Merka for livet
Description
Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule var ikkje Jelsa ein aktuell stad å flytta tilbake til. Aldri i livet. Men, nå har ho budd på Jelsa dei siste ti åra, har mann, to barn og ikkje minst ein svær, gammal prestegard å ta seg av. Kva skjedde? Kvifor flytta Maren og familien him igjen?
I den nyaste utgåva av podcasten På ekta møter Tor Øyvind Skeiseid ei kreativ, utolmodig og energisk kvinne, som utan tvil sørger for at det er liv på Jelsa. 250 innbyggjarar lever i idyllen, ja det har bygda vunne prisar for. Men, Maren vil visa at det er noko attåt den idyllen. Hiv deg på hurtigbåten og bli med til Jelsa og bli med inn i Maren Landsnes sitt univers.




















