Discover
Gult Kakestykke

Gult Kakestykke
Author: Studentradioen i Bergen
Subscribed: 0Played: 4Subscribe
Share
Description
Gult Kakestykke er ein triviabasert historiehalvtime. Kvar veke finn me dei beste historiene frå fortida — gjerne med eit glimt i auget. Gult Kakestykke går ikkje i breidda, men har som mål å gi deg anekdotene som gjer deg mest interessant på vorspiel.
36 Episodes
Reverse
Lanseringssending for dokumentarserien "Historia ut av skapet" frå Fincken. Intervju med religionshistorikar, Dag Øistien Endsjø, historikar, Runar Jordåen og etnolog, Tone Hellesund. Opptreden frå Sapfonia og standupkomikar, Jan Rune Holdhus.
Ivan den grusomme, runkekongen og den aller siste mogulen av India. Dette må da bli bra? Ingvild og Johan gir deg de kjipeste monarkene som noen gang har regjert!
Kva sci-fi-pionér har fått aska si skutt opp i verdsrommet? Gult Kakestykke sjekkar ulike ting som har blitt skutt opp — både levande og døde. Johan og Andreas styrar frå studio.
Er filmen Kautokeinoopprøret Norges svar på Braveheart? Båe filmane er iallfall like historisk ukorrekte, i følge Ivar Bjørklund ved Tromsø Museum. Denne veka er temaet samer! Johan og Andreas styrer frå studio.
Kva gjorde eigentleg Jesus i tida frå han døydde til han stod opp? Og kven inspirerte han? Påsketema i Gult Kakestykke, og me skal innom både påskemord, juksepavar og nokre av dei apokryfale tekstane. Johan og Andreas styrar frå studio, og får eit lite besøk frå Ingvild.
Kva var den første uavhengige svarte staten på det amerikanske kontinentet? I denne episoden av Gult Kakestykke vert det svarte revolusjonar, norske revolusjonar og teknologiske revolusjonar. Karoline og Andreas sit i studio.
Kva syntest Shakespeare eigentleg om fotball? Tradisjonell britisk møljesport, og diverse diktatorar sin påverknad på fotballsporten er dagens historier, fortalt til deg av Andreas og Johan.
Kva Nobelprisvinnar i litteratur står bak uttrykket "det eldste yrket i verda"? Dette, samt den frilynte Weimarrepublikken, og ein prostitusjons "beste venn" i Viktoriatida samlast under temaet Prostitusjon i denne vekas Gult Kakestykke. Johan og Andreas styrar showet, med litt hjelp frå historieførsteamanuensis Ingvar Mæhle.
Kva kalla vikingane dei amerikanske urinnvånerene? Gudridur, Piccard-familien og arrogante Zheng He er eksempler på oppdagelser bortover, heimover og nedover. Karoline og Andreas leiar showet frå studio.
http://srib.no
Kva hendte på denne dagen for nøyaktig 507 år sidan? Gult Kakestykke utforskar opphavet, artige tradisjonar og ein spesiell 29. februar relatert til skotårsdagen. Johan og Andreas styrar frå studio.
Har du nokon sinne vore i Bielefeld? Denne veka tek me for oss konspirasjonar, og renner innom Tyskland, Frankrike og vårt naboland Sverige. Jøder, fotball og ikkje-eksisterande byar!
Kor gammal er eigentleg Wicca-religionen? Andreas og Johan fortel om ulike sider ved den kvite, koselege magien. Wicca, Nostradamus og skilnaden på høgre og venstre hand i dagens episode av Gult Kakestykke.
Hadde Snåsakaillen blitt arrestert for hekseri på 1600-talet? Denne vekas sending handlar om svart magi, svarte afrikanske skogar og svarte tider for hekser i Noreg. Andreas og Karoline styrar frå studio!
Kven var mannen som løyste det første av dei hundre år gamle milenniumsproblema? Me sjekkar ut eit par av historias mange gale genier, frå dei gamle grekarane, til dei middelaldrande tyskarane, til moderne russarar. Full trio i studio!
Kva klassisk komponist hadde ein merkeleg forkjærleik for bæsj? Denne mannen, dei første musikkopptaka, og rockeren som eigentleg ville bli bibliotekar summerast opp til denne vekas tema: Musikarar! Johan og Andreas styrar historia frå studio.
Dopingunnskuldingar, den rusa oppdaginga av DNA, og opphavet til sivilisasjonen. Denne veka tek me for oss diverse sentralstimuli i Gult Kakestykke. Johan og Andreas styrar frå studio!
Herren over alle dyrene på jorden og alle fiskene i havet, sa du? I dag er det diktatorspesial i Gult Kakestykke der Johan og Andreas gir deg triviaen om blant annet Idi Amin som gjør deg interessant på neste vorspiel. Hvem som var regjerende ugandisk mester i lett tungvektsboksing mellom 1951 og 1960, lurer du kanskje på? Det finner du ut i ditt favoritt-program om historie på radio!
Andre julespesial fra Gult kakestykke der vi skal se på opphavet til julenissen, julebukk og juletreet. Andreas og Johan gjør sitt beste for å få deg i julestemning.
Kva var utfallet av fotballkampen mellom England og Tyskland i 1914? Denne gongen har me plukka ut diverse julehistorier, og er kritisk til Jesus, katalonske ekskrementørar og fotball under første verdskrig. Ingvild og Andreas styrar historieskipet.
Heitvinsforudet i Norge og Vilhelm av Oranien si varmande gåve til sine nye undersottar er i sentrum når temaet er alkohol. SKÅL!



