Innflyttarar med store gryter
Description
Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det unge ekteparet på ein plass dei knapt nok visste eksisterte. Dei tok sjansen, flytta til øyriket i Ryfylkebassenget i 2015, og kan ikkje tenkja seg noko anna enn å bu på Rennesøy. Her sjonglerer dei livet som to-barnsforeldre, arbeidskollegaer og idéfellesskap, og er ikkje redde for å ta i eit ekstra tak for lokalmiljøet, ikkje minst for ungdomen. Dei vågar å gå i bresjen for å skapa gode møteplassar og arrangement, men trivst aller best når folk kjem på besøk. For middagen står alltid klar til kven som helst. Alvilde og Tom Egill Tobiassen lagar nemleg alltid rikeleg med mat, har god plass rundt bordet og storkosar seg med å bli kjent med fleire.




















