Natalie Bjerke Roland om Trump, Pippi og spel
Description
Dagens gjest har stått på scenen heile livet. Frå den tidlege starten med barnekor og teaterleik, har karrieren gått slag i slag for Natalie Bjerke Roland. Ho har spelt store musikalroller, vore å sjå i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og på film i den politiske satiren «Ingen kommentar».
På Det Norske Teatret står ho for tida på alle tre scenane og speler for utselde hus kveld etter kveld. I den afrofuturistiske framsyninga Sukker på Scene 2, i juleframsyninga Magic Mouse vs. Captitalism på Scene 3, og i Eurovision-musikalen Europavisjonar på Hovudscenen.
I sistnemnde briljerer ho som den amerikanske presidenten Donald Trump. Roland, som sjølv er halvt amerikansk, trudde først det stod feil på rollelista. Da ho forstod at det var riktig, brukte ho timesvis på YouTube for å finne sin indre Donald, både i røyst, kropp og ikkje minst dans. I Språkoppdraget fortel ho om korleis det er å bli bua på av publikum, som ho har blitt i Europavisjonar. Ho har også opplevd å få Trump-parodi i retur frå salen.
Til våren skal ho spele ei anna rolle absolutt alle har eit forhold til, nemleg hovudrolla som verdas sterkaste jente i musikalen Pippi på Sirkus. Dessutan skal ho spele Gudrun i «alle spels mor», Slaget på Stiklestad til sommaren. 2026 byr altså på to ting Natalie Bjerke Roland aldri har gjort før – så det klarar ho sikkert, med elskhug!
God lytt!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.






















