DiscoverBok & bibliotekÅh, Elisabeth Strout! Åh, livet!
Åh, Elisabeth Strout! Åh, livet!

Åh, Elisabeth Strout! Åh, livet!

Update: 2023-10-17
Share

Description

For ei tid tilbake fekk redaksjonen ein e-post frå dåverande biblioteksjef i Enebakk Oddmund Kårevik. Med begeistring fortalte han om eit arrangement dei hadde på tapetet der i bygda. 


Temaet var forfattarskapen til Elisabeth Strout. Deltakarane var omsettarane Tove Bakke og Hilde Rød-Larsen, og Oddmund sjølv. Den første er entusiastisk lesar av bøkene til Strout. Den andre er den som har kledd den amerikanske forfattaren sine åtte romanar i norsk språkdrakt. Saman ville dei tre prøva å finna ut kva det er med bøkene til Strout. Kva er det som gjer dei så spesielt gode? Kvifor blir vi likesom ikkje ferdig med dei? Og korleis er det å omsetta bøkene


Kunne dette vera noko for Podkasten Bok & bibliotek, spurte Oddmund? Takk vera initiativet frå Enebakk får de no tilgang til ein livleg og ivrig litteratursamtale frå eit norsk bibliotek om gleda ved å ha ein favorittforfattar, verdas verste svigermor, HBO-serien Olive Kiteridge og lysta til å stryka unødvendige setningar i bøkene til ein Pulitzer-vinnande og Booker-nominert forfattar. Du får høyra språkkunnige personar i samtala om nyansane i eit språk og mellom språk, om det knausgårdske Åh! som er lov på nynorsk, og kanskje også snart på bokmål, og om alle tinga vi gjer for å halda det gapande mørket i tilværet på avstand.


Som om ikkje det er nok, kjem det også ein sensursituasjon tidleg i episoden som viser i praksis at det har større verdi å møtast på biblioteket enn å høyra på podkast. Det er noko med elefantane som ikkje kjem heilt ut. Men som så ofte i livet finst det finst glede og kunnskap også i det nest beste. Og det får du altså her, i Podkasten Bok & bibliotek. 


Arrangementet, som gjekk føre seg torsdag den 12. oktober i år, blei støtta av Norsk oversetterforening og var ein del av Nedre Romerikes litteraturfestival «Litt av en fest» som er støtta av Viken Fylkesbibliotek.


Elizabeth Strout (f.1956) er ein amerikansk skribent og romanforfattar, busett i New York og Maine. Ho debuterte i 1998 med romanen Amy and Isabelle og har til saman gitt ut åtte romanar. Det store internasjonale gjennombrotet hennar kom med Olive Kitteridge (2015), som vann Pulitzer-prisen for beste roman i 2009. Romanen toppa The New York Times si bestseljarliste og vart seinare tilpassa som ein kritikarrosta miniserie, som vann fleire Emmy-prisar.


Den første boka om Lucy Barton, Eg heiter Lucy Barton (2016), vart nominert til Booker-prisen i 2016, toppa The New York Times si bestseljarliste og høsta strålande kritikkar internasjonalt. Lucy Barton vart seinare hovudkarakteren også i romanane Kva som helst er mogleg (2017), Åh, William (2022) og Lucy ved havet (2023).


Foto: Tone Gautefald Tveit, Ragnar Hovland og Tine Poppe

Comments 
00:00
00:00
x

0.5x

0.8x

1.0x

1.25x

1.5x

2.0x

3.0x

Sleep Timer

Off

End of Episode

5 Minutes

10 Minutes

15 Minutes

30 Minutes

45 Minutes

60 Minutes

120 Minutes

Åh, Elisabeth Strout! Åh, livet!

Åh, Elisabeth Strout! Åh, livet!

Bok & bibliotek