DiscoverLeselaget
Leselaget
Claim Ownership

Leselaget

Author: Det Norske Teatret

Subscribed: 0Played: 9
Share

Description

I podkasten Leselaget inviterer vi nokre av våre fremste forfattarar til å lese ein klassikar og snakke om den. Velkommen til Leselaget les Leskov!

 

Forfattaranes forfattar?

Forfattarane Linn Ullmann, Kathrine Nedrejord og Edvard Hoem er alle aktuelle med tekstar på Det Norske Teatret våren 2025. No har vi fått dei til å lese kortromanen Lady Macbeth fra Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov.

Det blir sagt at Leskov er den mest russiske av alle russiske forfattarar. Ein språkets meister og blant de finaste forteljarane i russisk 1800-tallslitteratur. Men Leskov hamnar ofte i skuggen av dei store realistane som Dostojevskij og Tolstoj.

Dramaturg Ingrid Weme Nilsen er programleiar for Leselaget, og i løpet av podkastserien skal ho undersøke om det stemmer at Leskov er «forfattaranes forfattar». Bør vi alle lese Leskov?

Lady Macbeth frå Mtsensk er ei kort forteljing på ca. 60 sider. Men på desse få sidene får du ei uhyggeleg historie, full av stormande kjærleik, store svik og drap på rekke og rad. Og i sentrum av det hele står den unge, vakre kjøpmannskona Katerina Lvovna Ismajlova.


Bli med i laget!

Vi vil gjerne ha med deg i Leselaget også! Lady Macbeth frå Mtsensk er dessverre ikkje lengre mogleg å kjøpe på norsk i bokhandelen. Men du kan låne ho på biblioteket eller kjøpe boka på eit antikvariat. Ho ligg også gratis tilgjengeleg i digital versjon på Nasjonalbiblioteket sine nettsider: www.nb.no.

Våren 2025 speler Det Norske Teatret framsyninga Lady Macbeth, basert på teksten til Nikolaj Leskov. 



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

8 Episodes
Reverse
Dagens gjest er Monica Roland, filosof og førsteamanuensis ved NTNU. Les Misérables er kjent for dei vakre skildringane av den romantiske kjærleiken som oppstår mellom dei to unge hovudpersonane, Cosette og Marius. Men det er fleire interessante og svært rørande relasjonar i romanen, ikkje minst det sterke og mangefasetterte forholdet mellom Jean Valjean og Cosette, for ikkje å snakke om det interessante forholdet mellom kriminaletterforskaren Javert og Jean Valjean. Kva er kjærleik, og kva er det som skjer med oss når vi blir overmanna av varme kjensler for eit anna menneske? Korleis bind kjærleiken oss saman? Kva skjer med barn som veks opp utan kjærleik i liva sine? Kor går grensa mellom sunn og usunn kjærleik?«Hver som har elsket, kjenner alle de følelsene som rommes i de fem bokstavene: Henne.» (Frå Les Misérables av Victor Hugo) Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjest er prest og teolog Kari Veiteberg, tidlegare prest i Kirkens Bymisjon og Oslo biskop emerita.Les Misérables er gjennomsyra av kampen mellom gode og vonde krefter. Karakterane kjempar óg mot djupe avgrunnar i seg sjølv. Men verket har nokre av verdslitteraturen vakraste skildringar av forsoning og tilgjeving, og denne kvelden ei lita veke før jul er det desse vi skal fortape oss i.Korleis forsone seg med sine eigne feil? Korleis gjere godt noko som er urett? Korleis tilgje nokon som har synda mot deg? Og kva er eigentleg ekte forsoning? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjest er Anna-Sabina Soggiu, samfunnsdebattant og sosionom, kjent frå mellom anna TV-programmet Den norske fattigdommen med Thomas Seltzer og forfattar av boka Vi fattigfolk.Les Misérables handler om menneske som er fødd inn i dei lavaste sosiale sjikta i samfunnet, og viser korleis dei kjempar for overleving i ei kald og kynisk verd. Denne episoden av Leselaget er tilegna fattigdom. Vi drar linjer frå 1800-talets Paris, der armodet gjer seg uttrykk i tynnkledde gatebarn og prostitusjon, til dagens moderne samfunn, og undersøker korleis fattigdommen rammar i Norge i dag.Korleis påverkar fattigdommen moglegheitene til eit barn, og kva skal til for å bryte ei arverekke av fattigdom?Foto: Jonas MailandProgramleiar er Ingrid Weme Nilsen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
«Det er kanskje ikkje hans feil, men han er likevel skuld i desse brotsverka.» (Frå Les Misérables)Les Misérables er Victor Hugo sin store roman frå 1862 om samfunnets utstøytte. Hovudpersonen er den tidlegare straffangen Jean Valjean. Romanen begynner i det Jean Valjean nett har blitt frigjeven, etter 19 år i straffeanstalt. I lomma har han 109 franc og eit gult pass, som for alltid merkar han som straffange. Kor skal han gjere av seg? I denne episoden av Leselaget dykkar vi djupare ned i forholdet mellom brotsverk og straff. Mennesket er skapt godt, men kan menneskenaturen bli totalt forvandla, av lagnaden? Kan hjartet bli øydelagt og vondt av strukturer i samfunnet? Kan menneskeætta forvandle menneske til ville dyr? Og kan mennesket bli godt igjen? Dagens gjest er Ghulam Abbas, tidlegare gjengleiar for den berykta B-gjengen, no sosionom og ungdomsarbeidar. Abbas har fortalt historia si i boka Gudfaren, skrive av Kjetil Østli. Programleiar er Ingrid Weme Nilsen.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vi inviterer til eit djupdykk inn i ein av verdshistorias mest kjende romanar, når podkasten Leselaget les Les Misérables av Victor Hugo. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med!Første episode kjem ut onsdag 7. januar!Victor Hugos episke storverk Les Misérables er ein murstein av ein roman. Ikkje berre blir han rekna mellom 1800-talets beste. Han er også blant dei lengste romanane som er skriven nokosinne. I haust og vinter gyv vi i podkasten Leselaget laus på han.Vi har valgt ut fem sentrale tema frå romanen, og inviterer til fem direkteopptak av lesepodkasten Leselaget der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg romanen med ulike tematiske overskrifter. Kvar episode har ein ny gjest. Sjå oversikt over dei ulike temaa under. VI VIL GJERNE HA DEG MED PÅ DENNE LESEMARATONEN! Anten kan du lese saman med oss, del for del. Eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Kvar episode blir lagt ut som podkast. Men ønskjer du å vere til stades under samtalen, så kan du det! Hent deg ut gratisbillett. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Andre gjest i Leselaget er forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord. I podkasten fortel ho om forholdet sitt til russisk litteratur. Ho hugsar spesielt godt møtet med Lev Tolstojs Krig og fred. Ho elska den! "Det var ein skikkeleg ‘page turner’ for meg. Den kan eg hugse levde med meg på ein ferietur, der eg kvar dag var halvvegs i Portugal og halvvegs i 1800-talets Russland. Ei fantastisk leseoppleving. Eg er jo frå Finnmark, og føler at det er nokre overlapp i kultur. At eg ofte kjenner meg igjen i den russiske veremåten."Nikolaj Leskov hadde ho høyrt om, men ikkje lese før Leselaget tok kontakt. Lady Macbeth frå Mtensk er også ein ‘page turner’, meiner Nedrejord. "Det plar vere eit dårleg teikn i desse klassikarane med ei kvinne som kjeder seg." For hovudpersonen Katerina blir det ikkje eit eventyr der ho og elskaren Sergej lever lykkeleg alle sine dagar. Det blir eit blodbad. Og sjølv om Kathrine Nedrejord likte boka, og meiner Lady Macbeth frå Mtensk er både velskriven og spanande, så kjem ho med eit hjartesukk: - Eg kan bli litt irritert over at kvinnene i verdslitteraturen skal bli straffa så valdsamt for å ha begjær! Katerina gjer forferdelege ting, sjølvsagt. Men kvifor endar det hakket betre for Sergej? Kvifor har han fortent det?Nedrejord hadde ingen å snakke med om Krig og fred, den ferien ho var djupt inne i den historia. Derfor:– Det er bra det finst sånne ting som Leselaget, sånn at ein kan diskutere litteraturen, slår ho fast.Mot slutten av podkasten handlar det om Nedrejords eigen romanen Forbryter og straff, som har ein tittel som peiker mot eit anna russisk storverk frå litteraturhistoria. Denne roman blir no til teater på Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Første medlem i Leselaget er forfattar Edvard Hoem. l podkasten fortel Hoem at han har lese mykje russisk litteratur, men ikkje Nikolaj Leskovs forteljing Lady Macbeth fra Mtensk. - Eg må tilstå at Leskov har gått meg hus forbi! Men eg vil avgjort seie at dette gir meirsmak. Det er ei kraftfull, for ikkje å seie brutal form for litteratur. Mykje blod og død i dette her.Hoem meiner at kvaliteten i forteljinga er at ein som lesar forstår kvifor det må gå så gale for hovudpersonen Katerina. Ho er fylt av kjærleik og sensualitet, men det er noko destruktivt i det. - Undergang og død ligg som eit lys over heile lidenskapen. Og det er eit paradoks, at det som skulle vere hennar sterkaste livskraft, blir ei destruktiv undergangskraft.Hoem meiner at det er ei sanseleg forteljing, og at det ikkje er tilfeldig at Lady Macbeth fra Mtensk blir teater. - Eg trur den på ein eller annan måte glir inn i den brutaliteten og lidenskapen som pregar vår tid. På godt og vondt.Edvard Hoem konkluderer med at Lady Macbeth fra Mtensk er eit stykke litteratur på høgt nivå. I vinter blir framsyninga basert på hans eigen roman Jordmor på jorda, vist på Det Norske Teatret. På slutten av podkasten snakkar dramaturg Ingrid Weme Nilsen og Hoem også om den romanen.Lytt til første episode av Leselaget med Edvard Hoem. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I podkasten Leselaget inviterer vi nokre av våre fremste forfattarar til å lese ein klassikar og snakke om den. Velkommen til Leselaget les Leskov! Forfattaranes forfattar?Forfattarane Linn Ullmann, Kathrine Nedrejord og Edvard Hoem er alle aktuelle med tekstar på Det Norske Teatret våren 2025. No har vi fått dei til å lese kortromanen Lady Macbeth fra Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov.Det blir sagt at Leskov er den mest russiske av alle russiske forfattarar. Ein språkets meister og blant de finaste forteljarane i russisk 1800-tallslitteratur. Men Leskov hamnar ofte i skuggen av dei store realistane som Dostojevskij og Tolstoj. Men blant dei russiske forfattarkollegane var han høgt skatta.Dramaturg Ingrid Weme Nilsen er programleiar for Leselaget, og i løpet av podkastserien skal ho undersøke om Leskov er «forfattaranes forfattar». Eller bør vi kanskje alle lese Leskov?Lady Macbeth frå Mtsensk er ei kort forteljing på ca. 60 sider. Men på desse få sidene får du ei uhyggeleg historie, full av stormande kjærleik, store svik og drap på rekke og rad. Og i sentrum av det hele står den unge, vakre kjøpmannskona Katerina Lvovna IZmajlova.Bli med i laget!Vi vil gjerne ha med deg i Leselaget også! Lady Macbeth frå Mtsensk er dessverre ikkje lengre mogleg å kjøpe på norsk i bokhandelen. Men du kan låne ho på biblioteket eller kjøpe boka på eit antikvariat. Ho ligg også gratis tilgjengeleg i digital versjon på Nasjonalbiblioteket sine nettsider: www.nb.noVåren 2025 speler Det Norske Teatret framsyninga Lady Macbeth, basert på teksten til Nikolaj Leskov.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Comments