DiscoverRadio SunnmøreFolkehøgskulerektorar i protestmøte på Stortinget
Folkehøgskulerektorar i protestmøte på Stortinget

Folkehøgskulerektorar i protestmøte på Stortinget

Update: 2025-10-24
Share

Description

Onsdag var ni folkehøgskulerektorar på Stortinget for å protestere mot regjeringa sitt nye budsjettforslag om å kutte stipendandelen til elevane frå 40 til 15 prosent. Lars Johan Klokk, rektor ved Sjøholt folkehøgskule, var tilstades på Stortinget i møte med KrFs stortingsgruppe. Sjøholt folkehøgskule er ein av to folkehøgskular i landet med 16 års aldersgrense.


- Eg trur det er eit vere eller ikkje vere om ein mister stipendet, seier Lars Johan Klokk til Radio Sunnmøre. - Og det vil igjen bety at fylket må trå til meir for desse elevane som i dag går folkehøgskule, legg han til. Ved Sjøholt folkehøgskule har nokre av elevane vore opptil seks år utanfor vanleg skule og for nokre elevar er det ei stor utfordring å berre gå inn i matsalen. Klokk seier i ei pressemelding at på folkehøgskulen har desse elevane igjen fått trua på framtida.


- Eg opplever at for vår elevgruppe vil det å få seg  eit arbeid vere nok og vil nok kanskje aldri få seg ei mastergrad, fortel Klokk til Radio Sunnmøre. Han forstår ikkje heilt kva Arbeiderpartiet har tenkt med dette forslaget. 


 

Comments 
00:00
00:00
x

0.5x

0.8x

1.0x

1.25x

1.5x

2.0x

3.0x

Sleep Timer

Off

End of Episode

5 Minutes

10 Minutes

15 Minutes

30 Minutes

45 Minutes

60 Minutes

120 Minutes

Folkehøgskulerektorar i protestmøte på Stortinget

Folkehøgskulerektorar i protestmøte på Stortinget

radiosunnmore