Traktor, tarmgass og tiltak i industrien
Description
Norske klimagassutslepp fell, sauer slepper ut mindre enn vi tidlegare har trudd, og norsk industri planlegg milliardar i nye klima- og energisparingstiltak.
Bakgrunnen er at SSB nyleg har lagt fram utsleppstala for 2024, og at Miljødirektoratet har godkjent industrien sine planar for kutt i utslepp og betre energibruk. Dette heng saman med at bedrifter som får CO₂-kompensasjon, heretter må bruke minst 40 prosent av støtta på slike tiltak.
Til saman planlegg norske industriverksemder å bruke rundt 30 milliardar kroner på nye klima- og energitiltak, ifølgje regjeringa.
– Det er betydeleg, men det skulle òg berre mangle. Industrien får enorme summar i CO₂-kompensasjon. Eg meiner alt burde gå til klima- og energitiltak, seier Anne Jortveit.
Episoden er òg innom Stortinget sitt nei til auka skatt på småkraftverk – og EUs nye klimamål. Kva vil det få å seie for Noreg? Og har dei som meiner at vi bør justere ned våre eigne klimaambisjonar, eit poeng?
Som alltid kårar vi vekas klimaks og antiklimaks.
Med i denne podkasten er:
- Anne Jortveit, nestleiar i Norsk klimastiftelse
- Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar i Norsk klimastiftelse
- Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse
Podkasten er teken opp torsdag 6. november.
Lenke til omtalte saker og nyttig bakgrunn:
- Er EUs nye klimamål ambisiøst? (Energi og Klima, 05.11.2025)
- EUs klimamål for 2040 kan bli 90 prosent – men med kvoter og en fransk nødbrems (Energi og Klima, 04.11.2025)
- Industribedrifter skal bruke milliardbeløp på klima- og energitiltak (Regjeringen.no, 05.11.2025)
- Norge har rapportert altfor høge utslepp frå sauer: 30 prosent kutt (Nationen, 05.11.2025)
- Stanford-professor med brannfakkel inn i norsk klimadebatt (02.11.2025)
- Vedum: – Dette kan bli tidenes tabbe i norsk klimapolitikk (DN, 05.11.2025)
- Høyre snur – krever at regjeringen bruker klimakvoter for å nå klimamål (DN, 31.10.2025)
- Batterigevinst på nær milliarden – tar nok et tap på Morrow (DN, 06.11.2025)
- Vindr oppgitt over vindkraft-nei ved motorsportsenter: – Hvis ikke her, hvor da? (Energiwatch, 06.11.2025)
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.




















