DiscoverLeselagetEdvard Hoem: «Mykje blod og død i dette her»
Edvard Hoem: «Mykje blod og død i dette her»

Edvard Hoem: «Mykje blod og død i dette her»

Update: 2025-01-21
Share

Description

Første medlem i Leselaget er forfattar Edvard Hoem. l podkasten fortel Hoem at han har lese mykje russisk litteratur, men ikkje Nikolaj Leskovs forteljing Lady Macbeth fra Mtensk. - Eg må tilstå at Leskov har gått meg hus forbi! Men eg vil avgjort seie at dette gir meirsmak. Det er ei kraftfull, for ikkje å seie brutal form for litteratur. Mykje blod og død i dette her.


Hoem meiner at kvaliteten i forteljinga er at ein som lesar forstår kvifor det må gå så gale for hovudpersonen Katerina. Ho er fylt av kjærleik og sensualitet, men det er noko destruktivt i det. - Undergang og død ligg som eit lys over heile lidenskapen. Og det er eit paradoks, at det som skulle vere hennar sterkaste livskraft, blir ei destruktiv undergangskraft.


Hoem meiner at det er ei sanseleg forteljing, og at det ikkje er tilfeldig at Lady Macbeth fra Mtensk blir teater. - Eg trur den på ein eller annan måte glir inn i den brutaliteten og lidenskapen som pregar vår tid. På godt og vondt.


Edvard Hoem konkluderer med at Lady Macbeth fra Mtensk er eit stykke litteratur på høgt nivå. I vinter blir framsyninga basert på hans eigen roman Jordmor på jorda, vist på Det Norske Teatret. På slutten av podkasten snakkar dramaturg Ingrid Weme Nilsen og Hoem også om den romanen.


Lytt til første episode av Leselaget med Edvard Hoem.



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Comments 
00:00
00:00
1.0x

0.5x

0.8x

1.0x

1.25x

1.5x

2.0x

3.0x

Sleep Timer

Off

End of Episode

5 Minutes

10 Minutes

15 Minutes

30 Minutes

45 Minutes

60 Minutes

120 Minutes

Edvard Hoem: «Mykje blod og død i dette her»

Edvard Hoem: «Mykje blod og død i dette her»