Å få tilbake trua
Description
Linn Helen skriver:
"Mine 4 fødslar har vore ei reise. Ei reise i verdiar, massive kjensler, natur vs unatur, grenser og ikkje minst i kraft ein innehar som kvinne, fødekvinne, barselkvinne, mor og reint menneske. Den eine fødselsopplevinga har lagt grunnlag for den neste, og ved den aller siste tok eg både makta og ansvaret 100 prosent. Til tross for at eg bærer med meg livslange traumer frå fyrste fødsel, er eg på mange måtar takksam for opplevinga av å miste og bli fråtatt alt av medbestemmelse og kvinneligheit. At grensene mine vart vaska vekk. Utan den opplevinga av å stå på utsida av seg sjølv, hadde eg ikkje stått støtt i dei tre neste fødslane. Den gjorde meg rusta til å stola på meg sjølv og prosessen, den genererte kraft til å finna tilbake til meg - og få tilbake trua på meg som instinktiv fødekvinne."
Instagram: @tveitegarden