenneske, som no speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Han er første gjest i denne sesongen av Leselaget, for å snakke om romanen Medmenneske av Olav Duun. Samtalen blir leia av Ingrid Weme Nilsen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I tredje sesong av podkasten Leselaget inviterer vi til å lese Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med! I 2026 er det 150 år sidan forfattaren Olav Duun blei fødd. I høve jubileet skal podkasten Leselaget lese dei tre bøkene Medmenneske (1929), Ragnhild (1931) og Siste leveår (1933). Vi inviterer til tre direkteopptak der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg kvar av dei tre romanane. Kvar episode har ein ny gjest. VI VIL GJERNE HA DEG MED PÅ DENNE LESEMARATONEN!Anten kan du lese saman med oss, bok for bok, eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Kvar episode blir lagt ut som podkast, men ønskjer du å vere til stades under samtalen, så kan du det!Hent deg ut gratisbillett. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals. Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet til Napoleon i 1799 er framleis ferskt. Fridommen er innskrenka. Dei sosiale skilnadane er enorme. Folket lir, svolt og urettferd framprovoserer frå tid til anna blodige gatekampar der desperate sivile gjer opprør mot politi og myndigheiter. Mot slutten av romanen lar Hugo oss få bli med inn i eit slikt opprør. Karakteren Marius, den unge og engasjerte kjærasten til Cosette, Jean Valjean si elska fosterdotter, blir nesten drepen i opprøret. Er revolusjonens tid forbi? Kven er villig til å gå til revolusjon i våre dagar? Treng vi ein skikkeleg revolusjon? Og kva er vi villige til å risikere livet for? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
loading
Comments