Nokon må gå

Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.

Ingebrigtsen-dilemma, politikarar, rus og moralisme. Høyr episoden hos Podme og i BT-appen!

Simen Velle tok eit oppgjer med si rusfortid på imponerande vis. Men var det så skamfullt, eigentleg? Og hadde alt vore annleis dersom han var eldre og politikar då det skjedde? Ingebrigtsen-saka dominerer nyheitsbiletet, me går gjennom pressedekninga.

05-02
00:42

Får Trump evig immunitet?

Kan ein president drepe sin motstandar og vere immun mot rettsforfølging? Kva med å setje i gong eit kupp? Amerikansk høgsterett vurderer faktisk immunitetskravet til eks-president Donald Trump. Det får juss-ekspertar til å måpe.

04-30
19:41

Kor KI-desperat går det an å bli? Høyr episoden hos Podme og i BT-appen.

Over heile landet ropar kvinner etter ny samtykkelov. Men Marie er skeptisk. Industri- og næringspartiet finst framleis, og kranglar framleis. Me gir deg alt om den nye leiarkonflikta. Og så var det KI. Er det lov å seie at ein ikkje heng med?

04-25
00:45

Kunsten å gå – enten du vil eller ei. Høyr episoden hos Podme eller i BT-appen.

Ingvild Kjerkol måtte gå av, og statsministeren sto ved sida og passa på. På Stortinget er det mange som går av eiga fri vilje, og mange har éin ting til felles. BT har dessutan vunne den mest prestisjetunge journalistprisen i Noreg. Me får besøk av kollega Per Lindberg, som fortel om saka og følgjene den har fått.

04-18
00:45

Gjekk BT for langt i gruppevaldtektssaka?

Ingvild Kjerkol har fått sin endelege sensur på masteroppgåva. Må ho gå? Frifinninga av tre menn i gruppevaldtektssaka i Bergen skapar sterke reaksjonar. Ei ny bybaneløysing blir kalla genial, og i Oslo er 17. mai blitt kulturkrig.

04-11
41:53

– Ap vil drive slavedrift på ungdom. Høyr episoden hos Podme og i BT-appen.

Ideen om eit pliktår for landets 19-åringar slår godt an i folket, men ikkje hos Morten og Gerd. Marie er derimot litt glad i tvang. Dessutan snakkar me om å vente på Bybanen til Åsane og om å reise klimavennleg som vestlending. Spoiler: Det siste er umogeleg.

04-04
00:44

Spesial: Live fra klimafestivalen Varmere, våtere, villere

Denne spesialepisoden er spilt inn live under klimafestivalen Varmere, våtere, villere i Bergen. Jens, Marie og Hans har med seg tidligere Ap-topp Marianne Marthinsen og fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland (Sp), og diskuterer små og store klimaspørsmål. Produsent: Henrik Svanevik

03-28
51:53

Fylle-Facebook, fylleskirenn og Erna-hyllest i Bergen

Per Willy Amundsen var full på Facebook, men det har vel Frp-arar vore før? Kvifor er dei så harde denne gongen? I Bergen fekk Erna Solberg heidersrolle i ein operette om aksjesvindel, til stormande jubel frå salen. Neste veke kan Bybanens skjebne bli avgjort, og me er spente. Og så var det fyllekaoset i Holmenkollen: Har nasjonen Norge eit alkoholproblem?

03-14
36:11

Menn er frå mars og kvinner frå venstresida. Høyr episoden hos Podme og i BT-appen.

Han meinte ikkje at kvinner har ansvar for at menn får ligge. Men kva meinte Fpu-leiar Simen Velle, eigentleg? Høgre har vore eksepsjonelt strenge med sin eigen Erna Solberg, noko som truleg var ganske lett for partiet. Og i Bergen har mange mista sympatien med museumsdirektøren for Kode.

02-29
00:55

Snakka ho på seg ei ny bompengekrise? Høyr episoden hos Podme og i BT-appen.

Byutviklingsbyråden vil auke bompengane, men treng støtte frå bompengemotstandarar. Det kan bli krise. Ei ny abortlov, krise for Kunstmuseene i Bergen og Oslo-reklame på vegskilta i Bergen er òg tema i vekas episode.

02-22
00:30

Ikkje tenk på krig, tenk på baking

Svenske barn har fått beskjed om å førebu seg på krig. Då bør kanskje norske, vaksne politikarar også gjere det? Enkelte politikarar får truleg også angst av å lese ferske meiningsmålingar, men for Høgre og Erna Solberg er krisa definitivt over. Og endeleg: Bergen blir vist fram i all sin pryd i NRKs bakemeisterskap. Men kan den norske versjonen få same kultstatus som den britiske? Produsent: Henrik Svanevik

02-15
40:26

Urinering, oppsplitting og nynorsk. Høyr episoden hos Podme eller i BT-appen.

INP er splitta i to, men har eigentleg det nye partiet til Owe Ingemann Waltherzøe nokon sjanse? I Bergen skulle det bli lov å tisse i fjorden, men folk må halde seg litt til. Og så var det nynorsk, då. Er det synd på lærarar som må undervise på nynorsk? Produsent: Arve Stigen

02-01
00:32

Kupp, drap og en konge som må gå

Industri- og næringspartiet (INP) leverer rekordmålinger, men sliter med opprør, kupp og maktkamp. Fortsetter Owe Waltherzøe som leder for «denne barnehagen»? Flere partnerdrap har rystet Norge i år, mens Marie har kastet en brannfakkel inn i selveste kongehuset: Kong Harald V burde gå av! Produsent: Henrik Svanevik

01-18
35:52

Ein tøff start på året. Høyr episoden hos Podme og i BT-appen.

Byrådet i Bergen kjem ikkje unna spørsmål om inhabilitet. Men går det ikkje an å hente politikarar frå næringslivet? Naturen i Noreg har hatt ei dårleg veke. Medan Bård Tufte Johansen kjempar mot nedbygging, industrialiserer staten havbotnen. Og heilt til slutt: Ville me fått det betre viss me budde ein plass med stabilt, fint vêr? Produsent: Henrik Svanevik

01-11
00:52

Nokon må spå! (Og litt festbremsing.) Høyr episoden hos Podme og i BT-appen.

2023 gjekk ut med veldig mange smell i Bergen. NMG-gjengen spør seg om kvifor eit forbod mot fyrverkeri ikkje er på plass forlengst. Og så er det tid for den årlege gisseleiken: Me gir våre spådommar for 2024. Bli med du også! Produsent: Henrik Svanevik

01-04
00:35

2023 var…

Me er eigentleg tomme for ord som kan skildre 2023. Her kjem likevel ein heil del. For dette var året der INP blei eit parti å rekne med, der bergenspolitikken verkeleg tok av, og der ikkje berre nokon, men veldig mange måtte gå. Og heilt til slutt gir me dykk høgdepunktet frå juleshowet: «Se banen bore».

12-21
35:17

Snabba cash og et veddemål som gikk feil. Hør episoden hos Podme og i BT-appen.

Hvor mye lønn fortjener egentlig politikere? Terje Søviknes får kritikk for å stable verv og sope inn over to millioner. Hvordan kunne NSM ta opp et ulovlig lån på 200 millioner av John Fredriksen? Og ingenting går på skinner for byutviklingsbyråden i Bergen, Christine Kahrs, som kan vise seg å være inhabil i hele bybanesaken. Produsent: Henrik Svanevik

12-14
00:57

Støre blir knust av Solberg. Må han snart gå? Høyr episoden hos Podme og i BT-appen.

Vekas store jordskjelv var frikjenninga i Tengs-saka. Kva betyr det at historia gjentek seg? I Bergen sit pengane laust i lommeboka hos det nye byrådet. Luksusfellen neste? Og Erna Solberg ristar av seg skandalene, og vinn tilbake folkets tillit. Er dette byrjinga på slutten for Jonas Gahr Støre? Produsent: Henrik Svanevik

12-07
00:53

Ingen elskar hobbyane til Sindre Finnes, folk som jobbar med klima eller NRKs etiske kompass

Vekas store snakkis er NRKs presseetiske tramp i salaten i serien «Ingen elsker Bamsegutt». Men det er ikkje berre den utelatte overgrepsdommen som er problemet. Sindre Finnes treng ein ny hobby, og «Nokon må gå» stiller opp. I Bergen viser det seg at eit protestparti er eit protestparti – uansett. Produsent: Arve Stigen

11-23
40:42

Ernas botsøving, Giske-comeback og bergensk julegåve: Høyr episoden hos Podme og i BT-appen no

Erna Solberg vil ikkje drive med «lutheranske symbolhandlingar» som å gå av. Trond Giske har funne alle Aps problem. Og Newcastle vil ikkje lenger ha maltrakterte juletre frå Bergen. Kva skal me sende dei då? Høyr heile episoden i BT-appen og hos Podme. Produsent: Henrik Svanevik

11-16
00:57

Recommend Channels