Discover
PALLPLASS - ein metalpodkast
24 Episodes
Reverse
Det er dei sjangerdefinerande tyskarane i HELLOWEEN som skal setjast på pallen denne gongen. Platene til og med Keeper of the Seven Keys pt. 2 er krutsterke, og spesielt Keeper-skivene er kanskje støypeforma og sjølve definisjonen på power metal - eller tyskarmetall, om du vil. Men har Weikath og kompani meir å by på enn den tidlege (fullengder)troikaen? Slik som f.eks. Pink Bubbles Go Ape med m.a. Heavy Metal Hamsters? Eller Time of the Oath? Eller kanskje The Dark Ride? Kvifor ikkje Seven Sinners? Og, er Chameleon stygt undervurdert, eller står den seg godt i skammekroken? Hansen, Deris eller Kiske? Kvifor hadde Rabbit Don’t Come Easy fleire trommeslagarar? Var Gamma Ray betre enn Helloween på 90-talet? Har Ola og Kåre endeleg fått foten for power metal og allsangrefreng? Og, ikkje minst - kva plater kjem i sluttspurten for pallplassane denne gongen?
Liverpools store søner i Carcass er episodetema denne gongen. Kva er det med britane og deira grindcore/death metal (og i ei periode heavy metal) som er så eigenarta og feit? Kva betyr eigentleg alle låttitlane? Necrotisism eller Swansong? Reek of Putrefaction eller Symphonies of sickness? Heartwork eller Torn Arteries? Bill Steer eller Michael Amott? Eller Carlo Regadas? Kvifor spelar Ken Owen så feitt? Har Liverpool berre oppfostra to gode ting? Burde Kåre skifte namn til Grind-Kåre? Og kva plåter hamnar på pallplassen denne gongen?Svaret får du sjølvsagt i den rykandes ferske episoda av PALPLASS!
Velkomen til ei ny episode med PALLPLASS!I denne episoden tek vi for oss ACCEPT som har heldt det gåande i imponerande 50 år. Dei har ei ny skive ute med lassevis med gjesteartistar for å feire jubileet, men hamnar denne samlinga med nyinnspelingar på pallplassen? Og fungerer eigentleg Accept utan Udo på vokal? Skulle John Norum spele gitar i Accept? Kor lengje var Arjen Anthony Lucassen gitarist i bandet? Er Eat the Heat betre enn ryktet sitt? Kva plate er best av comeback-albuma med Udo? Kan de nye skivene måle seg med dei gamle? Kva er bakgrunnen bak platetittelen Balls to the Wall? Er heavy metal faktisk berre primitiv musikk som utelukkande nyttar seg av tre akkordar? Elskar Ola eigentleg power metal? Blir dette siste episode med Blaze Bayley-konkurranse? Og kva plåter av Accept kjem seg på pallen?Svaret får du sjølvsagt i episode 22 av Pallplass. Vel bekomme!
Det er fredag, snart helg og sjøøølvsag NY episode med Pallplass der vi snakkar om: SEPULTURA!Kva var det eigentleg som skjedde i Belo Horizonte på 80-talet? Kvifor heiter dei Sepultura? Kva var peak Sepultura - Arise, Chaos A.D. ... eller kanskje Against? Held plåtene seg godt? Kva skjedde då Max Cavalera forsvann – og kunne Sepultura verkeleg halde fram utan han? Kven er den beste Sepultura-trommisen? Kor mange plåter måler seg eigentleg med klassikarane? Og kva Sepultura-skiver hamnar på pallplassen i denne episoda?Lenke i kommentarfeltet.
Kva er meir metall enn dongeri og lær? Jau, det er sjølvsagt: SAXON!Kva er det med Biff og kompani som gjer at Saxon er så tidlaust bra? Kva er koplinga mellom Saxon og Dombås? Kan 2000tals-plåtene hamle opp med dei tidlege, klassiske albuma? Kva skjedde med Oliver og Dawson? Kvifor spelte Jörg Michael berre på ei Saxon-plåte? Kva var platedebuten til Biff Byford og kva instrument spelte han der? Har Nibbs Carter føtene på jorda, eller er han ein primadonna? Kor mange skiver har dei selt, og kva plåter kjem på pallplassen i denne episoda?








