DiscoverSpråkoppdragetHeidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst
Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst

Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst

Update: 2024-09-25
Share

Description

Endeleg er det sesongopning av Språkoppdraget, og den første gjesten vår denne hausten er ein god kollega, som neste år feirar sølvbryllaup med Det Norske Teatret. Då har nemleg skodespelar Heidi Gjermundsen Broch jobba ved teateret i 25 år. Ho har spelt og sunge store roller i store musikalar, og har også spelt ei rekke andre roller på scenane våre sidan ho byrja jobbe her i år 2000. I denne episoden av Språkoppdraget kjem Heidi rett frå prøvar på stykket Eg føreslår av vi vaknar, basert på romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud, der ho speler hovudrolla som Vilde Berg. Ho tar oss med inn i prøveprosessen tre veker før premiere, fortel om korleis det er å lage teater av ein ny scenetekst, om kva det er med språket til Beate Grimsrud som er så fascinerande, og Heidi forklarar oss korleis ho lærar seg tekst. Det handlar om kontekst.


I denne episoden av Språkoppdraget får vi også høyre om korleis nynorsken hjelpte Heidi med å finne tilbake til Råde-dialekta og korleis dei to språka passar i lag, kva det har kosta å spele i store musikalroller - utan at det har vore eit offer – og kvifor det er viktig for ho, og vi får høyre om kva rolle som har betydd mest for ho. Vi snakkar også om pust, om boksing, om den største forskjellen på å synge og snakke på scenen, vi er ein tur innom Heidi på engelsk, og vi snakkar om korleis Heidi Gjermundsen Broch fann vegen inn i teateret. 




Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Comments 
00:00
00:00
x

0.5x

0.8x

1.0x

1.25x

1.5x

2.0x

3.0x

Sleep Timer

Off

End of Episode

5 Minutes

10 Minutes

15 Minutes

30 Minutes

45 Minutes

60 Minutes

120 Minutes

Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst

Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst