DiscoverSpråkoppdraget
Språkoppdraget
Claim Ownership

Språkoppdraget

Author: Det Norske Teatret

Subscribed: 20Played: 268
Share

Description

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.

Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.


Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.

Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?


I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.

Ny episode annankvar onsdag utover hausten.

Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

58 Episodes
Reverse
Kveld etter kveld i halvanna år har Ingeborg Sundrehagen Raustøl ikledd seg høge støvlettar og raude paljettar og spelt ein forførande versjon av Tyrkias president Erdoğan i Europavisjonar. Kva skjer med motivasjonen når framsyning nummer 100 nærmar seg?I følgje læraren på Teaterhøgskolen var Ingeborg ein klassisk «La Signora», ein arketype frå commedia dell'arte. Dei siste femten åra har ho vore tilsett ved Det Norske Teatret, og ganske riktig har ho stort sett spelt høgstatusrollar, i spennet frå nazist-teatersjef til engel.Før ho blei skodespelar, var ho programleiar i Kykelikokos med Bowler på NRK. Kan ho framleis telefonnummeret? Veldig mange har også sett henne i rolla som May Halvorsen i Noregs lengstlevande såpeopera, Hotel Cæsar.Som barn var Ingeborg ganske beskjeden. Det hindra ho ikkje i å sende inn til «På skråss»-spalta i Aftenposten. Ho har framleis 4K-nåla som bevis for det.I denne episoden av Språkoppdraget står Ingeborg Sundrehagen Raustøl fram som rettskrivingspedant. Vi snakkar om da ho spelte trommar med Helene Bøksle i Melodi Grand Prix, og ho avslørar at ho uforvarande har komme inn i ein spesiell type nisje-litteratur som lydbokinnlesar. Elles har du høgst sannsynleg høyrt røysta hennar i reklame for til dømes apotek eller sjokolade.Lurar du på kva «peiskos-røyst» er og når den skal brukast, får du svaret i denne episoden av Språkoppdraget. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Regissør Maren Bjørseth har ei dragning mot store, monumentale forteljingar. I haust har ho premiere på Søstrene på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Framsyninga er basert på den nesten 700 sider lange romanen til Jonas Hassen Khemiri, om tre søstrer, ein forfattar, og ei historie som strekker seg frå 1980-åra og fram til i dag.10 dagar før premieren står ho midt mellom god og dårleg tid. Det einaste det ikkje er tid til, er å få panikk.Maren Bjørseth er frå Stjørdal i Trøndelag. Før ho forstod det sjølv, var det klart at ho skulle bli regissør. Utdanninga tok ho i Nederland. Da måtte ho lære seg eit nytt språk, og merka korleis personlegdommen endra seg på det framande språket. Den ordrike trønderen var plutseleg stille. Dessutan var humoren umogleg å omsetje. Ho innsåg at språk er ein nøkkel.I dag er ho ein merittert teaterregissør med framsyningar som Prima Facie, Lehmanntrilogien, Blodråpetall, Mi briljante venninne og Romeo og Julie. Årets sommar har Bjørseth brukt på å ha regi på «alle spels mor»: Spelet om Heilag Olav. Der skulle ho halde styr på 150 medverkande, profesjonelle og amatørar, hestar og eit lokalmiljø med eit spesielt nært og kjært forhold til historia om slaget på Stiklestad i 1030.Heldigvis trivst Maren Bjørseth godt i det store formatet. Ho har erfart at kunsten å ete ein elefant er å ta ein bit av gongen. Og at den trønderske haldninga til vêret – etter ein ekstremt blaut sommar – er: «det var da ikkje så verst?» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden av Språkoppdraget får du ein meisterklasse i tekst og undertekst av skodespelar og regissør Terje Strømdahl. Han har jobba med teater, film og TV i ei årrekke, vunne både Heddaprisen og Kritikarprisen, og blitt omtala som eit nasjonalt ikon. Men han er ikkje glad i skryt og komplimentar. Det han derimot likar, er å vere subtilt bitchy på Facebook. Strømdahl vaks opp på Grünerløkka – eller Grønnerløkka – i Oslo, i ei tid da det var synonymt med rein arbeidarklasse, fyllikar som sov under buskene i Birkelunden, hyl og skrik, og omsorg for kvarandre. Han har eit sterkt forhold til eiga sosiolekt, med a-endingar og tjukk l. For mange som vaks opp på 80-talet, er Terje kjensla av ukomplisert barndom. Med Portveien 2, Sorte Maske frå Midt i Smørøyet, og den franske kokken Jean-Claude frå Laurdagsunderhaldninga på NRK. På tidleg 90-tal stod Terje Strømdahl fram som homofil, og brukte kjendisstatusen sin til å gjere det enklare for andre som kom etter. I haust skal han tolke Alf Prøysen, saman med Knut Anders Sørum og Frida Ånnevik, i konsertframsyninga Prosjekt Prøysen på Det Norske Teatret. Når han syng «Trassvisa hennes Tora», handlar det ikkje berre om tapt kjærleik, men også forbode kjærleik. Kanskje var det akkurat sånn Prøysen hadde tenkt det? I denne episoden går vi djupt inn i språkets filosofi. Er all tekst løgn? Når Terje Strømdahl deklamerer «Ja, vi elsker», «Å vere eller ikkje vere» og «Mikkel rev», blir språkets uendelege djupn tydeleg for alle. Terje Strømdahl har pilotsertifikat, sitt eige småfly og favorittordet er «Lufthavn». Men om nokon spør om han har ‘fløyet’, er svaret nei. Terje Strømdahl har ‘flydd’. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Om du har vore på Det Norske Teatret dei siste 50 åra, er sjansen veldig stor for at du har opplevd skodespelar Marianne Krogh på scenen. 19 år gammal starta ho på teaterets elevskole. No er ho 70 år og har ingen planar om å gi seg med det første. Ho har gått frå å vere den yngste i ensemblet til å bli den eldste. I Språkoppdraget snakkar ho om korleis teateret har utvikla seg på desse åra. At Marianne Krogh eigentleg er frå Bergen, kan du ikkje høyre. Dialekta måtte ho legge frå seg da ho starta på nynorskteateret. Det var hard jobbing og lange turar i skogen. I dag er språkidealet annleis. Likevel har ho halde på austnorsken. Men av og til snik det bergenske gemytt seg fram. For eksempel når ho tenker at Henrik Ibsen er ein speidar. I Språkoppdraget snakkar ho om nervane som alltid kjem før ho skal på scenen, om kvifor ML-rørsla frårådde ho å bli skodespelar, og om den gongen Se&Hør ville ta bilde av henne naken på scenen. Tre gonger har ho vore nominert til Heddaprisen for beste medspelar, og i podkasten fortel ho om kva som gjer eit ensemble godt. Marianne Krogh har ikkje ei draumerolle, men kunne godt tenkt seg å spele mann.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Det Norske Teatret har alt å takke Hulda Garborg for. Faktisk hadde ho ein finger med i det meste vi i dag tenker på som rotnorsk, sånn som bunaden, folkedansen, norsk tradisjonskost og sjølvsagt nynorsk. I denne spesialepisoden av Språkoppdraget har vi invitert den fremste eksperten på Hulda Garborg, nemleg Arnhild Skre. Ho er historikar, journalist og biograf. I 2011 gav ho ut den store biografien om Hulda Garborg, som ho fekk Brageprisen for. Hulda Garborg var eit imponerande driftig menneske. Ho var ein pioner i landsmåldramatikken, gav ut den første kokeboka på landsmål og var eit idol for landsmålungdommen. Likevel blei ho ikkje rekna med i arbeidet med den norske språket. Mannen hennar, Arne, meinte grunnen var at ho blei rekna som «bymenneske» og derfor ikkje snakka «norsk» nok. Men Hulda sjølv hadde nokre kontroversielle meiningar om bruksområdet for landsmålet. I si tid fekk ho kanskje ikkje den merksemda ho fortente. Men arven etter henne ser vi overalt i dag. Hulda Garborg var heilt sentral i norskdomsbygginga som skjedde i Noreg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Ho blir kalla bunadens mor, og ville nok elska det mangfaldet av bunader vi ser på 17. mai i vår tid, spesielt dei som er sjølvsydde.Ho var ein allsidig forfattar, kulturentreprenør og folkeopplysar. Ho var ei eldsjel og ein pioner i ei lang rekke saker. Der enkelte sat og diskuterte grammatikk, ville Hulda Garborg vise kor allsidig landsmålet og den norske kulturen var. Det gjorde ein best gjennom teateret. Dermed starta ho Det Norske Spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
loading
Comments